Utforsk Telemark

EN

NO

Soveboks i Bandaksli

TypeAnnen overnatting

Bandakslivegen 785A, 3880, Dalen

Legg Soveboks i Bandaksli til i reiseruten din.

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
Vanskelighetsgrad:
Distanse:
Tid
Terreng
Sesong:
Passer For:

Om

Velkomen til Bandaksli! 

Soveboksen er nå tilgjengelig for booking.

BOOK SOVEBOKSEN HER

Soveboksen i Bandaksli er eit overnattingstilbod for syklistar og padlarar langs Telemarkskanalen. Soveboksen har plass til 4 personar, i køyeseng utstyrt med madrass. Ta med sovepose til å ligge i. Her er også ein enkel kjøkkenbenk for matlaging, samt stolar og bord. Det er straumuttak inne i soveboksen til lading av telefon m.m. Det er ikkje tilgang på drikkevatn, så det må ein ha med.  

Overnatting i soveboksen kostar kr. 150,- per person per natt. Når du bookar soveboksen, er det din private booking i tidsrommet du har booka.

Opphaldet du bookar gjeld for ei natt av gangen. Soveboksen er tilgjengeleg frå kl. 15.00 ankomstdagen til kl. 12.00 neste dag. Om du ynskjer å booke fleire netter er dette sjølvsagt mogleg å gjere i bookingkalenderen, ved ledig kapasitet. I bookingkalenderen kan du også endre dato for bookinga eller avbestille. Opphaldet ditt refunderes ved avbestilling 7 dager før ankomst.

Nøkkelen finn de i kodeboks ved døra. Koden får du når du har booka. Nøkkelen er ditt ansvar å passe på medan du brukar soveboksen. Ved avreise, lås soveboksen og legg nøkkel tilbake i kodeboksen og lukk denne.

Bruk møblar og utstyr, men heng det tilbake på veggen innan de reiser vidare. Etterlat pakkbua i den stand de sjølve ynskjer å finne den! Rydd, og hugs å ta med søpla di.

Toalett (utedo) finst på baksida av bygget.

Vi håpar de får eit fint opphald! 

Fiske

Ynskjer de å fiske i Bandak så er det fiskereglane for sone 2 som gjeld her. Fiskekort for Bandak får de kjøpt på fishspot.no 

Arkitektur

Det er Feste Landskap/Arkitektur som har teikna soveboksen, på oppdrag for Telmarkskanalen Regionalpark og i samarbeid med Tokke kommune. Midtbø Bygg AS har bygd soveboksen. 

Telemarkshistorier - Friluftsliv på første klasse 

Historia

Det var Åmdals Verk Gruver (kopargruver) som danna grunnlag for bryggjeanlegget i Bandaksli. Bryggja blei anlagt omkring 1860, og blei nytta til utskiping av malm. På bryggja var det pakkhus, lasterampe, butikk og lager og ned hit førte ein taugbane i 350 meters fall.  Malmen blei frakta med hest til toppen av lia, deretter med taubanen ned til malmlageret som ligg omkring 100 m. vest for bryggjeanlegget.

Då det ikkje var djupt nok for større båtar blei det etter kanaliseringa bygd ei ny bryggje i Bandaksli i driftsåret 1908/09. Bryggja er ei flaumbryggje, det vil seie at den hadde ulik høgde slik at den kunne fungere ved ulik vasstand. 

Det er ei flott fotoutstilling inne i pakkhuset der du kan lære meir om livet i og rundt Bandaksli før i tida. 

Frå bryggja er det 15 km opp til Åmdals Verk Gruver. Her kan du oppleve flotte utstillingar og bli med på gruvevandring. 

Soveboks Fjågesund

Ved bryggja i Fjågesund er det også ein tilsvarande soveboks, book soveboks i Fjågesund også i kanalsesongen. 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

+47 35 07 56 56

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    11.56 km Unna
  2. Norsk Industriarbeidermuseum - Vemork med verdensarvsenter

    På Norsk Industriarbeidermuseum - Vemork får du et nært møte med norsk industri og…

    54.27 km Unna
  3. Evju Bygdetun

    Evju bygdetun har eit vakkert og stort tun, omkransa av 1700-talls bygningar: Våningshus,…

    55.13 km Unna
  1. Fruktbygda

    Velkommen til Fruktbygda. Området i Telemark og landet hvor frukten smaker mest. Her…

    55.74 km Unna
  2. Heddal Stavkirke

    Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…

    58.92 km Unna
  3. Ulefos Hovedgaard

    Ulefos Hovedgaard - et hvitt smykke midt i Telemark

    61.49 km Unna
  4. Øvre Verket

    Øvre Verket er en samling freda arbeiderboliger knyttet til Ulefos Jernværk, og er et…

    62.60 km Unna
  5. Skåtøy

    Skåtøy er den største øya i skjærgården, og byr på flotte turmuligheter for alle og…

    97.36 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av