Utforsk Telemark

EN

NO

Brynesteinsbrotet

TypeFortidsminne

Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Brynesteinsbrotet til i reiseruten din.

  • film
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Arbeidarar i brynesteinsbrotet i Eidsborg, 1908. Vest-Telemark museum.
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Eidsborg er det største og lengstlevande produksjonsområdet for brynesteinar ein kjenner til, både i og utanfor Noreg.

Produksjonen av Brynestein frå Eidsborg  har gått føre seg i opne dagbrot, og ved dei største steinbrota ligg det enorme skrothaugar (i Eidsborg kalla for uslehaugar) framfor og rundt hogstbrota.

Transporten ut gjekk i hovudsak på Telemarksvassdraget, og slik la denne verksemda grunnlag for ein rik handel og kontakt med omverda. Vest-Telemark Museum i Eidsborg har eiga temautstilling om brynestein.

Så lenge ein har hatt stål har ein hatt bruk for bryne, om det var til å kvesse opp ljå, sigd, nål, kniv, øks, piler eller spyd. Eidsborgbryne av lysegrå skifer eignar seg svært godt til dette. Den var også lett å drive ut og vart truleg snart ei etablert merkevare. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg også eit effektivt kastevåpen, slik sagaen fortel frå slaget ved Fimreite i 1184.

Visste du at det er funne brynestein på New Foundland som dei meiner kjem frå Eidsborg, og som igjen stadfester norrøn busetnad i Amerika rundt år 1000? Brynesteinen frå Eidsborg er ei heilt særmerkt historie, og kan fortelje oss om handel, kontakt og hendingar langt attende i tid.

Utmarksressurs

Brynesteinen blei fyrst frakta med hest ned til Lastein bryggje på Dalen, og deretter rodd ned vassdraget eller køyrd med hest på isen og deretter skipa til utlandet og seld til god pris. Slik har brynesteinsbrota i Eidsborg heilt opp til nyare tid forsynt inn- og utland med god brynestein.

Eidsborgbryne vart tidleg etablert som ei fast vare i Nordsjø-handelen, og er i dag ei svært viktig kjelde innan arkeologien for å forstå handelsruter og samkvem frå til dømes vikingtid og mellomalder. Og stadig vert det gjort funn og nye analyser som gjev ny kunnskap.

Dei seinare åra har ein fått større forståing for kva innlandet og utmarksressursane hadde å seie for utviklinga som leidde fram til vikingtida, og seinare til framveksten av det nasjonale kongedømet. Utan jern, tjøre, brynestein, ull, horn, skinn og pelsverk ville ein ikkje hatt føresetnader for oversjøisk handel, hegemoni på havet eller militær makt.

Storskalaproduksjon

Ifylgje nyare forskning er det derimot ingen sikre funn av eksporterte eidsborgbryne før 800-talet. Dette kan kanskje tyde på at storskalaproduksjonen av bryne i Eidsborg byrja fyrst nokre få år etter år 800. Ein kan likevel ikkje sjå vekk frå at det har vore produksjon i Eidsborg før 800-talet, men så langt manglar ein sikre funn som kan bekrefte dette. Ut frå undersøkingane i danske Ribe og norske Kaupang ser det dermed ut til at brynesteinsproduksjonen i Eidsborg har starta ca.100 år etter utvinninga i Mostadmarka i Trøndelag.

Vest-Telemark Museum, Vestfold og Telemark fylkeskommune og interesseorganisasjonen Vikinger i Vestfold og Telemark inviterte i 2021 inn til det fyrste Eidsborgseminaret. Målet er at ein gjennom fleire seminar og artiklar kan få dekt heile perioden fra dei fyrste brynesteinane vart brotne ut og slipte til, truleg på 700-talet, og fram til den siste brynesteinslasta gjekk med båten ned Telemarksvassdraget i 1952.

Kor mange steinbrot som finst, er noko usikkert, men Vestfold og Telemark fylkeskommune er i gang med ei nærare kartlegging av steinbrotslandskapet i Eidsborg.

Frå Vest-Telemark Museum i Eidsborg går det turstig opp til eit av brynesteinsbrota. Turen er tilrettelagd med skilting og informasjon undervegs.

Les om vandrerute til brota

Fasiliteter

Aktiviteter

  • fotturer

TripAdvisor

Kart

Veibeskrivelse

Ta av frå E134 i Høydalsmo og følg så Fv 450 og skilting til Vest-Telemark museum, Eidsborg og Eidsborg stavkyrkje. Frå Dalen kjører du Fv 450 mot Høydalsmo. Sjå etter skilt til Vest-Telemark museum og Eidsborg stavkyrkje.

Kontakt

+47 35 06 90 90

Også i nærheten

  1. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    894 m Unna
  2. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    903 m Unna
  3. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    965 m Unna
  1. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet på…

    974 m Unna
  2. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    2.87 km Unna
  3. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling ved Dalen Fotoklubb

    3.02 km Unna
  4. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    3.04 km Unna
  5. Soria Moria Sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    3.32 km Unna
  6. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    3.33 km Unna
  7. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    3.59 km Unna
  8. Mariannes Galleri & Atelier

    I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…

    4.55 km Unna
  9. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    8.45 km Unna
  10. Galleri Karen

    På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…

    9.90 km Unna
  11. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    11.19 km Unna
  12. Thor Fine Art Gallery

    Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…

    11.23 km Unna
  13. Bandaksli Bryggje

    Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…

    11.42 km Unna
Previous Next

Se også

Vest-Telemark museum Eidsborg, TokkeEit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong. For opningstider i kanalparken klikk her.

Eidsborg stave church, Vest-Telemark Museum.Eidsborg stavkyrkje, TokkeSjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum Eidsborg. Omvising i høgsesong kl. 11:00, 13:00 og 15:00. Utanom høgsesong er det omvising etter behov.

Brynesteinsvandring, TokkeSpennande turveg frå Vest-Telemark Museum i Eidsborg til det historiske Brynesteinbrotet. Få med deg brynesteinsutstillinga på Vest-Telemark Museum Eidsborg fyrst.

Ikke gå glipp av