
Soger og tradisjonsspel på Grimdalstunet
Njåls Saga, forteljingar om "tante Anne" og hardingfelespel.
Om
Sundag 9. august kl. 15.00 kan du oppleve Njåls Saga og forteljingar om «tante Anne» på Grimdalstunet. Forteljar Tjodun Felland vil framføre Njåls Saga. Etter framføring av Njåls saga spelar Ørjan Mo Grimdalen på hardingfele og Anne Mo Grimdalen og May Mo Grimdalen fortel om «Anne Grimdalen – tante Anne – sett og høyrt i familien". Vel møtt til ein flott ettermiddag på Grimdalstunet.
Tokke Bygdekvinnelag – Styret i Anne Grimdalens Minne – Tokke Historielag
Omtale
Anne Grimdalens Minne, Tokke Bygdekvinnelag og Tokke historielag inviterer sundag 9. august til ein triveleg, spennande og hyggeleg ettermiddag på Grimdalstunet.
Kom og høyr Njåls saga framførd av forteljar Tjodun Felland. Njåls saga er den mest berømte av dei islandske ættesagane og blir rekna som dronninga av dei islandske ættesogene. Den skildrar eit samfunn der ære, lov og hemn styrer skjebnen. Gunnar frå Lidarende og Njål representerer kvar si tru; Gunnar er gamaltruande – og meir tilbøyeleg til hemn; medan Njål er kristen – og difor blir framstilt som meir fredsæl.
Etter møtet med Njål vil Ørjan Mo Grimdalen spele fengande tonar på hardingfele. «Tanteungane» til Anne Grimdalen – Anne Mo Grimdalen og May Mo Grimdalen vil formidle historiar om Anne Grimdalen. Anne Mo Grimdalen var gift med Erling Mo Grimdalen og May Mo Grimdalen er gift med Olav Mo Grimdalen. Anne Grimdalen var tanta til Erling og Olav. Denne sundagen vil Anne og May formidle kva dei har sett og høyrt i familien om bilethoggaren Anne Grimdalen og «tante Anne». Anne og May har vore lærarar og er dyktige til å fortelje på ein humørfylt og god måte.
Elles minner vi om at i underetasjen er det ein flott salsutstilling. I år har kunstnarane Kristine Hasseløy, Tone Linn Skjørestad og fotograf Ingvild Egge Ryan salsutstilling. Nytt også høve til å sjå Draumkvædet til Karl Erik Harr, og til å sitje ned i Kunstkafeen før tilstellinga.
Sted
Åpningstider
9. aug. 2026
søndag: 15:00
Praktisk informasjon
- Andre arrangement
- Museumsarrangement
Arrangementer i nærheten

Ringblomstsalve, gamle tonar og baking av potetlompe
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Sommer på Husflidsbue
Gugardsvegen 2, 3895 Edland

Slusecruise på Nisser og Vråvatn
Kviteseidvegen 1698 Vrådal, 3853 Vrådal

Veving og smiing av knivblad
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Kulturhistorisk seilas til Vråliosen
Kviteseidvegen 1698 Vrådal, 3853 Vrådal

Ysting av kvitost og arbeid på åkeren
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Bunadsaum og biletvev
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ull- og lindag og smiing på museet i Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Straand-Treffet 2026 - The motorcycle event of the year
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Magisk gruvekonsert "Stier av gull" med vokalgruppa AD UNDAS
Åmdalsvegen 42a, 3882 Åmdals Verk

Litteraturdagane 2026
Vinjevegen 1441, 3890 Vinje

Straand Bilfinale 2026 - The Car event of the year
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Konsert: Evigvarande folketonar
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Straandfestivalen
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Julebord med E-76
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal
Julaften
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal
Aktiviteter i nærheten
Grimdalstunet
Borsævegen 395 A, 3880 Dalen

Vidsyn Midjås
Midjåsvegen 333, 3880 Dalen

Badstue Vidsyn Midjås
Midjåsvegen 333, 3880 Dalen

Helveteshylen
Storvegen 211, 3880 Dalen

Birdbox Tokke
Gamleveg 374, 3882 Åmdals Verk

Fiske i Mosvatn og Bessevatn
Hotellvegen 16, 3880 Dalen

Visit Dalen - Dalen Turistkontor
Aasmund Nordgaards veg 1, 3880 Dalen

Kano - og kajakkutleige på Dalen
Aasmund Nordgaards veg 6, 3880 Dalen

I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg
3880 Dalen

Restaurant Bandak, Dalen Hotel
Hotellvegen, 3880 Dalen

Familieferie i Langesund
3970 Langesund

Dalen Hotel
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Soria Moria Sauna
Markensvegen 20, 3880 Dalen









