Utforsk Telemark

EN

NO

Vest-Telemark museum Eidsborg

TypeOpplevelsessenter

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Vest-Telemark museum Eidsborg til i reiseruten din.

Fra NOK 70,00
Frå utstillinga på Vest-Telemark Museum Eidsborg.
  • Frå utstillinga på Vest-Telemark Museum Eidsborg.
  • Vest-Telemark museum Eidsborg, fasade museumsbygning.
  • Vest-Telemark museum Eidsborg, bygdetunet ved Uppistog Vindlaus.
  • Sommardag i Kanalparken ved Vest-Telemark museum Eidsborg.
  • Frå brynesteinsutstillinga på Vest-Telemark museum
  • To bunadskledte jenter i Juvestoga, bygdetunet, Vest-Telemark museum Eidsborg.
  • Hest på beite bak Uppistog Vindlaus, Vest-Telemark museum Eidsborg.
  • Bunad, brudelad utstilt på Vest-Telemark museum Eidsborg.
  • Stasknivar på utstilling, Vest-Telemark museum
  • Vest-Telemark Museum Eidsborg ikkje lenge etter at hovudmuseet sto ferdig.

Om

Vest-Telemark museum Eidsborg byr på eit moderne museumsbygg, tun med over 30 hus og eit av verdas eldste trebygg, Stålekleivloftet frå 1167, og ikkje minst Eidsborg stavkyrkje som kan tidfestast tilbake til 1200-talet. Museet er eit flott utgangspunkt for å oppleve Vest Telemark sin rike kulturarv og tradisjonar.

Museet ligg strategisk plassert langs fylkesveg 450 like ved Eidsborg stavkyrkje og Vindlaus-gardane som har historie langt tilbake.

I museet som opna i juni 2012, finn du kafé, museumsbutikk og flotte utstillingar. I tillegg til museet kan du oppleve ulike tilbod for born, arrangement og konsertar eller gå ein av dei tilrettelagde turvegane med utgangspunkt frå tunet.

På museumsorådet ligg ein aktivitetspark med ein 105 m lang modell av Telemarkskanalen og ein husmannsplass med ulike handverksaktivitetar. Her er det ope mellom 15. juni og 15. august.


I museumsbygget finn du rike utstillingar frå Vest-Telemark si kulturhistorie og folkekunst. Rosemåling, kanskje Noregs finaste knivutstilling og bygdekultur vert formidla i varierande og godt tilrettelagte utstillingar. Me har òg flotte og varierte temporære utstillingar.

Historia om Tokkeanlegget, som er ein viktig del av norsk krafthistorie, vert formidla i eiga utstilling, i tillegg til Statkraft sitt eige visingssenter som og fortel om alternativ rein energiproduksjon.


Les også: Krafta som endra Vest-Telemark


Vidare i museet blir historia om den unike brynesteinen fortalt; frå tidleg vikingtid eksporterte ein brynestein frå brota i Eidsborg og ut til Europa. Det var vassvegen ned til Skien som var transportåra, og Eidsborgbryne vart tidleg ein viktig del av Nordsjøhandelen og vert rekna som vår fyrste eksportartikkel.

Me ynskjer og å formidle moderne kunst, kulturuttrykk eller lyfte fram særskilde tema. Det gjer me i vårt store temporære utstillingsrom på cirka 150 kvadratmeter, der me årleg presenterer nye utstillingar.

Mat:
Vår kafé er open kvar dag i hovudsesongen, resten av året tar me i mot grupper på bestilling. Me serverar tradisjonelle rettar og meir moderne mat, alt laga på vårt kjøkken. Ynskjer du å ha selskap, konferansar, møter eller kurs har me gode lokale til fornuftige prisar. Me leverar også mat for catering.

Les meir om kafeen her

Turmogelegheiter:
Er du glad i å gå tur, og kanskje vil lære litt historie i tillegg? Frå tunet på VTM Eidsborg er det fleire tilrettelagte turar som er tilpassa din form og kondisjon. 
Les meir her om bl.a.
Brynesteinvandring
Rui-plassen

I tuna våre kan du lære om byggjeskikken til Vest-Telemark,og me har både rikmannsstoger og husmannstoger. Særskild har lafteteknikken vore dominerande her, og om du vil kan du sjølv få prøve deg! Me har laftesett der barn og vaksne kan byggje sine lafta hus, med rominndeling, døropningar og vindauge.

Velkomen til Eidsborg!

Utanom opningstider kan ein bestille omvising for grupper heile året, så sant vér og føre tillet det.
E-post: booking@vtm.no   Tlf: 35069090

 

Fasiliteter

Aktiviteter

  • aktiviteter inkl. i entréprisen
  • aktiviteter tilbys
  • barneaktiviteter
  • folkedans
  • gårdsarbeid
  • guide
  • Guidet tur
  • Guiding
  • historisk vandring
  • konserter
  • kultursti
  • severdigheteter
  • skogstur
  • turstier
  • utendørs aktivitetsområde
  • utstilling

Arrangementstyper

  • Historie
  • rundvisning
  • Utstillinger

Atmosfære

  • hyggelig

Forretningstilbud

  • håndverk
  • husflid
  • kunstbøker
  • kunsthåndverk
  • leketøy
  • smykker
  • suvenirer

Generelle fasiliteter

  • åpent deler av året
  • åpent utenom åpningstid, etter avtale
  • barnevennlig
  • bord / benker
  • buffé
  • butikk
  • café/cafeteria
  • egnet for barnevogn
  • Familievennlig
  • festlokaler
  • garderobe
  • gratis parkering
  • Gratis wifi
  • hage
  • internett
  • kafé
  • kjæledyr ikke tillatt - Me ynskjer ikkje kjeledyr inne i museet.
  • Konferansefasiliteter
  • konferansemuligheter
  • kursfasiliteter
  • lekeområde
  • lekeplass
  • leker
  • matservering
  • omvisning av anlegget
  • parkering for buss
  • parkeringsplass
  • parkeringsplass ute - gratis
  • resepsjon
  • Restaurant/Cafe
  • scene
  • selskapslokaler
  • servering
  • serveringstilbud
  • shop
  • trådløst internett
  • utemøbler
  • uteplass
  • wc
  • WIFI

Handikap

  • egnet for funksjonshemmede
  • Tilgjengelig for bevegelseshemmede

Kirketyper

  • stavkirke

Kredittkort

  • Accept Card
  • Aksepterer kredittkort
  • MasterCard
  • Visa

Målgruppe

  • Buss- og gruppearrangement
  • Eldre
  • Familie
  • Familie med barn
  • Funksjonshemmede
  • Par
  • Ungdom
  • Voksen

Mat og drikke

  • à la carte
  • forfriskninger
  • julebord
  • kake
  • Lokale retter
  • Lokalmat leverandør
  • lukkede selskap
  • Lunch
  • Middag
  • norsk mat
  • pizza
  • smørbrød
  • sommercafé
  • spesiell beliggenhet
  • tradisjonsmat
  • uteservering
  • Vegetarisk

Miljø

  • Avfallshåndtering

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • aktiv deltagelse mulig
  • bygdegård
  • frilandsmuseum
  • geologi
  • håndverk
  • husflid
  • kunsthåndverk
  • museum
  • museumsbutikk
  • omvisning i åpningstiden
  • skiftende utstillinger
  • tekstilkunst
  • temautstillinger
  • treskjæring
  • utstilling

Natur og terreng

  • fotturområde
  • geologiske forekomster

Rabatter

  • familierabatt
  • gruppepriser

Skjenkerettigheter

  • Alle rettigheter

Symboler

  • Handicapvennlig
  • Miljømerket bedrift

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Born 6-15 årNOK 70,00 pr. person
FamiliebillettNOK 370,00 per dag
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr. 800,-NOK 120,00 pr. person
Honnør/studentNOK 120,00 pr. person
VaksenNOK 140,00 pr. person

Med forbehold om prisendringer.

Kart

Veibeskrivelse

Ta av frå E134 i Høydalsmo og følg så Fv45 og skilting til Vest-Telemark museum Eidsborg og Eidsborg stavkyrkje. Frå Dalen kjører du Fv 45 mot Høydalsmo. Sjå etter skilt til Vest-Telemark museum og Eidsborg stavkyrkje.

Kontakt

35069090

Åpningstider

Sesong (1 Mai 2024 - 15 Sept 2024)
DagTider
Mandag - Søndag10:00 - 17:00

* Omvising for grupper kan tingast heile året, så sant vér og føre tillet det.

Utmerkelser

  • SM Miljøfyrtårn

Også i nærheten

  1. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    33 m Unna
  2. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    236 m Unna
  3. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

    258 m Unna
  1. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.57 km Unna
  2. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.59 km Unna
  3. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.60 km Unna
  4. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    20.24 km Unna
  5. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    22.60 km Unna
  6. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    23.66 km Unna
  7. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    25.48 km Unna
  8. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    25.54 km Unna
  9. Eva Bull Holtes Museum

    Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…

    27.49 km Unna
  10. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    30.97 km Unna
  11. Kikkeskåp, Skuldalsbruri

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    31.65 km Unna
  12. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er…

    31.71 km Unna
  13. Galleri Nutheim

    Nutheim Galleri
    I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…

    32.00 km Unna
Previous Next

Se også

Aamdals Verk Mines, Vest-Telemark Museum.Åmdals Verk gruver, TokkeÅmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for. Bli med oss på ei spanande vendring inne i gruvene, eller sjå rørlege modellar som visar koparproduksjon.

Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle, VinjeVinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum. Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit museum, med ei stor samling måleri etter Henrik Sørensen og Harald Kihle.

VinjestogaVinjestoga, VinjeI Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende forfattaren Aasmund Olavsson Vinje.

From Øyfjell bygdemuseumØyfjell bygdemuseum, VinjeBygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i Mostøylstoga. Det unike museumsbygget frå 1930-talet har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi.

winter at Kviteseid bygdetunKviteseid bygdetun, KviteseidKorleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av dei finaste stabbura i heile Telemark! Her er også ei skulpturutstilling etter Gunnar Utsond.

Myllarheimen, VinjeMyllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best kjend som Myllarguten, levde dei siste åra av livet sitt.

Sculptures by Dyre Vaa, Dyre Vaa Sculptural Art Collection - Rauland KunstmuseumDyre Vaa-samlingane i Rauland, VinjeSamlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av bilethoggaren Dyre Vaa.

Knut Skinnarland Sculptural Art Collection - Rauland Kunstmuseum, Vest-Telemark Museum.Skinnarlandsamlinga på Rauland, VinjeSkinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av skulpturar, teikningar og grafikk. Museet syner og ein kopi av atelieret hans i Rauland. I tillegg er det kvart år nye sær- og salsutstillingar.

Fyresdal Local History Museum - Vest-Telemark Museum.Fyresdal bygdemuseum, FyresdalFyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og gardshus frå mellomalderen og framover. Bjørnstadstoga frå 1600-talet vart bruka som tingstoge.

Eidsborg stave church, Vest-Telemark Museum.Eidsborg stavkyrkje, TokkeSjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising tre gonger dagleg i høgsesong. Utanom høgsesong er det omvising etter behov/avtale.

little boy locks a boat on the miniature version of the telemark canal in the canal park at Vest-Telemark Museum in Eidsborg Aktivitetsparken i Eidsborg, TokkeAktivitetspark for heile familien - med ein vassførande modell av Telemarkskanalen i målestokk 1:1000. Her kan du sluse og vere med på andre aktivitetar.

Ikke gå glipp av