Utforsk Telemark

EN

NO

Jettegrytene

TypeNaturattraksjon

3854, Nissedal

Legg Jettegrytene til i reiseruten din.

jente hopper i vann i jettegrytene i Nissedal
  • jente hopper i vann i jettegrytene i Nissedal
  • jente og to gutter bader i Jettegrytene i Nissedal
  • jettegrytene i Nissedal
  • ungdommer som bader i Jettegrytene i Nissedal
  • jettegrytene-i-Nissedal
  • ungdommer som bader i Jettegrytene i Nissedal

Om

Jettegrytene er runde eller lange fordjupningar i fast fjell. Dei oppstår ved erosjon av vatn som har sett steinar og grus i roterande rørsler. Jettegryter finn ein oftast i stryk og fossar, der vatnet har stor fart og dannar kvervlar. Jettegryter finn ein også på stader der det no ikkje er elvar. Desse erlaga av smeltevatn under istida. Jettegrytene kan bli fleire meter i diameter og 10-20 meter djupe.

Elva Fyresåna har gjennom uminnelege tider snurra rundt med stein og grus i elveleiet, som sidan er blitt regulert for straumproduksjon. Før kraftutbyggjarane gjekk til verket, var jettegrytene ein godt verna løyndom under vatnet. Fyrst då ein stor del av vassmassane blei lagt i røyr, kom dei runde fordjupningane i elveleiet til syne. Dette naturfenomenet finn ein heilt sør i kommunen, ved den vesle bygda Eikhom, ei mil frå Telemarksvegen. Det er fylkesveg fram til kraftstasjonen. Der må du betale parkerings-/vegavgift. Avgifta skal skaffe det økonomiske grunnlaget mellom anna til vedlikehald og opparbeiding av parkeringsplass.

Ynda badeplass
Jettegrytene ligg i ein trong dal med berg på båe sider, der sola verkeleg får tak. Det brenn under nakne føter på fjellgrunn! Ikkje rart at dette i årevis har vore ein ynda badeplass for bygdefolk. Grytene er nærast som varme kjelder å rekne. Jettegrytene har vore ein godt verna løyndom for dei fleste. Ein heilsides reportasje i Aftenposten om dei flotte fjellformasjonane, endra dette ganske så drastisk. Staden vart dessutan kåra til årets badestad 1999 av NRK Telemark, Vestfold og Buskerud. Hugs! Dette er eit område på bare 300 meter, med gryter og sklier, nesten som eit naturleg sommarland Det er difor svært sårbart: Skulle nokon lage bål på svaberga, risikerer ein at fjellet slår sprekkar. Ver naturvenleg, ikkje legg att søppel og pass godt på badeperla vår. På førehand takk.

Adkomst
Det går an å sykle inn til jettegrytene, men det kan vere noko "kronglete" å få sykkelen over bommen. 
Om du vel å gå, så kan du ta snarvegen under tømmerrenna (det er forbod mot å gå oppe i tømmerrenna), eller gå vegen rundt. Stien under tømmerrenna er ikkje godt merka, går delvis i ulendt og krevjande terreng, og er difor ikkje eigna for ungar under skulepliktig alder, folk med barnevogner osb. Bruk solid fottøy, t.d. fjellsko, solide joggesko o.l. 

Frå Dynjanfoss kraftstasjon og inn til jettegrytene er det:
- ca. 7 km med sykkel 
- ca. 2 km til fots under tømmerrenna (ta til høgre rett etter brua ved Dynjanfoss kraftstasjon).

Fasiliteter

Natur og terreng

  • badeplass

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35045111

Også i nærheten

  1. Z-Museum

    Samlingene hos Z-Museum i Treungen omfatter tusenvis av sjeldne objekter. Her kan du gå…

    13.43 km Unna
  2. Hillestad Galleri

    Hillestad Galleri har stort utvalg i moderne brukskunst, gavebutikk og kafé.

    17.31 km Unna
  3. Elvarheim Museum

    Museet forteller om Åmlis kultur- og naturhistorie. Her finnes en samling av utstoppede…

    20.49 km Unna
  1. Piano Interiør

    Piano Interiør er en butikk som selger god stemning. Å ta det “piano” betyr i…

    20.70 km Unna
  2. Fjoneferja

    Noregs minste kabelferje fraktar deg over Fjonesundet mellom Nissedal og Fjone.

    27.70 km Unna
  3. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    47.46 km Unna
  4. Kviteseid gamle steinkyrkje

    Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…

    47.48 km Unna
  5. Frolands Verk

    Et stykke kultur på Sørlandet. 

    50.61 km Unna
  6. Kviteseidbyen

    Opplev sjarmerende Kviteseidbyen ved Telemarkskanalen! Utforsk lokale kafeer, butikker og…

    52.17 km Unna
  7. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    60.09 km Unna
  8. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    61.41 km Unna
  9. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    61.54 km Unna
  10. Birkenes Bygdemuseum Grasham

    Grasham gård er Birkenes bygdemuseums kjerne.

    71.00 km Unna
  11. Birkenes Bygdemuseum - Myhre Torvstrøfabrikk

    Birkenes Bygdemuseum - Myhre Torvstrøfabrikk - er Norges eneste torvstrømuseum.

    71.99 km Unna
  12. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    73.28 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av