
Nutheim Gjestgiveri
Nutheim Gjestgiveri er eit lite familiedrive trehotell i hjartet av Telemark med lang tradisjon for å ta imot vegfarande til servering og overnatting. Staden har vore i familiens eige sidan 1917, og hotellet drivast no av Ellen Grøstad Barstad og hennar familie.
Om
Ta i bruk sansane og nyt smak, historie, estetikk og ro på Nutheim.
Nutheim, kunstnarhotellet i Telemark, er ope for deg som stikk innom for eit godt måltid, gjerne i kombinasjon med overnatting. Det passar også godt for grupper som ønskjer inspirasjon og hyggeleg vertskap. Opplev Mytiske Telemark gjennom eit besøk, og kombiner gjerne med gardsbesøk, fottur i det bratte lendet, ridetimar eller målekurs på Nutheim.
Eit besøk på Nutheim er ei sanseleg oppleving der gode måltid, triveleg overnatting, kunst, historie, lys, og motiv er vevd saman. Den gjestfrie staden byr på restaurant, galleri, kunstbutikk, ein vakker hage, møtelokaler, prestegard med kapell og ikkje minst ei fantastisk utsikt. Nutheim har tilsaman 20 rom fordelt på 6 bygningar. Her kan du overnatte på sjølve gjestgiveriet som i si tid var ein gammal skyss-stasjon, i Hjartdal gamle prestegard frå 1648, i gamle stabbur eller i kunstnarens eige atlier. Alle romma har originalkunst etter kjende kunstnarar som har budd og arbeidd i området, eit område som har tiltrekt seg kunstnarar sidan nasjonalromantikken. Atmosfæra er både upretensiøs og stilfull.
Nutheim gjestgiveri opna i 1877 og har vore i familien i fleire generasjonar. Då kunstnaren Erlend Grøstad saman med sin ektefelle Ninni overtok drifta i 1957 førde dei vidare det levande kunstnarmiljøet på Nutheim og heldt målarkurs kvar sommar. Staden er sterkt prega av Erlend Grøstad sin interesse for staden, kunsten, tradisjonar og Telemarkskultur.
Lidenskapen for mat, kunst og tradisjonar lev vidare gjennom dagens vertskap. Bilethoggar Ellen Grøstad Barstad og dottera Solveig driv saman denne perla av eit historisk kunstnarhotell. Kokkekunsten har gått i arv frå mor til dotter gjennom fire generasjonar, og matstilen er norsk med ein fransk touch gjerne med lokale råvarer.
Kontakt
Sted
Praktisk informasjon
- Hotell
- Gjestgiveri
- Pensjonat/Gjestegiveri
Arrangementer i nærheten
Boklansering: Tredje bind av Ole Blom
Fjågesundvegen 12, 3850 Kviteseid
Slåttefestivalen
Holmsvegebæn 89, 3690 Hjartdal

Markering av Sondre Norheim sin fødedag
Morgedalvegen 159, 3848 Morgedal

Sløydfest, Nordisk handverksfestival i Seljord
Jakob Naadlandsveg 33, 3840 Seljord

Handverksdagen
Jakob Naadlandsveg 33, 3840 Seljord

Slusecruise på Nisser og Vråvatn
Kviteseidvegen 1698 Vrådal, 3853 Vrådal

Kulturhistorisk seilas til Nissedal
Kviteseidvegen 1698 Vrådal, 3853 Vrådal

Vikingdag med Osebergskipet Åsa!
Kviteseid bygdetun, Fjågesundvegen 12, 3850 Kviteseid

Kunstkurs på Nutheim
Flatdalsvegen 1283, 3841 Flatdal

Kulturhistorisk seilas til Vråliosen
Kviteseidvegen 1698 Vrådal, 3853 Vrådal

Countryfestivalen i Seljord 22.-26. juli
Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord

Frivilligsamling 2027
Vatnelianvegen 201, 3850 Kviteseid

Vårmarknaden
Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord
Aktiviteter i nærheten

Sogevegen om Nutheim
Flatdalsvegen 1283, 3841 Flatdal

Nutheim Gjestgiveri Restaurant
Flatdalsvegen 1283, 3841 Flatdal

Nutheim kunstutstilling
Flatdalsvegen 1283, 3841 Flatdal

Nutheim Gjestgiveri
Flatdalsvegen 937, 3841 Flatdal

Utsiktspunktet i Flatdal
Flatdalsvegen, 3841 Flatdal

Jolemøte for bedrifter
3841 Flatdal

Nordbø Gard og Stule
Hundemyrvegen 68, 3690 Hjartdal
Kulturlandskapssenteret i Telemark
Rogrendvn. 13, 3690 Hjartdal

Holm Landhandel
Holmsvegen 102, 3690 Hjartdal

Hanakamjuvet
Gulnesvegen, 3840 Seljord

Egderudfossen i Hjartdal
Holmsvegen 155, 3690 Hjartdal
Nordbø pensjonat
Hjartdalsvegen 762, 3690 Hjartdal

Dyrskuplassen
Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord

Siloen gårdsbutikk
Bygdaråvegen 550B, 3840 Seljord

Seljord Hotell
Brøløsvegen 18, 3840 Seljord

Seljord
Brøløsvegen 28, 3840 Seljord

Seljordsvatnet rundt
3840 Seljord

Skorve
3840 Seljord

























