Om

Liosmia på museet i Eidsborg er open i dag, og Tore fyrar opp.

Han har knivmaking som hobby, og lagar bruksknivar for jakt og friluftsliv. Tore lagar både handsmidde blad, skaft og slirer sjølv.
I dag vil han smi knivblad. Stikk innom for å oppleve prosessen, og kanskje får du prøve å banke litt sjølv også.

I husmannsstoga vil Anne Marit Sørby og Heidi Naper frå Kviteseid husflidslag demonstrere veving og slenging av sokkeband.
Velkomen innom!