
Telemarkfestivalen 2026 | Kurs
Om
Sundag 9. august kan du bli med på mange spennande kurs på Evju bygdetun. Alle kursa finn stad mellom kl 11:00 og kl 14:30. Ein nydeleg lunsj med ureist mat frå Evju bygdetun er inkludert i kursavgifta.
Kvedarkurs med Anne Gravir Klykken
335,- inkl. bill.avg. / 10 plassar
Velkomen til kurs i folkesong frå Telemark! Kurset blir ei uhøgtideleg samling der deltakarane syng seg
gjennom stubbar, viser, slåttestev og bånsullar frå Telemark med Anne Gravir Klykken som kursleiar. Kurset vil sveipe innom stiltrekk og historie knytt til songforma. Kurset kan passe både for deg som er nybyrjar, og for deg som er meir trena!
Kurs i blågras-gitar med Jon Solberg
335,- inkl. bill.avg. / 8 plassar
Jon Solberg er gitarist, låtskrivar og songar med minst ein fot planta i bluegrass- og country-verda. Kurset er for deg som har lyst til å lære meir om denne drivande, rytmiske musikken. Jon lærer deg det han har tatt med seg på blågras-vegen gjennom å lytte til gitaristar som Doc Watson, Tony Rice, Maybelle Carter, Bryan Sutton, Molly Tuttle, Billy Strings og mange fleire. Du treng ein kassegitar, eit plekter og lyst til å spele god musikk.
Kurs i hardingfele med Håkon Høgemo
335,- inkl. bill.avg. / 8 plassar
Håkon Høgemo er ein av landets fremste spelemenn. Dette kurset er retta mot deg som har spelt ei stund, og som ønskjer å fordjupe deg i hardingfeletradisjonane frå Hardanger og Indre Sogn. Her får du lære stil, teknikk og uttrykk gjennom tett oppfølging frå ein sann meister i faget.
Kortkurs i plantefarging av garn med Ingvild Flottorp
435,- inkl. bill.avg. / 8 plassar
Få ein kort og spennande introduksjon til plantefarging under Telemarksfestivalen. Planterikdomen i Evju sitt nærområde er base for farging av ullgarn. Materialkostnader er inkludert i prisen. Kanskje du får lyst til å prøve meir etter denne dagen?
Kortkurs i rosemåling med Bjørg Oseid Kleivi
335,- inkl. bill.avg. / 10 plassar
Det er lange og stolte tradisjonar for rosemåling i Telemark, og no får du høve til å lære frå ein av dei fremste i faget. Bjørg Oseid Kleivi held kurs der deltakarane får ei grundig innføring i grunnleggjande rosing.
Gjennom kurset får du bli kjend med dei klassiske formene, fargane og teknikkane som har prega Telemarks-tradisjonen i generasjonar.
Velkomen!
Sted
Åpningstider
Nye Sjodar, Evju Bygdetun
9. aug. 2026
søndag: 11:00 - 14:30
Praktisk informasjon
- Festival
Arrangementer i nærheten

Telemarkfestivalen 2026 | Tingingsverk: «Hornblend»
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Telemarkfestivalen 2026 | Tingingsverk: «Viser frå før»
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Telemarkfestivalen 2026 | Opningskonserten
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Telemarkfestivalen 2026 | Sam Amidon
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Telemarkfestivalen 2026 | Eilev Groven Myhren og Anne Svånaug Blengsdalen
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Telemarkfestivalen 2026 | Songliner – med songen i gåve
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Telemarkfestivalen 2026 | LaurdagsFOLK
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Telemarkfestivalen 2026 | Borgjakonserten: Alf Tveit & Håkon Høgemo
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Telemarkfestivalen 2026 | Eivind Groven – 125 år: Groven Myhren, Kåsa, Johansen
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Telemarkfestivalen 2026 | Jonas Alaska med Johanne Flottorp
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Langkjøring med Geir Schau LIVE
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Tom Jackie Haugen: Oppvekst og Forfall
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Geir Aker: Tillit er beredskap - hver handling teller
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Ingebjørg Bratland
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Riksteatret: Ubesvart anrop
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Odd Nordstoga: Før du går
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Teater Ibsen: Brødrene Løvehjerte
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Grand Kyiv ballet: Nøtteknekkeren - Symfoni av lys
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark
Aktiviteter i nærheten

Restaurant Bø Hotell
Gullbringvegen 32, 3800 Bø i Telemark

Bø Hotell
Gullbringvegen 32, 3800 Bø i Telemark

Turistkontoret i Bø
Bøgata 52, 3800 Bø i Telemark

Fiskemuligheter i Midt-Telemark
Bøgata 52, 3800 Bø i Telemark

Solsida
Sluseveien 24, 3825 Lunde

Dattebayo Bø
Folkestadvegen 1, 3800 Bø i Telemark

Beverøya Camping
Gvarvvegen 80, 3801 Bø

First Camp Bø - Telemark
Lifjellvegen 51, 3800 Bø i Telemark

Høyt & Lavt Klatrepark Bø i Telemark
Lifjellvegen 51, 3804 Bø i Telemark

Bø Sommarland - Skandinavias største badeland!
Steintjønnvegen 2, 3800 Bø i Telemark

Folkestadåsene

Langrenn på Lifjell
Lifjellvegen 833, 3804 Bø i Telemark

Lifjell Skisenter og Vinterland
Lifjellvegen 833, 3804 Bø i Telemark

Øysteinnatten Lifjell
3800 Bø i Telemark

Arctic Dome hos Svenseid Alpakka
Haugenvegen 3, 3825 Lunde

Nordlys lavvo hos Svenseid Alpakka
Haugenvegen 3, 3825 Lunde

Svenseid Alpakka
Haugenvegen 3, 3825 Lunde





