Vesaaskurven er ei lita familiebedrift som starta i 1993. Det starta med eit ynskje om å finne fleire bruksmåtar for sauekjøtet. I Vest-Telemark var det før i tida vanleg å lage kurv for å nytte alt sauekjøtet når det blei slakta heime. Det viste seg at at dette var mat som mange framleis likar – enkel, god og rein middagsmat.
Den mest tradisjonelle måten å bruke Vesaaskurv på er som middag med potet og kålrotstuing, gulrostuing eller kålstuing. Det som er godt inntil pinnekjøt er også godt inntil Vesaaskurv. Den kan også brukast som burger, i salat, supper, sprøsteikt i terningar som tapas osv.
Vesaaskurven er laga etter ei gamal oppskrift frå Vesås i Vinje, og blir røykt i eldhuset på Vesås. Den inneheld kun kjøt av sau og lam, samt krydder.
Produkt:
Vesaaskurv - einerrøykt middagspølse av sau- og lammekjøt. Inneheld kun kjøt og krydder, ikkje mjølk eller mjøl.
Sesong:
Heile året.
Utsalgssted:
Butikk, Reko-ring, heimafrå og levering ved større bestillingar.
Daglig leder:
Åsne Vesaas
Sist viste
Lokal mat
Lokalmat Telemark består av 27 produsenter fra hele Telemark med et bredt utvalg av mat og drikke…
Gaveartikler
Kragerø har fått et spennende nytt tilskudd – nemlig Torghandleriet, en lokalproduktbutikk som…