Utforsk Telemark

EN

NO

Utsiktspunktet i Flatdal

TypeUtsikter

Flatdalsvegen, 3841, Flatdal

Legg Utsiktspunktet i Flatdal til i reiseruten din.

Utsiktspunktet i Flatdal
  • Utsiktspunktet i Flatdal
  • Sykkel på utsiktspunktet
  • Utsiktspunktet i Faltdal
  • Product Image
  • Utsiktspunktet i Flatdal
  • Sykler på utsiktspunktet
  • Utsiktspunktet i Faltdal
  • Utsiktspunktet i Flatdal
  • Utsikten fra utsiktspunktet
  • Utsikten fra utsiktspunktet
  • Utsiktspunktet med hester ved siden av
  • Utsikten fra utsiktspunktet

Om

Ta deg tid, dette er ikkje ei transportetappe! Reisa gjennom Sogelandet i bygdelaga Hjartdal, Svartdal og Flatdal passar til eit tempo der du får sett og tatt inn over deg storslått natur og gamle kulturlandskap. I nutar, skogar, haugar og dalar finst det gygrer og troll, tussar og huldrer. Det seie i alle fall folk her. Segn og forteljingar knytt til landskap og stadnamn er ein viktig del av opplevinga her i bygdene. Dette landskapet har inspirert kunstnarar i generasjonar. Trollbindande natur og det vakre blå ljoset har leidd ein straum av kunstnarar til Telemark og Flatdal.

Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du utover Flatdal og inn i Skorveveggen. Den grøne dalbotn er ei elveslette, i enden ser du innsjøen Flatsjå. Busetjinga vart samla i Flatdalslandsbyen, der det ligg 10 gardstun og Flatdal kyrkje frå 1654. Slik løyste ein at nedste del av dalen ofte vart liggjande under vatn om det var flaum. 

Det vesle utsiktsbygget som nå har kome her, rammar inn den vakre utsikten. Opplevinga av å gå ut på utstikkaren gjennom ei ramme som endrar seg frå liggande til ståande, synleggjer dramatikken i landskapet med den flate, grøne dalbotnen og den bratte, blå Skorveveggen på ein ny måte. På andre sida av vegen er det lagt til rette for parkering både med bil og sykkel, og eit lite toalettbygg har kome opp. På veggen der finn de kart og informasjon som viser sykkelruter og stoppestadar. Bekken som kjem ned frå berget bakom har fått eit mura utløp der trøtte syklistar kan bade føtar.

Fasiliteter

Adgang /Tillgang

  • fri adgang
  • fritt tilgjengelig

Aktiviteter

  • sykkeltur

Generelle fasiliteter

  • parkeringsplass

Sportsaktiviteter

  • sykkelruter

Symboler

  • Toalett

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35050400

Også i nærheten

  1. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    887 m Unna
  2. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    938 m Unna
  3. Galleri Nutheim

    Nutheim Galleri
    I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…

    1.04 km Unna
  1. Flatdal Kyrkje

    Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…

    1.09 km Unna
  2. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    1.11 km Unna
  3. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    2.41 km Unna
  4. Blika gullgruve

    I 1880-åra vart det funne gull ved garden Blika i Svartdal. Det vart muta for gruvedrift…

    2.60 km Unna
  5. Kulturlandskapssenteret i Telemark

    Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…

    5.67 km Unna
  6. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    7.91 km Unna
  7. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    8.51 km Unna
  8. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    9.63 km Unna
  9. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    10.01 km Unna
  10. Into the landscape

    Into the Landscape

    International workshop 25th of September to 4th of October with Sami…

    10.01 km Unna
  11. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    10.49 km Unna
  12. Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…

    11.16 km Unna
  13. Bjordal

    Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og…

    11.97 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av