Utforsk Telemark

EN

NO

Eidsborg stavkyrkje

TypeKirke

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Eidsborg stavkyrkje til i reiseruten din.

Fra NOK 70,00
Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.
  • Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.
  • Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.
  • Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.
  • Kvinne i mellomalderklede går opp midtgangen i Eidsborg stavkyrkje.
  • Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum. Eidsborg stavkirke. Stave church
  • Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.
  • Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.
  • Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.
  • Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.
  • Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.
  • Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.

Om

La omvisaren ta deg med på ei reise gjennom 800 år. Høyr om historia til stavkyrkjene og korleis kyrkja i Eidsborg har endra seg frå 1200-talet og frametter i takt med tru og skikk. Her får du mellom anna soga om helgenfiguren Nikuls.

Stavkyrkjene blir rekna som Noregs bidrag til verdsarkitekturen. I mellomalderen var det meir enn 1500 stavkyrkjer. Eidsborg stavkyrkje blei bygd mellom 1250 og 1270 og er ei av landets 28 bevarte stavkyrkjer.

Ta ein tur innom stavkyrkja på ein 360 graders visning

Eidsborg stavkyrkje er ei av dei best bevarte stavkyrkjene me har att. Det er den andre kyrkja i Eidsborg, og erstatta ei stolpekyrkje som stod på same staden. I kyrkja finn du helgenbiletet av St. Nikolaus, eller Nikuls som bygdefolket kalla han. Rundt denne vaks det fram ein særskild kultus med særtrekk du berre finn her.

Gjennom kyrkjelege påbod og reformar, endra eigarskap, skiftingar i tru, mote og plassbehov har kyrkja blitt endra opp gjennom hundreåra. Stavkyrkja var i 2010 ferdig restaurert etter tre års arbeid. Eit treårig prosjekt som innebar nye rundar med tjærebreiing vart avslutta våren 2020.

I 2008 blei det lansert ei historiebok om Eidsborg stavkyrkje, skrive av religionshistorikar Øystein Morten. Boka er å få kjøpt ved Vest-Telemark Museum.

Kyrkja er ei levande soknekyrkje med gudstenester og brurevigslar i perioden mai – september, sjå heimesida til kyrkja i Tokke for meir informasjon: www.kyrkja.tokke.no  

I sommarsesongen (juni, juli og august) er det omvising til faste tider fleire gonger om dagen, i opningstida til Vest-Telemark museum Eidsborg såframt det ikkje kolliderar med den kyrkjelege verksemda.

Utanom opningstider kan ein bestille omvising for grupper heile året, så sant vér og føre tillet det.
 

Fasiliteter

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • omvisning etter avtale
  • omvisning i åpningstiden

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Born 6-15 år Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 70,00 kombinasjon billett
Familiebillett Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 370,00 1 dag
Grupper min. 10 pers. Museum og stavkyrkje. Omvisargebyr kr 800,-NOK 120,00 kombinasjon billett
Honnør/student Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 120,00 kombinasjon billett
Vaksne (frå 16 år) Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 140,00 kombinasjon billett

Med forbehold om prisendringer.

Kart

Kontakt

+47 35 06 90 90

Åpningstider

Utanom høgsesong (15.juni - 15.aug) er det omvising i stavkyrkja ved behov. (28 Apr 2024 - 15 Sept 2024)
Høgsesong med faste omvisingar kvar dag kl. 11:00 - 13:00 - 15:00 (15 Jun 2024 - 15 Aug 2024)

* Omvising for grupper kan tingast heile året.

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    236 m Unna
  2. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

    250 m Unna
  3. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    269 m Unna
  1. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.48 km Unna
  2. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.39 km Unna
  3. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.66 km Unna
  4. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    20.48 km Unna
  5. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    22.47 km Unna
  6. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    23.90 km Unna
  7. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    25.66 km Unna
  8. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    25.72 km Unna
  9. Eva Bull Holtes Museum

    Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…

    27.53 km Unna
  10. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    30.76 km Unna
  11. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er…

    31.51 km Unna
  12. Kikkeskåp, Skuldalsbruri

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    31.73 km Unna
  13. Galleri Nutheim

    Nutheim Galleri
    I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…

    31.94 km Unna
Previous Next

Se også

Vest-Telemark museum Eidsborg, TokkeEit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong. For opningstider i kanalparken klikk her.

little boy locks a boat on the miniature version of the telemark canal in the canal park at Vest-Telemark Museum in Eidsborg Aktivitetsparken i Eidsborg, TokkeAktivitetspark for heile familien - med ein vassførande modell av Telemarkskanalen i målestokk 1:1000. Her kan du sluse og vere med på andre aktivitetar.

Ikke gå glipp av