
Utstillingsopning eller konsert - eller begge delar!
Denne dagen byr me på både utstillingsopning og konsert, med høve til å ete middag i mellom.
Om
Velkomen til norsk-amerikansk sundag på museet i Morgedal!
Denne dagen byr me på både utstillingsopning og konsert, med høve til å ete middag i mellom.
Du kan anten delta på alt, eller velje det du finn mest interessant.
Utstillingsopning kl. 14.00
SKY CRASHERS – BRØRNE HEMMESTVEIT OG AURORA SKI CLUB
Historia om to kongepokalvinnarar frå Morgedal som var med på å starte den internasjonale hoppsporten i Amerika.
Velkomen ved Tarjei Gjelstad. Innlegg ved Torjus Sandåker og Tilman Hartenstein. Omvising i utstillinga.
Utstillingsopninga er gratis.
Høve til å spise middag i museumskafeen mellom tilstellingene, med lammeskank, røye eller viltkarbonade på menyen!
Konsert kl. 16.00
LAURA ELLESTAD OG OTTAR KÅSA: HARDINGFELA I NORD-AMERIKA
Opplev eit møte mellom den norske og den amerikanske hardingfeletradisjonen! Emigrantane til USA tok med seg si norske kulturarv – og hardingfela. I konserten vil Kåsa og Ellestad utforske den rike tradisjonen av slåttemusikk i både Noreg og Amerika med spesielt fokus på korleis det norske spelet har utvikla seg vidare «over dammen».
Ottar Kåsa er norsk hardingfelespelar og prisløna felemakar frå Arabygdi. Han er utdanna felemakar frå Ole Bull Akademiet på Voss. Musikkutdanning har han frå Folkekulturstudiet i Rauland. Laura Ellestad kjem opphavleg frå Canada, men har røter frå Ellestad i Valdres. Ho er både hardingfelespelar og forskar og underviser i folkemusikk på USN. No er ho òg den første folkemusikaren som har disputert for doktorgrad ved Noregs musikkhøgskule.
Konserten er eit samarbeid med Sørnorsk folkemusikksenter.
Inngang konsert: 200,-
Halv pris med museets årskort for 2026
Kontakt
Sted
Åpningstider
Utstillingsopning og konsert på Norsk Skieventyr i Morgedal
3. mai 2026
søndag: 14:00 - 15:00, 16:00 - 17:00
Praktisk informasjon
- Konsert
- Andre arrangement
- Museumsarrangement
Arrangementer i nærheten

Yoga - klassisk hatha
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal

17 mai feiring på Straand Hotel
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal

Slusecruise på Nisser og Vråvatn
Kviteseidvegen 1698 Vrådal, 3853 Vrådal

Slusecruise på Nisser og Vråvatn
Kviteseidvegen 1698 Vrådal, 3853 Vrådal

St. Hans feiring på Sommerland
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Kulturhistorisk seilas til Nissedal
Kviteseidvegen 1698 Vrådal, 3853 Vrådal

Vikingdag med Osebergskipet Åsa!
Kviteseid bygdetun, Fjågesundvegen 12, 3850 Kviteseid

Kunstkurs på Nutheim
Flatdalsvegen 1283, 3841 Flatdal

Kulturhistorisk seilas til Vråliosen
Kviteseidvegen 1698 Vrådal, 3853 Vrådal

Straand-Treffet 2026 - The motorcycle event of the year
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Straand Bilfinale 2026 - The Car event of the year
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Julebord med E-76
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal
Julaften
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Nyttårsaften
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal
Aktiviteter i nærheten

Vassparken i Morgedal
Morgedalvegen 159, 3848 Morgedal

Inngangsbillett - Norsk Skieventyr, Morgedal
Morgedalvegen 159, 3848 Morgedal

Øverbø, Morgedal
Vårstaulv 2, 3848 Morgedal

Norsk Skieventyr i Morgedal
Morgedalvegen 159, 3848 Morgedal

Vinter-OL: De kalde lekene
Vårstaulv 2, 3848 Morgedal

Museumskafé Morgedal
Morgedalvegen 159, 3848 Morgedal

Bjaaland Bygderestaurant
Vårstaulvegen 1, 3848 Morgedal

Velværeavdelingen på Morgedal Hotell
Haugivegen 4, 3848 Morgedal

Morgedal Hotel
Haugivegen 4, 3848 Morgedal

Morgedal Aktiv
Bygglandvegen 39, 3848 Morgedal

Morgedal Camping
Morgedalvegen 261, 3848 Morgedal

Øverbø - Sondres heim
Øverbø, 3848 Morgedal

Tveitgrendløypa
Tveitgrendvegen 60, 3850 Kviteseid

Kviteseidbyen
3850 Kviteseid

Kviteseid Brygge Kafé/Turistinformasjon
Kviteseidbyen, 3850 Kviteseid

Lindeviki padlehuk og kanocamp Telemarkskanalen
3880 Dalen

Siloen gårdsbutikk
Bygdaråvegen 550B, 3840 Seljord

Nutheim kunstutstilling
Flatdalsvegen 1283, 3841 Flatdal









