Utforsk Telemark

Fyresdal bygdemuseum

TypeMuseum

Meieribakken 1, 3870, Fyresdal

Legg Fyresdal bygdemuseum til i reiseruten din.

Fra NOK 0,00
Gamle gårdsbygg
  • Gamle gårdsbygg
  • Rasteplass på Fyresdal bygdetun
  • Interiør, stoge frå Borgen. Fyresdal bygdemuseum.
  • Låvebru
  • Sommarstemning i Øyskogen. Fyresdal bygdemuseum.
  • Kalståvikfurua på Fyresdal bygdemuseum.
  • Statue
  • Mann tar inn omgivelsene på Fyresdal Bygdemuseum.
  • Loft og bur på Fyresdal bygdemuseum.

Om

Fyresdal bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Det ligg vakkert til i Øyskogen, ein park i sentrum av Fyresdal.

Bygdemuseet har bygningar og gjenstandar frå mellomalderen og frametter, og gjev glimt frå den eldste historia til Fyresdal.

Gravhaugane
I hundrevis av år har Øyskogen vore heilag grunn.

For akkurat her finn me eit av Noregs vakraste gravfelt frå folkevandringstid.
Det er ingen tvil om at det har vore ein sentral kultstad i historisk tid.

Å byggje ein gravhaug var ei viktig religiøs og politisk handling. Den var eit maktsymbol både for personen som ble hauglagt, for ætta og bygda.
Men haugen var også ein kultstad for å oppnå direkte kontakt med både forfedrane og gudane gjennom blót.

Ein gravhaug kunne variere i storleik, og ein trong god planlegging og godt med arbeidskraft og ressursar for å byggje ein.

Folk hadde ikkje råd til å byggje store flotte haugar til alle, og difor vart oftast berre ein i kvar generasjon hauglagt. I folkevandringstida var det også vanleg å ha større felt med haugar, som her i Øyskogen.

Ein trur at gravhaugane i Fyresdal er bygd i yngre jernalder, det vil seie frå 400 – 600 etter Kristus. Det betyr at nokre av haugane kan vere 1600 år gamle.

Folkestadbyen
I andre halvdel av 1800-talet vaks det fram ein «by» i Fyresdal - Folkestadbyen.

Folk flytta fra gardane og søkte lønsarbeid, til dømes i skogbruket, og slo seg ned der det var høve til handel og transport. Byen oppstod kring handelslaget på Folkestad, som knutepunkt mellom båttrafikk på Fyresdalsvatnet og køyrevegen til Bandakslid.

I 2015 blei det sett opp skilt så ein kan ta ein «byvandring» i Skippergata og Lensmannsgata, og lese om dei einskilde husa der.

 

Fasiliteter

Aktiviteter

  • turstier

Generelle fasiliteter

  • åpent utenom åpningstid, etter avtale

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • omvisning etter avtale - Kontakt Fyresdal turistinformasjon tlf 35041455 eller VTM tlf 35069090

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Barn (0-16 år)Gratis
Voksne (fra 16 år)Gratis
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr 850,-NOK 90,00 1 person

Med forbehold om prisendringer.

Kart

Kontakt

+ 47 35 06 90 90

Åpningstider

Bygningane er opne for innsyn tysdag til sundag kl 11:00 - 17:00 (25 Jun 2026 - 15 Aug 2026)
DagTider
Ope med omvisar (1 Jul 2026 - 31 Jul 2026)
DagTider
Fredag - Søndag11:00 - 15:00

* Omvising for grupper kan tingast heile året (booking@vtm.no), så sant vér, føre og kapasitet tillet det.

Også i nærheten

  1. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    21.15 km Unna
  2. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    26.27 km Unna
  3. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    29.30 km Unna
  1. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    29.85 km Unna
  2. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    30.82 km Unna
  3. Z-Museum

    Besøk Z-Museum i Treungen, Telemark. Opplev over 50 temautstillinger med sjeldne biler,…

    31.14 km Unna
  4. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    31.51 km Unna
  5. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    31.71 km Unna
  6. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    37.49 km Unna
  7. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    38.03 km Unna
  8. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    42.96 km Unna
  9. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    45.83 km Unna
  10. Vinjesenteret

    Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…

    50.83 km Unna
  11. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    54.15 km Unna
  12. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    56.90 km Unna
  13. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    56.95 km Unna
Previous Next

Se også

Vest-Telemark museum EidsborgEit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong.

Åmdals Verk gruver, TokkeÅmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for. Bli med oss på ei spanande vendring inne i gruvene, eller sjå rørlege modellar som visar koparproduksjon.

Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle, VinjeVinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum. Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit museum, med ei stor samling måleri etter Henrik Sørensen og Harald Kihle.

From Øyfjell bygdemuseumØyfjell bygdemuseum, VinjeBygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i Mostøylstoga. Det unike museumsbygget frå 1931 har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi.

Kviteseid Open air MuseumKviteseid bygdetun, KviteseidKorleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av dei finaste stabbura i heile Telemark! Her er også ei skulpturutstilling etter Gunnar Utsond.

Myllarheimen, VinjeMyllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best kjend som Myllarguten, levde dei siste åra av livet sitt.

Dyre Vaa-samlingane i Rauland, VinjeSamlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av bilethoggaren Dyre Vaa.

Skinnarlandsamlinga på Rauland, VinjeSkinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av skulpturar, teikningar og grafikk. Museet syner og ein kopi av atelieret hans i Rauland. I tillegg er det kvart år nye sær- og salsutstillingar.

Eidsborg stavkyrkje, TokkeSjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising tre gonger dagleg i høgsesong. Utanom høgsesong er det omvising etter behov/avtale.

Ikke gå glipp av