Utforsk Telemark

EN

NO

Sesongopning av Vest-Telemark Museum Eidsborg 2020

TypeMaleri-grafikk-tegning

Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Sesongopning av Vest-Telemark Museum Eidsborg 2020 til i reiseruten din.

Product Image

Om

Ein viktig del av bunaden er forklebanda. I denne utstillinga fokuserar me på plukkebandteknikken. Dette er ein tradisjon som går attende til 1700-talet med eit stort mangfald av mønster og fargar – ulike frå region til region. Men no er det færre som vev og dei som kjøper bunad er ikkje alltid så nøye på kvar banda kjem frå. Har du eit handvove band eller eit fabrikkvove? Eli Vesaas og Sigrunn Lie Brattekås har arbeidd med bok om plukkeband, og særskild sett på tradisjonen i Vest-Telemark – men også Aust-Telemark og Midt-Telemark. VTM har samarbeidd med dei om å gjere ei utstilling og på opninga vil me presentere denne. Knut Buen og Ellen Nordstoga kjem også og fargelegg programmet musikalsk.

Elles opnar også museet ny knivutstilling og ny fast utstilling av Fellandsamlinga. Aanund Felland (1915 - 1997) frå Mo var ein ihuga samlar av biletkunst, folkekunst, brukskunst og antikvitgetar.  Samlinga har no fått permanent utstillingsplass i Eidsborg. Ei samling som inneheld mangt og mykje og er stilt ut på ein spanande måte der historiar vert fortald ved hjelp av ljos.

 

13.00    Ellen Nordstoga opnar med ord om handarbeidet og Ved håndarbeidet av Claus Friman

13.10    Sigrunn Lie Brattekås kåserer om bunadsband og arbeidet med boka

13.30     Knut Buen spelar og fortel

13.50     Olav Felland presenterer samlaren Aanund Felland

14.15     Knut Buen avrundar programmet

14.20     Slutt

 

Etter programmet vert det omvisingar i utstillingane og kafèen serverer buffet.

 

Museet opnar 11.00 og er ope til 17.00.

Vel møtt til ny museumssesong!

Museet har dagleg ope frå 1.mai. Sjå www.vtm.no

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    29 m Unna
  2. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.93 km Unna
  3. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    22.59 km Unna
  1. Kviteseidbyen

    Opplev sjarmerende Kviteseidbyen ved Telemarkskanalen! Utforsk lokale kafeer, butikker og…

    27.54 km Unna
  2. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    30.94 km Unna
  3. Kviteseid gamle steinkyrkje

    Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…

    31.13 km Unna
  4. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    32.90 km Unna
  5. Fjoneferja

    Fjoneferja i Nissedal, MF Nissen, frakter passasjerer og biler over det vel 500 meter…

    41.51 km Unna
  6. Z-Museum

    Samlingene hos Z-Museum i Treungen omfatter tusenvis av sjeldne objekter. Her kan du gå…

    58.13 km Unna
  7. Jettegrytene

    Vatnet har forma eit stort stykke kunstverk sør i Nissedal. Jettegryter på rekkje og rad…

    61.38 km Unna
  8. Hillestad Galleri

    Hillestad Galleri åpnet i 1985. Siden den gang har det blitt mange utstillinger av kjente…

    73.74 km Unna
  9. Elvarheim Museum

    Museet forteller om Åmlis kultur- og naturhistorie. Her finnes en samling av utstoppede…

    81.75 km Unna
  10. Piano Interiør

    Piano Interiør er en butikk som selger god stemning. Å ta det “piano” betyr i…

    81.90 km Unna
  11. Frolands Verk

    Et stykke kultur på Sørlandet.

    111.98 km Unna
  12. Birkenes Bygdemuseum Grasham

    Grasham gård er Birkenes bygdemuseums kjerne.

    129.93 km Unna
  13. Birkenes Bygdemuseum - Myhre Torvstrøfabrikk

    Birkenes Bygdemuseum - Myhre Torvstrøfabrikk - er Norges eneste torvstrømuseum.

    131.12 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av