Utforsk Telemark

EN

NO

Myllarheimen

TypeKulturminne

Arabygdvegen 1342, 3864, Rauland

Legg Myllarheimen til i reiseruten din.

Fra NOK 80,00
Myllarheimen i Arabygdi sett fra vegen. Vest-Telemark museum.
  • Myllarheimen i Arabygdi sett fra vegen. Vest-Telemark museum.
  • Nokre av husa på Myllarheimen i Arabygdi. Vest-Telemark museum.
  • Stoga på Myllarheimen i Arabygdi. Vest-Telemark museum.
  • Statue av Myllarguten nedanfor Myllarheimen i Arabygdi.
  • Bolle og sleiv på bord, i stoga på Myllarheimen i Arabygdi.
  • Jente i bunad utanfor husa på Myllarheimen. Vest-Telemark museum.
  • Inne i stoga på Myllarheimen i Arabygdi. Feleskrin på bordet.

Om

Myllarheimen er husmannsplassen Kosi der den kjende felespelaren Myllarguten levde dei siste åra av livet sitt.

Myllarguten heitte eigentleg Torgeir Augundson (1801-1872) og vart fødd i Sauherad. Tilnamnet fekk han fordi han var son av ein myllar.

Familien var fattig og levde eit hardt og omflakkande liv. Allereie då han var fem år gamal byrja Myllarguten å spele, og han vart etterkvart ein svært ettertrakta gjestebodsspelemann.

Han spela rundt i distrikta, og møtte mange store spelemenn som han let seg inspirere av. I 1831 trefte han Ole Bull i Bergen, og Bull vart svært imponert over spelet til Myllarguten. I 1849 arrangerte Bull ein konsert i Logen i Kristiania der Myllarguten var hovudattraksjon. Konserten vart ein suksess, og Myllarguten opparbeidde seg eit stort publikum.

Men på slutten av 1850-åra snudde lykka seg. Den nasjonalromantiske perioden var på hell, og med dette også interessa for «bondespelet».

Myllarguten busette seg etterkvart i Vest-Telemark, og då han var rundt 30 år gifta han seg med Ingebjørg Eddanshaugen frå Edland. Dei fekk i alt 10 barn, men tre av desse døydde tidleg.

Kosi er husmannsplassen der Myllarguten levde dei siste åra av livet sitt, og her døydde han som ein einsam og fattig mann.

Meir om Kosi
Etter å ha tent godt på konsertar i Christiania i 1849 og i Bergen i 1850, kjøpte Myllarguten, Torgeir Augundson, Sudistog Øygarden i 1852. Nokon dugande gardbrukar og økonom var han ikkje, såleis laut han gå frå garden vel ti år seinare.

Han fekk halde att ein liten teig han kalla Kòsi, sette opp fire hus der, og budde der frå våren 1866. Stoga kom frå Bronelid, ein plass vestom Totak. Løa og eit lite bur flutte han med seg frå Øygarden. Fjos fekk han til av ei gamal badstoge einkvar stad frå.

- Reis’ i frå Øygarden, reise mot sud
lengst inn i armodi dreg eg vel no -

Seks år seinare, den 21. november 1872, gjekk Myllarguten bort. Ein pråm var heile likferda.

Plassen blei ståande ubruka, og kom etter kvart til nedfalls. Litt etter år 1900 blei stoga rivi. Det som var nyttande – some seier ein einaste stokk, andre seier meir – kom til Nordjordet lengre ut i Arabygdi og blei bygt inn i ei ny stoge der.
Denne stoga blei bruka til bustad fram til 1958. Ho blei rivi att i 1989 og stend no som anneks til ein hytteeigedom på Haddland.

I 1938 kom kunstmålaren Harald Kihle til Arabygdi. I tidsskrift for Norsk bygdekunstlag 1949 skreiv han og kollegaen Kristian Kildal ei sterk oppmoding om å taka vare på det som var att av minne etter Myllaren.

Rauland bygdekunstlag (seinare Rauland bygdelag) med Øystein Kostveit som leiar, tok opp hansken frå desse to. Ein fekk Rauland kommune til å kjøpe grunnen og det som var att av husa, buret og løa, av eigaren, Steffa Øygarden.
Ein fann det lite tenleg å bruke stoga i Nordjordet. I staden fekk ein hand om ei tilsvarande stoge, frå Glosimot i Bjålidmarki. Opphaveleg stod ho som eldhus i Nord-Svalastog på Haddland.

Det praktiske arbeidet blei utført på dugnad. Olav Midgarden, soneson av Myllaren, såg til at alt blei som det hadde vore, så langt råd var. Bror hans, Targjei Skinand, mura skorsteinen i lag med Aslak Øygarden.

Ymse eignelutar etter Myllaren blei samla inn.

Den offisielle opninga av Myllarheimen var 8. juli 1951, med 2000 menneske til stades i den veglause bygda.

Minnesmerket, som er utført av Dyre Vaa, blei avduka 24. august 1969.

 

Ta kontakt med Vest-Telemark Museum for gruppeomvising.

E-post:booking@vtm.no

Tlf: 35069090

 

 

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr 800,-NOK 80,00 pr. person

Med forbehold om prisendringer.

Kart

Kontakt

+47 35 06 90 90

Åpningstider

* Tilgjengeleg for publikum ved sjølvsyn utandørs. Omvising for grupper kan tingast heile året, så sant vér og føre tillet det.

Også i nærheten

  1. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    14.85 km Unna
  2. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    20.17 km Unna
  3. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    20.25 km Unna
  1. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    34.25 km Unna
  2. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    34.56 km Unna
  3. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    37.80 km Unna
  4. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    38.05 km Unna
  5. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    38.08 km Unna
  6. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    38.23 km Unna
  7. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    38.31 km Unna
  8. Mariannes Galleri & Atelier

    I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…

    38.95 km Unna
  9. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    39.64 km Unna
  10. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    40.18 km Unna
  11. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    40.37 km Unna
  12. Soria Moria Sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    40.41 km Unna
  13. Galleri Karen

    På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…

    40.47 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av