Utforsk Telemark

EN

NO

Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

TypeHistoriske bygninger/miljø

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg til i reiseruten din.

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

År etter år har loftet stått ruvande her i Eidsborg. Standhaftig i vær og vind, medan resten av verda har gjenge sin gang. Men nøyaktig kor mange år? Ser me på laftinga finn me ein teknikk som vart kalla for finndalslaft eller finndalshogg, som ikkje har vore i bruk i Noreg etter svartedauden i 1349. Eldre blir loftet når me granskar ei runeinnskrift ved døra i andre høgda. Den lyder « ​​​​​​Desse runer riste Vestein. Heil (ver helsa) den som riste og likeeins den som rår (tyder)», og er datert til ca. 1300. Men det stoppar ikkje der heller. Då loftet vart datert av NIKU i 2006 viste det seg at tømmeret vart felt vinteren 1167. Det gjer loftet til eit av dei eldste trebygga i verda!

Alderen er ikkje det einaste som er spesielt med loftet. Ifylge folketrua er bygningen det fyrste loftet som vart sett opp i Eidsborg, og det var ikke for kven som helst. Rundt 1200 eigde Åse Stålekleiv det meste av bygda, og var særdeles rik. Ho trengde ein stad å huse alt linet sitt, så sønene hennar bygde eit stort loft til dette formålet. Difor er loftet i daglegtale kalla Stålekleivloftet. Området ved loftet vart etter kvart ein eigen gard, kalla Lofthus. Derifrå vart loftet flytta til Vindlaus rundt 1840.

Les sagnet om Åse Stålekleiv.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    105 m Unna
  2. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    147 m Unna
  3. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    180 m Unna
  1. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    974 m Unna
  2. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    1.93 km Unna
  3. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    2.26 km Unna
  4. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    2.42 km Unna
  5. Soria Moria Sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    2.47 km Unna
  6. Mariannes Galleri & Atelier

    I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…

    3.62 km Unna
  7. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    3.98 km Unna
  8. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.48 km Unna
  9. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.44 km Unna
  10. Thor Fine Art Gallery

    Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…

    10.55 km Unna
  11. Galleri Karen

    Galleri Karen er eit galleri som ligg på Høydalsmo i Tokke Kommune. Det er Galleri,…

    10.72 km Unna
  12. Galleri Karen

    På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…

    10.72 km Unna
  13. Bandaksli Bryggje

    Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…

    11.44 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av