For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

EN

NO

Norsk Skieventyr i Morgedal

TypeOpplevelsessenter

Vårstaulv 2, 3848, Morgedal

Legg Norsk Skieventyr i Morgedal til i reiseruten din.

Fra NOK 50,00
Norsk Skieventyr i Morgedal

Om

Sjå Stine Hartmanns rapport frå bl.a. Norsk Skieventyr i Den Moderne Askeladdens Dag 1 (16. mai 2017)!

Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal
Den beste staden for å oppleve skikulturen og Morgedal si betyding for denne er på Norsk Skieventyr. Du kan lære om norsk ski- og polarhistorie gjennom ei multimedia-reise som startar 4 000 år tilbake, og endar med dagens snobrett og twintip.

Museet gjev innsikt i skileiken som føregjekk i bakkane i Morgedal i 1850-åra og som var starten på den moderne skiidretten, generell skihistorie og sjølvsagt historia om pioneren Sondre Norheim. Vidare fortel utstillingane om kappløpet mot Sørpolen, om Noregs første skivoksfabrikk og soga om den olympiske elden. Interaktiv utstilling om snowboard og twintip.

Til slutt: i stort format og på tre skjermar blir du med på telemarksløyping på eit nivå som vil friste deg til straks å spenne skiene på og berre kaste deg ut i skieventyret!

Les meir om utstillingane her


Norsk Skieventyr, meir enn bare skimuseum
I skimuseet finn du også Kafé med ein spanande meny med rettar av lokale råvarer. Vi tilbyr også selskapslokale og catering.

I kafeen er det leikekrok der ein kan bygge med Lego/Duplo og ha hopprenn i ein liten hoppbakke. Sjå film frå leikekroken her.

Museumsbutikken har eit breitt utval av varer, og her kan du også få informasjon om kva Morgedal og Vest-Telemark elles har å by på. Her møter du hjelpsame omvisarar som gjerne viser deg turen vidare.
Det er gratis internett-tilgang.

Den fyrste vinterolympiske fakkelstafetten
Utanfor Skieventyret, ute i vatnet, lyser den olympiske elden. Elden blei tent fyrste gongen her i Morgedal til Vinter-OL i Oslo i 1952. Seinare har Morgedal sendt den olympiske elden til Squaw Valley-leikane i 1960 og til OL på Lillehammer i 1994.

​​​​
Flott gåtur til Øverbø, staden Sondre Norheim vaks opp
Frå Skieventyret kan ein spasere opp til Øverbø – til Sondre Norheims fødestad. Fredelege vegar og stigar fører ein opp til denne vakre plassen høgt over Morgedal. Herifrå kan du nyte utsynet og trekkje inn stemninga frå den tidlege skiløypingas magiske landskap. Her står Sondre-stoga open. Hit har tusenvis av skientusiastar funne vegen på pilegrimsferda til den moderne skisportens vogge.

Velkommen til Norsk Skieventyr!

Ta kontakt med Vest-Telemark Museum for gruppeomvising utanom sesong.

E-post: booking@vtm.no 

Tlf: 35069090

Fasiliteter

Aktiviteter

  • bading
  • barneaktiviteter
  • fiske i vann
  • fotturer
  • sykkeltur

Mat og drikke

  • grill
  • lunch
  • middag
  • smørbrød
  • tradisjonsmat
  • uteservering

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • museumsbutikk
  • omvisning etter avtale

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Årskort familie. Gjeld inngang på alle våre museumNOK 700,00 per år
Årskort pr.pers. Gjeld inngang på alle våre mNOK 400,00 per år
Born 6 - 15 årNOK 50,00 1 dag
Familiebillett 4+NOK 250,00 1 dag
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr. 500,-NOK 80,00 1 dag
Honnør / studentNOK 80,00 1 dag
Vaksne (frå 16 år)NOK 100,00 1 dag

NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.

Kart

Kontakt

+47 35 06 90 80

Åpningstider

Open for gruppebestilling heile året (1 Jan 2019 - 31 Des 2019)
DagTider
Vårsesong (1 Mai 2020 - 14 Jun 2020)
DagTider
Mandag - Søndag11:00 - 17:00
Sommarsesong (15 Jun 2020 - 15 Aug 2020)
DagTider
Mandag - Søndag10:00 - 18:00
Haustsesong (16 Aug 2020 - 15 Sept 2020)
DagTider
Mandag - Søndag11:00 - 17:00

Også i nærheten

  1. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    10.14 km Unna
  2. Into the landscape

    Into the Landscape

    International workshop 25th of September to 4th of October with Sami…

    11.80 km Unna
  3. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    11.97 km Unna
  1. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.30 km Unna
  2. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    12.33 km Unna
  3. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.57 km Unna
  4. Flatdal Kyrkje

    Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…

    12.58 km Unna
  5. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.63 km Unna
  6. Galleri Nutheim

    Nutheim Galleri
    I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…

    12.65 km Unna
  7. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    12.98 km Unna
  8. Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…

    13.40 km Unna
  9. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    13.64 km Unna
  10. Telespinn

    Telespinn blei starta i 2008 og er eit småskala spinneri som held til på den gamle garden…

    14.42 km Unna
  11. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    14.80 km Unna
  12. Blika gullgruve

    I 1880-åra vart det funne gull ved garden Blika i Svartdal. Det vart muta for gruvedrift…

    14.83 km Unna
  13. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…

    16.55 km Unna
Previous Next

Se også

Vest-Telemark Museum Eidsborg, TokkeEit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong. For opningstider i kanalparken klikk her.

Morgedal Hotell, KviteseidMorgedal Hotell er eit hotell, tufta på gamaldags gjestevenskap med moderne faselitetar.  Tradisjon, kvalitet, hyggeleg atmosfære og stor fleksibilitet er hotellets varemerke.

Ikke gå glipp av