
Skorve
Skorve er eit av dei høgaste fjella i Seljord, med to toppar, Gøysen (1370 moh.) og Nordnibba (1365 moh.). Under andre verdskrig styrta to fly på Skorve.
Om
Skorve er eit majestetisk fjellmassiv i Seljord og eit populært turmål for både lokalbefolkning og tilreisande. Med si imponerande høgd og spektakulære utsikt over Telemark, byr Skorve på ei uforgløymeleg naturoppleving for den turglade. Her ligger også mykje historie frå krigen, då det styrta to fly her – eit ved Gøysen og eit ved Hestenutan.
Praktisk informasjon
- Distanse: ca. 5 km
- Tid: 4 timar
- Vanskelegheitsgrad: Krevjande
Tur/retur Gøysen
Dette er ein flott og krevande dagstur med formidabelt utsyn over fjellheimen i Telemark. Du kjem raskt over tregrensa så sørg for å pakke sekken med ekstra varme klede og vindtett jakke. Hugs at veret kan skifte fort i fjellet!
Starten på turen er bratt og du går gjennom tett skog som etterkvart opnar seg og du får flott utsikt utover Kivledalen. På vegen opp er det skilta til vraket av Liberatoren. Dette er ein avstikker frå løypa til Gøysen på cirka ein km tur/retur. Det høgaste punktet på turen er varden på Gøysen 1370 moh. Her kan du nyte utsikta over mest heile Telemark! Du går same vegen tilbake (10,2 km tur/retur) til p-plassen.
Lengre tur
Dersom du ynskjer ein lengre tur (14 km) kan du vandre vidare til den nest høgste toppen, Nordnibba (1365 moh). Ver merksam på at det er dårleg merka mellom dei to toppane så du bør ha med kart. Frå Nordnibba kan du gå vidare gjennom den frodige Finndalen til Skriustøl og vidare ned til grusvegen Kivledalsvegen. Det er imidlertid langt å gå på grusveg for å koma til p-plassen att så me anbefalar å sette ein bil i kvar ende av løypa dersom du vel å gå turen i sin heilskap!
Slik kjem du deg til Skorve
Start turen ved turistinformasjonen i Seljord sentrum. Køyr 500 m vestover. Sving til høgre opp Gullnesvegen. Du køyrer gjennom eit byggjefelt med mange stikkvegar til høgre og venstre, men hald deg på Gullnesvegen. Du køyrer 10 minutt på grusvegen inn i Kivledalen, til P-plassen ved Haugan.
Kart finn du på turistinformasjon eller ved å laste ned Fintur-appen!
Kontakt
Sted
Praktisk informasjon
- Vandring
- Sommeraktivitet
- Nasjonale turistveger
- Fjord og landskap
- Historie og kultur
- Aktiv
- Turer
- Turforslag
- Turer på egenhånd
- Kulturarvtur
- Historisk tur
- Naturfitness
- Fjelltur
- Vandring
- Opplevelse
- Turstier
- I naturen
- Vandreferier
- Vandrerruter
Arrangementer i nærheten

Yoga - klassisk hatha
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal

17 mai feiring på Straand Hotel
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal

Slusecruise på Nisser og Vråvatn
Kviteseidvegen 1698 Vrådal, 3853 Vrådal
Slåttefestivalen
Holmsvegebæn 89, 3690 Hjartdal

Slusecruise på Nisser og Vråvatn
Kviteseidvegen 1698 Vrådal, 3853 Vrådal

Kulturhistorisk seilas til Nissedal
Kviteseidvegen 1698 Vrådal, 3853 Vrådal

Vikingdag med Osebergskipet Åsa!
Kviteseid bygdetun, Fjågesundvegen 12, 3850 Kviteseid

Kunstkurs på Nutheim
Flatdalsvegen 1283, 3841 Flatdal

Kulturhistorisk seilas til Vråliosen
Kviteseidvegen 1698 Vrådal, 3853 Vrådal

Countryfestivalen i Seljord 22.-26. juli
Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord

Straand-Treffet 2026 - The motorcycle event of the year
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Straand Bilfinale 2026 - The Car event of the year
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal
Julaften
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal
Aktiviteter i nærheten

Seljordsvatnet rundt
3840 Seljord

Seljord
Brøløsvegen 28, 3840 Seljord

Kikkeskåp, Guro Lomodden
Seljord kommune, 3840 Seljord

Seljord Hotell
Brøløsvegen 18, 3840 Seljord

Sjøormen Kro
Ingrid Slettens veg 20, 3840 Seljord

Eventyrøy Sauna
Brøløsvegen 97, 3840 Seljord, 3840 Seljord

Fiske i Seljord
Brøløsvegen 28, 3840 Seljord

Dyrskuplassen
Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord

Bjørgefjell
Brøløsvegen 28, 3840 Seljord

Sjøormtårnet
Bjørgeøyane, 3840 Seljord

Hanakamjuvet
Gulnesvegen, 3840 Seljord

Siloen gårdsbutikk
Bygdaråvegen 550B, 3840 Seljord

Nutheim Gjestgiveri
Flatdalsvegen 937, 3841 Flatdal

Utsiktspunktet i Flatdal
Flatdalsvegen, 3841 Flatdal

Nutheim Gjestgiveri Restaurant
Flatdalsvegen 1283, 3841 Flatdal

Sogevegen om Nutheim
Flatdalsvegen 1283, 3841 Flatdal

Nutheim kunstutstilling
Flatdalsvegen 1283, 3841 Flatdal
Nordbø pensjonat
Hjartdalsvegen 762, 3690 Hjartdal

Egderudfossen i Hjartdal
Holmsvegen 155, 3690 Hjartdal


































