Utforsk Telemark

Grimdalstunet

TypeGuidet tur

Borsævegen 395 A, 3880, Dalen

Legg Grimdalstunet til i reiseruten din.

Fra NOK 60,00
Product Image
  • Product Image
  • Ulveskulptur av Anne Grimdalen, ute på Grimdalstunet.
  • Bjørneskulptur på ein autentisk fjellgard. Grimdalstunet, Vest-Telemark museum.
  • Product Image
  • Foto Luke Tennant
  • Skulptur av Anne Grimdalen, Grimdalstunet.
  • Jenta på hesten, skulptur av Anne Grimdalen, Grimdalstunet, Vest-Telemark museum.
  • Gamlestoga der Anne Grimdalen vaks opp, på Grimdalstunet.
  • Folk i kafeen på skulpturhuset, Grimdalstunet, Vest-Telemark museum.

Om

Fjellgarden Grimdalen ligg 630 m.o.h. med 10 hus og gardskvern. Det eldste huset er loftet frå 1676 og det yngste frå slutten av 1800-talet. Her ligg husa slik dei alltid har gjort, og dette gjere denne fjellgarden til eit viktig dokument på bygningar og funksjonar som måtte til på ein gard i Vest-Telemark i naturalhushaldets tid. Og så er det her Anne Grimdalen er fødd og oppvaksen, her vart eventyrjenta i norsk kunst forma.

Dei gamle husa er samla rundt eit større tun, med den gamle vegen gjennom tunet. Husa er plassert i høve til kvarandre etter tradisjon og funksjon. Uthusrekka og innhusa, badstoge og smie noko bort frå dei andre husa på grunn av brannfaren. Det vert lagt vekt på å ta vare på husa og landskapet rundt slik det var.

I den eine enden av tunet ligg Galleriet som presenterer kunstnaren Anne Grimdalen, men ein del av hennar skulpturar er også plassert ute framføre galleriet.

I underetasjen på Galleriet finn du ei utstilling med måleri om Draumkvedet av Karl Erik Harr. I tillegg er det her årlege salsutstillingar med aktuell kunst frå heile regionen.

Frå tunet går det ein godt opparbeid turstig som har plakatar med informasjon om dyre- og planteliv.

Grimdalstunet ligg ca 9 km frå Dalen ved riksveg 45. Riksveg 45 går frå Dalen – forbi Grimdalstunet og over til Setesdal. Det er ein del av Suleskarvegen over til Stavanger.

Heimen til Anne
Om sumaren er det omvisning i Gamlestoga, der Anne budde i oppveksten. Folk får sjå korleis Anne levde og korleis livet var på ein fjellgard for 100 år sidan. Inventaret er slik det var då Anne voks opp. Dei som vitjar tunet, gjev ofte uttrykk for verdien av å sjå oppvekstsvilkåra til kunstnaren – for så å ha omvising i galleriet.  

Anne Grimdalen (1899 - 1961)
Bilethoggaren Anne Grimdalen vart fødd i 1899 på garden Grimdalen i Skafså i Tokke kommune. Ho voks opp i ein syskenflokk på 10. Som ung jente reiste Anne til Oslo. Ho gjekk på fyrst på Kunst- og Handverkskulen og seinare Kunstakademiet. Samstundes måtte ho jobbe som hushjelp for å klare seg økonomisk. Hennar historie, frå oppveksten her på den avsidesliggjande fjellgarden Grimdalen, til gjennombrotet som kvinneleg kunstnar er nesten utruleg. Det skjedde i 1938. Då vann Anne konkurransen om utsmykking av Oslo Rådhus og blei landskjend.
Anne er òg kjend for dei mange barne- og dyreskulpturane ho har laga, og vert rekna som den norske bilethoggaren som er representert med flest arbeid i utlandet.
Anne Grimdalen døydde i Oslo - 61 år gamal. Ho var ugift. Etter hennar død blei det bygd eit galleri på garden Grimdalen der ho voks opp. Galleriet opna i 1973 og her er mange av skulpturane hennar samla.

Kunstmålar Henrik Sørensen kalla Anne Grimdalen for Eventyrjenta i norsk kunst. Det seier noko om kva kunstnarpersonlegdom Anne Grimdalen var.

Me tar i mot førehandstinga grupper heile året.

Fasiliteter

Aktiviteter

  • aktivitetsløype
  • Guiding
  • natursti

Forretningstilbud

  • håndverk
  • husflid
  • kunst
  • kunstbøker
  • kunsthåndverk

Generelle fasiliteter

  • butikk
  • gratis parkering
  • kafé
  • omvisning av anlegget
  • parkeringsplass ute - gratis
  • sesong
  • wc

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • husflid
  • husflidsutstilling
  • malerier
  • omvisning etter avtale
  • skulpturer
  • utsalg

Natur og terreng

  • barskog
  • kulturlandskap
  • skog

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Grupper Min. 10 stk. Kr. 500,- i omvisargebyrNOK 60,00 pr. person

Med forbehold om prisendringer.

Kart

Kontakt

+47 35 06 90 90

Også i nærheten

  1. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    5.27 km Unna
  2. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    5.61 km Unna
  3. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    7.48 km Unna
  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    7.57 km Unna
  2. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    26.39 km Unna
  3. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    40.38 km Unna
  4. Gaustatoppen

    Gaustatoppen er et av Norges vakreste fjell og byr på utsikt utover 1/6 av Norge!…

    63.29 km Unna
  5. Rjukan's historie

    Den vakre, uregjerlige Rjukanfossen hadde kraften. Ingeniøren Sam Eyde og…

    63.69 km Unna
  6. Solspeilet


    Nå har Rjukan sol hele året. Oppe i fjellsiden er det montert et digert solspeil som…

    64.28 km Unna
  7. Fruktbygda

    Velkommen til Fruktbygda. Området i Telemark og landet hvor frukten smaker mest. Her…

    69.24 km Unna
  8. Heddal Stavkirke

    Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…

    71.79 km Unna
  9. Hardangervidda nasjonalpark

    Velkommen til Norges største nasjonalpark Hardangervidda.

    87.66 km Unna
  10. Porselensmuseet Porsgrunn

    På Porselensmuseet i Porsgrunn blir du invitert inn i en verden av håndverk og historie,…

    100.48 km Unna
  11. Porsgrunds Porselænsfabrik - fabrikkutsalg

    Norges eneste porselensfabrikk, Porsgrunds Porselænsfabrik, ligger i Porsgrunn og er…

    100.48 km Unna
  12. Edvard Munch

    I 1998 ble det på et utsiktspunkt på Skrubben reist en skulptur til minne om Edvard…

    102.76 km Unna
  13. Gea Norvegica Geopark

    Gea Norvegica Geopark er Skandinavias første UNESCO godkjente geopark. 
    Geoparken ligger…

    102.78 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av