Utforsk Telemark

Kviteseid bygdetun

TypeUtstillinger

Fjågesundvegen 12, 3850, Kviteseid

Legg Kviteseid bygdetun til i reiseruten din.

Fra NOK 55,00
Bur og loft Kviteseid bygdetun
  • Bur og loft Kviteseid bygdetun
  • Folksomt foran Utsondhalli, utstillingsbygget, Kviteseid bygdetun, Vest-Telemark museum.
  • Kviteseid bygdetun sommarstid
  • dronebilde av Kviteseid bygdetun på høsten
  • Flekstveitstoga på Kviteseid bygdetun
  • Konsert på Kviteseid bygdetun, Vest-Telemark museum.
  • Utsondhalli og inngangen til Kviteseid bygdetun.
  • Utsondhalli, utstillingsbygget på Kviteseid bygdetun
  • skulptur
  • Helferd, skulptur av Gunnar Utsond, Kviteseid bygdetun, Vest-Telemark museum.
  • vinter på Kviteseid bygdetun

Om

Kviteseid bygdetun er eit av dei eldste friluftsmusea her i landet, og vart etablert attende i 1907. Samlinga formidlar 12 ulike bygningar som er flytta hit frå ulike gardar. Her finn du blant anna Tveitloftet frå før svartedauden og Flekstveitstoga.

I Utsondhalli vert bilethoggaren Gunnar Utsond presentert, i tillegg til skiftande utstillingar. 

Bygdetunet ligg rett ved Kviteseid gamle kyrkje og Kviteseid gard. Den gamle steinkyrkja vart bygd rundt 1172 og er ei av to steinkyrkjer frå mellomalderen i Vest-Telemark. Staden var lenge eit økonomisk, politisk, religiøst og kulturelt sentrum i Vest-Telemark, strategisk plassert der landevegen og vassvegen kryssar.

Kviteseid bygdetun skal gje eit inntrykk av korleis ein velståande gard såg ut for omlag 200 år sidan. Hovudhuset er Flekstveitstoga, der fyrste høgda er frå 1600-talet, medan andre høgda vart bygd på i 1738.

Stoga nede er rosemåla av «den fyrste rosemålaren i Telemark» Talleiv Halvorson Espetveit (ofte berre kalla «Talleiv Målar»).

Av andre hus kan ein nemne Tveitloftet frå 1300-talet, Flekstveitloftet frå 1700-talet og vesleburet frå 1500-talet.


Utsondhalli
Bilethoggaren Gunnar Karelius Utsond vart født i Kviteseid i 1864 og vaks opp på plassen Utsond. Han vart elev på Teikneskulen i Oslo under Julius Middelthun allereie som 17-åring. Gunnar Utsond utdanna seg til tannlege, men det var arbeidet kunsten og skulpturane som tok mesteparten av tida hans.

Gunnar Utsond debuterte på haustutstillinga med skulpturen «Gut som spikkar».

Utsond er best kjend for skulpturen «Helferd» som vann gullmedalje ved verdsutstillinga i Paris i år 1900. Anna arbeid er bl.a. «Havet gav sine døde tilbake» og monumentet over Johan Sebastian Welhaven. Kunstakademiet vart stifta i 1909, og fram til 1921 hadde Gunnar Utsond den fyste professorstilling ved akademiet.

Det blir sagt at i sine fyrste arbeid var Utsond nyromantikar med sterk sans for naturalismen. Seinare vart det ein friare haldning til motiv og komposisjon. I hans siste år blir uttrykket meir omtalt som grotesk symbolisme.

Gunnar Utsond gav skulpturane sine til Kviteseid kommune før han døydde og desse er i dag samla i Utsondhalli på Kviteseid bygdetun.

Les også: Dei fire store - Bilethoggarar frå Vest-Telemark

Kviteseid gamle kyrkje
Kviteseid gamle kyrkje er ei steinkyrkje bygd i romantisk stil – frå 1100-talet og er vigd til St. Olav. I mellomalderen vart det bygd flest trekyrkjer (stavkyrkjer). Steinkyrkjer vart særskild reist i maktsentra.
Kviteseid gamle kyrkje var hovudkyrkje i prestegjeldet, og ligg der vassvegen og landevegen aust-vest kryssar. Rett nedom kyrkja var også ein viktig handelsplass Kauphamar også kalla Hollendarodden.

Les kva Kviteseid historielag skriv om den gamle kyrkja.

Museet er ope i sommarsesongen. 

 

Fasiliteter

Generelle fasiliteter

  • servering

Kirketyper

  • steinkirke

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • bygdegård
  • kulturhistorie
  • omvisning etter avtale
  • omvisning i åpningstiden
  • skulpturer

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Born 6-15 årNOK 55,00 pr. person
FamiliebillettNOK 280,00 per dag
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr. 850,-NOK 90,00 pr. person
Honnør/studentNOK 90,00 pr. person
VaksenNOK 110,00 pr. person

Med forbehold om prisendringer.

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Sommarsesong med faste omvisingar tun og kyrkje kl. 12, 14 og 16 (25 Jun 2026 - 15 Aug 2026)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Søndag11:00 - 17:00

* Omvising for grupper kan tingast heile året (booking@vtm.no), så sant vér, føre og kapasitet tillet det.

Også i nærheten

  1. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    14.80 km Unna
  2. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    16.04 km Unna
  3. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    16.97 km Unna
  1. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    27.67 km Unna
  2. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    30.30 km Unna
  3. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    30.49 km Unna
  4. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    30.76 km Unna
  5. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    30.78 km Unna
  6. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og…

    30.82 km Unna
  7. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    30.97 km Unna
  8. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    32.88 km Unna
  9. Fruktbygda

    Velkommen til Fruktbygda. Her finner du blant mye godt og vakkert Norges beste eplemost,…

    37.07 km Unna
  10. Z-Museum

    Besøk Z-Museum i Treungen, Telemark. Opplev over 50 temautstillinger med sjeldne biler,…

    38.19 km Unna
  11. Ulefos Hovedgaard

    Ulefos Hovedgaard - et hvitt smykke midt i Telemark

    41.87 km Unna
  12. Heddal Stavkirke

    Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…

    44.62 km Unna
  13. Heddal Bygdetun

    Opplev Heddal Bygdetun med 15 historiske bygg fra middelalderen og frem til 1930, unike…

    44.96 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av