Om

Vest-Telemark museum Eidsborg opnar dørene 1. mai som vanleg, men grunna stengt veg i Eidsborgkleivane i mai, er opningsarrangementet lagt til laurdag 30. mai.
Denne dagen vil publikum få ein presentasjon av årets nye utstilling som er vigd strikkedesignar Irene Hauglands liv og verk. 

PROGRAM:

Velkomen til ny sesong, ved direktør Dag Rorgemoen
«Eit eventyr i fargar, mønstre og komposisjon» ved Benedikte Nes, prosjektansvarleg for ny utstilling
Om symbolikk i folkekunsten og i årets utstilling ved Jeanette Knedahl, student i historie ved USN 
«Ho som elskar fargar» – eit intervju med strikkedesignar Irene Haugland. 

Musikkinnslag ved det unge talentet Hanna Haugen frå Lårdal. 
 

Vår flotte knivutstilling, som er ein del av hovudutstillinga på museet, er også oppdatert i år. 

Velkomen til ein ny museumssesong!

Inngang: vanleg museumsbillett