Her får du ein jolekonsert med alle dei viktigaset ingrediensane: lokale jolemusikarar, jolesalmer, jolecountry, joleblues, jolefolkemusikk, jolejazz og Jul i Svingen!

Denne kvintetten beståande av Telemark sine komande jolestjerner reise på turné med sine favorittar! Konserten har eit breitt repertoar som passar eitkvart forhald til jolestria. Denne kjenslemessige og musikalske berg-og-dal-banen er til å bli like lukkeleg, varm, mett og kanskje litt kvalm av som riskremen på jolekvelden!

Døra opnar: 18.00
Konsertstart: 19.00

Medverkande: Audun Rørmark (fele, vokal), Symre Taugbøl Bang (gitar, vokal), Torjus Gravir Klykken (bass) Tov Espelid (gitar, vokal) og Jon Espelid (trommer)