Velkomen til Fjågesund
Soveboksen er tilgjengeleg for booking i frå 13. april og ut kanalsesongen.
Soveboksen i Fjågesund er eit overnattingstilbod for syklistar og padlarar langs Telemarkskanalen. Soveboksen har plass til 4 personar, køysenger med madrass. Her er ein enkel kjøkkenbenk for matlaging, samt stolar og bord. Det er også toalett tilgjengeleg. Det er straumuttak inne i soveboksen til lading av telefon m.m. Det er ikkje tilgang på drikkevatn, så det må ein ha med. Ta også med sovepose til å ligge i.
Overnatting i soveboksen kostar kr. 150 per person per natt. Når du bookar soveboksen, er det din private booking i tidsrommet du har booka.
Opphaldet du bookar gjeld for ei natt av gangen. Soveboksen er tilgjengeleg frå kl. 15.00 ankomstdagen til kl. 12.00 neste dag. Om du ynskjer å booke fleire netter er dette sjølvsagt mogleg å gjere i bookingkalenderen. Opphaldet ditt refunderast ved avbestilling 7 dagar før ankomst.
Nøkkelen finn de i kodeboks ved døra. Koden får du når du har booka. Nøkkelen er ditt ansvar å passe på medan du brukar soveboksen. Ved avreise, lås soveboksen og legg nøkkel tilbake i kodeboksen og lukk den.
Bruk møblar og utstyr, men heng det tilbake på veggen innan de reiser vidare.
Etterlat pakkbua i den stand de sjølve ynskjer å finne den! Rydd, og hugs å ta med søpla di.
Vi håpar de får eit fint opphald!
Arkitektur
Det er Feste Landskap/Arkitektur som har teikna soveboksen, på oppdrag for Telmarkskanalen Regionalpark og i samarbeid med Kviteseid kommune. Les meir om prosjektet.
Telemarkshistorier - Friluftsliv på første klasse
Historia
Fjågesund ligg om lag midtvegs mellom Skien og Dalen på Telemarkskanalen. På begge sider av sundet er det bratte fjell med nær loddrette fjellsider.
Akkurat rundt sjølve sundet er landskapet venleg, og namnet Fjågesund betyr det venlege, blide sundet. Det har truleg vore busetnader i Fjågesund i minst 5000 år.
Det eldste oldtidsfunnet i bygda er datert til mellom 3500 f.Kr. og 2800 f.Kr. Også Fjågesund gard er særs gamal. Ut frå plasseringa til garden, storleiken og dateringa av andre gardar i heradet, har ein anslått at garden må ha blitt rydda ein gong i perioden 1 - 550 e.Kr. eller endå tidlegare.
Soveboks i Bandaksli
Det er ein tilsvarande soveboks i Bandaksli, den kan du også booke i kanalsesongen.
Sesong (14 Apr 2025 - 10 Okt 2025) |
---|
Velkommen til Fruktbygda. Her finner du blant mye godt og vakkert Norges beste eplemost,…
Evju bygdetun har eit vakkert og stort tun, omkransa av 1700-talls bygningar: Våningshus,…
Øvre Verket er en samling fredede arbeiderboliger knyttet til Ulefos Jernværk, og er et…
Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
På Norsk Industriarbeidermuseum - Vemork får du et nært møte med norsk industri og…
Skåtøy er den største øya i skjærgården, og byr på flotte turmuligheter for alle og…