Om

Garnbutikken Nøsteriet i samarbeid med Vest-Telemark museum inviterer til kurs med diagramteikning som tema. Målet med kurset er å gjere deg litt tryggare på å utforske teikning av eigne diagram til strikka plagg.
Her blir det fem timar med teoretisk og praktisk arbeid, og med innslag av både omvising i strikkeutstillinga på museet og ei god lunsjpause.

INNHALD
Teori: Vi går gjennom tips, fallgruver, praktiske ting å tenkje på i prosessen, m.m.
Praksis: Vi testar ut saman i trygge omgjevnader med oppfølging undervegs i prosessen.

Kva er inkludert? Eit utval av garn og tilbehør er tilgjengeleg på museet. Det vil bli servert ein lett lunsj.
Det er ein fordel at du har vore innom strikking før og kan grunnleggjande teknikkar. Er du usikker på om det passar for deg kan du sende ei melding på e-post.

Ynskjer du å teikne digitalt, ta med nettbrett eller pc.

Datoane ein kan velje mellom er 18. oktober eller 1. november, begge dagane frå kl. 12:00-17:00.
Oppmøtestad er Vest-Telemark museum Eidsborg.
Pris: kr. 100,-.
Påmelding og spørsmål rettast til Ida Fosse Nykaas på [email protected]