
Om
Badstoga kan leigast for 2 timar av gangen. Pris oppgitt er totalpris for 2 timar, ikkje pr person. Vel priskategori utifrå kor mange de er når du bookar.
1-5 personar kr. 400,-
6-10 personar kr. 700,-
11-15 personar kr. 1000,-
Presisering av hygienereglar:
– Alle må dusje før ein går inn i badstoga!
– Personar med symptom på luftvegsinfeksjon (hostar eller nys) har ikkje adgang.
– Ha på badetøy og sitt på handkle på benken!
DROP-IN KVAR ONSDAG FRÅ 18:00-20:00
Dersom du anvender badstoga meir enn to gonger i månaden, anbefalar me å kjøpe drop-in medlemskap!
BOOK SORIA MORIA DROP-IN MEDLEMSKAP
For alle
Soria Moria skal vere eit samlingspunkt for alle – ein stad for kvile og refleksjon, for møte og samtale. Det vere seg lokalbefolkninga som arrangerar saunakvelder, hotellgjesten som kan rusle i slåbrok gjennom parken, vandraren som kjem ned frå fjellet eller den slitne syklisten etter å ha tråkka oppover kanalen.
Kor ligg badstoga?
Badstoga ligg nydeleg til på Dalen i Telemark, ved innsjøen Bandak. Sjå kartet her
Parkering på p-plass for friluftsområde i Markensvegen, så går du ned siste stykket fram til badstoga (200 meter). Parkering nede ved badstoga for rørslehemma etter avtale.
Kva må ein ha med?
– Handkle, gjerne to, så har du eitt å sitje på i badstoga og eitt til å tørke deg med
– Badetøy
– Badekåpe om du har (det er 200 meter å gå frå sanitærbygg med dusj/toalett og ned til Soria Moria)
– Badesandaler/sko
– Pose til vått badetøy og våte handkle
– Lue til etterpå viss det er kaldt
– Drikkevatn
– Lommelykt til mørke haust og vinterkveldar kan vere lurt
Kor mange er det plass til?
Soria Moria har plass til maks 15 personar pr booking (då er det kanskje ein fordel å kjenne einannan godt!)
Gåvekort Soria Moria
Ynskjer du å gje Soria Moria tid til nokon du er glad i? Sjå bookingkalenderen vår! Kontakt oss på e-post [email protected] eller tlf. 35 07 56 56 om du har spørsmål.
Kor hentar eg og leverer nøkkelen?
Det vil du få informasjon om på e-post når du har booka tid.
Kan ein drikke alkohol i badstoga?
Ja det er tillatt i moderate mengder inne i sjølve badstoga når du har booka den, men ikkje ute.
Er det toalett og dusj i badstoga?
Nei, ikkje i badstoga, men me har eit sanitærbygg ca. 200 meter frå Soria Moria, ved parkeringsplass der du går ned til badstoga (sjå kart). Her er det dusj med varmt vatn, toalett og handikaptoalett. Nøkkel til sanitærbygget får du saman med saunanøkkelen.
Korleis blir badstoga varma opp?
Badstoga varmast opp av ein Harvia elektrisk badstogeomn med effekt på 33kW.
Me sørger for at badstoga er slått på og god og varm til du kjem!
Veginformasjon Eidsborgberget
Heilt stengd:
13. april – 29. mai
Delvis ope:
juni – 3. juli
Vegen er open kl. 20.00–08.30 og kl. 14.30–16.00.
Fredagar opnar vegen kl. 14.30 og er open heile helga fram til måndag kl. 08.30.
Heilt ope:
Sommarferien (veke 28, 29, 30 og 31)
Sosiale media
Om du postar bileta dine frå sauanopphaldet på sosiale media og brukar #soriamoria #soriamoriasauna #visitdalen blir me veldig glade, og me kan love deg mange likes!
Velkommen!
Sted
Praktisk informasjon
- Natur
- Badstue flåte
- Andre aktiviteter
- Opplevelse
- Rekreasjon/behandlingssenter
- Badstue
- I naturen
- På elv og vann
Arrangementer i nærheten

Glade Maidagar på Dalen 18. og 19. mai
Lastein Bryggje, 3880 Dalen

Opningsarrangement på Vest-Telemark museum Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Våronn med museumsbonden 2026
Museumsvegen 9, Eidsborg, 3891 Høydalsmo

Oldemors Gatefrukost på Dalen
Dalen Sentrum, 3880 Dalen
Klypping av sau på gamlemåten
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid, sylvarbeid og smiing
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ljåslått, hesjing og kinning av smør
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid med hest, koking og ysting av ost
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Bandvev i husmannsstoga og smed i smia
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Lefsebaking, skoing av hest, karveskurd og åkerarbeid
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Garving av skinn og heimelaga såpe
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Treskurd og smiing på husmannsplassen
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Bandvev i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Slåttedagar: Slått og hesjing på museet
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og metallknipling i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ringblomstsalve, gamle tonar og baking av potetlompe
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og smiing av knivblad
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ysting av kvitost og arbeid på åkeren
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Aktiviteter i nærheten

Bufjordstigen på Dalen
Dalen Bryggje, 3880 Dalen

Familieferie i Langesund
3970 Langesund

Dalen Hotel
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Dalen Hotel
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Restaurant Bandak, Dalen Hotel
Hotellvegen, 3880 Dalen

Dalen Bryggjekafé
Storvegen 2, 3880 Dalen

M/S Henrik Ibsen
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Telemarkskanalen Skipsselskap – M/S Henrik Ibsen
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Kano - og kajakkutleige på Dalen
Aasmund Nordgaards veg 6, 3880 Dalen

Dalen Bed & Breakfast
Aasmund Nordgaards veg 6, 3880 Dalen

I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg
3880 Dalen

Visit Dalen - Dalen Turistkontor
Aasmund Nordgaards veg 1, 3880 Dalen

Fiske i Mosvatn og Bessevatn
Hotellvegen 16, 3880 Dalen












































