Utforsk Telemark

EN

NO

Seljord Kyrkje

TypeArkitektur

Nyveg 3 A, 3840, Seljord

Legg Seljord Kyrkje til i reiseruten din.

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På nord-vest hjørnet er det hogge ut eit andlet som etter ei segn skal vere heilagkongen. Ei segn fortel også at kyrkja vart bygd av ein tusse. Da bygningen var ferdig, datt tussen ned og slo seg i hel. Der han datt, veks det ikkje gras den dag i dag. Altertavla i kyrkja er frå 1588 og døypefonten frå 1600-talet. Riksantikvaren leidde ei omfattande restaurering avslutta i 1972. 

Seljord kyrkje er ei steinkyrkje i romansk stil, bygd mellom 1150 og 1180 og restaurert av Riksantikvaren frå 1965 til 1972. Kyrkja har avlangt skip og tilnærma kvadratisk kor med apside, det vil seie i halvbogeforma avslutning. Våpenhuset i vest er frå omkring 1630 og bygd i stavkonstruksjon. Takryttaren, som er frå 1710, vart i forbindelse med restaureringa tjæra for å passe betre til våpenhuset. Kyrkja si einaste skulpturutsmykking finnast på hjørnet av skipet mot nordaust og førestiller eit mannshovud med kraftig skjegg. Kyrkja er via til St. Olav.

Vindauga mot syd i både kor og skip er utvida fleire gonger, seinast i 1831, mens vindauget i apsida har opphavleg form. Korbogen mellom skip og kor er bevart. I forbindelse med restaureringen av kyrkja, vart det avdekka kalkmåleri frå 1600-talet av draperi og bordar på veggane i koret. Den sylinderforma preikestolen frå 1832 er dekorert med Den norske løva, som er eit sjeldant motiv på norske preikestolar. Løva er laga i intarsia med ulike innlagde tresortar.

Altertavla frå 1588 er den eldste etterreformatoriske altertavla ein kjenner i Noreg. Motivet er Moses og Aron og lovtavlene med dei ti bod, og i toppstykket ser ein Jahve-teiknet. Dei to gipsfigurane i kyrkja førestiller Peter og Paulus og er laga av den lokale skulptøren Olav Glosimot (1821-1901). Figurane stod opphavleg på alteret og flankerte den dåverande altertavla, måleriet av Nattverden, som no heng over sørportalen og er måla av Harald Lassen i 1879.


Omvisning med guide i juli. Kontakt turistinformasjonen for meir informasjon.

Fasiliteter

Generelle fasiliteter

  • bygget
  • ombygget

TripAdvisor

Kart

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Buss
Haukeliekspressen Setesdalekspressen Timeekspressen

Kontakt

35065470

Også i nærheten

  1. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    634 m Unna
  2. Into the landscape

    Into the Landscape

    International workshop 25th of September to 4th of October with Sami…

    779 m Unna
  3. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    940 m Unna
  1. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    1.26 km Unna
  2. Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…

    1.62 km Unna
  3. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    2.61 km Unna
  4. Kikkeskåp, Gonil Dale

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    7.20 km Unna
  5. Flatdal Kyrkje

    Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…

    8.54 km Unna
  6. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    8.69 km Unna
  7. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    8.95 km Unna
  8. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    9.01 km Unna
  9. Utsiktspunktet i Flatdal

    Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…

    9.63 km Unna
  10. Galleri Nutheim

    Nutheim Galleri
    I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…

    10.27 km Unna
  11. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    12.03 km Unna
  12. Blika gullgruve

    I 1880-åra vart det funne gull ved garden Blika i Svartdal. Det vart muta for gruvedrift…

    12.18 km Unna
  13. Bruredynnan

    Bruredynnan uti enden av Seljordsvatnet ved Rondebergsåsane. På desse glatte fjellveggane…

    12.20 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av