For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

English

Norsk

Skorve

TypeVandring

Brøløsvegen 28, 3840, Seljord

Legg Skorve til i reiseruten din.

Skorve
Vanskelighetsgrad
krevende 
ekspert 
Lengde
lengde i km14 km
Tid
Passer for
Voksen 
Familie 
Terreng
fjell 
bratt 
Sesong

Om

Topptur til flyvrak
Skorve er eit av dei høgaste fjella i Seljord, med to toppar, Gøysen (1370 moh.) og Nordnibba (1365 moh.). Under andre verdskrig styrta to fly på Skorve. Desse tragiske hendingane gjekk føre seg hausten 1944. Det eine var eit alliert fly som var ute med våpenslepp til den norske heimefronten. Berre ein månad seinare styrta nok ei fly i Skorvefjella, på Hestnutan, nokre få kilometer mot nordvest. Dette var eit tysk passasjerfly. Vrakdelane ligg framleis i terrenget som ei påminning om krigskampane i Telemark.

Flott og krevande dagstur med formidabelt utsyn over fjellheimen i Telemark. Du kjem raskt over tregrensa så sørg for å pakke sekken med ekstra varme klede og vindtett jakke. Hugs at veret kan skifte fort i fjellet!

Starten på turen er bratt og du går gjennom tett skog som etterkvart opnar seg og du får flott utsikt utover Kivledalen. På vegen opp er det skilta så du kan oppleve vraket av Liberatoren som ligg ved Gøysen. Det høgaste punktet på turen er varden på Gøysen 1370 moh. Her kan du nyte utsikta over mest heile Telemark!

Startpunkt
Startpunktet for stigen er i Kivledalen, ved parkeringsplassen på Haugan. Når du har nådd varden på Gøysen kan du sjølv velje om du vil gå same vegen tilbake (10,2 km tur/retur) eller om du vil ta turen vidare til den nest høgste toppen, Nordnibba (1365 moh). Vel du rundturen (14 km) følgjer du stigen frå Nordnibba vidare ned gjennom Finndalen til Skriustøl. Frå Skriustøl følgjer du grusvegen tilbake til parkeringsplassen på Haugan.

Køyreforklaring
Start turen ved turistinformasjonen i Seljord sentrum. Køyr 500 m vestover. Sving til høgre opp Gullnesvegen. Du køyrer gjennom eit byggjefelt med mange stikkvegar til høgre og venstre, men hald deg på Gullnesvegen. Du køyrer 10 minutt på grusvegen inn i Kivledalen, til P-plassen ved Haugan.

Fasiliteter

Sesong

  • august
  • juli
  • juni
  • september

TripAdvisor

Kart

Avstander

Kontakt

35 05 04 00

Også i nærheten

  1. Bjørgefjell

    I Bjørgefjell kan du velje ulike turstiar i kulturlandskapet. Nedre del av løypa er lett...

    1.24 km Unna
  2. Hanakamjuvet

    LETT RUNDTUR som er fin å gå med barn.

    1.61 km Unna
  3. Øverbø, Morgedal

    Denne turen startar ved Norsk Skieventyr og tek deg til husmannsplassen kor skilegenda...

    11.85 km Unna
  1. Venelifjell Turområde i Vrådal

    Dette er en fantastisk fin topptur som passer for hele familien! Du kommer fort opp i...

    20.03 km Unna
  2. Hægefjell Vrådal

    Topptur til den majestetiske fjelltoppen Hægefjell. Turen byr på fint fjellterreng og...

    22.51 km Unna
  3. Hægefjell Nissedal

    EIN FLOTT FJELLTUR for dei som er spreke til beins – det er
    bratt opp fjellet.

    30.02 km Unna
  4. Fyresdal - Roan

    KREVJANDE TUR
    med flott utsikt frå toppen.

    31.12 km Unna
  5. Hjartdal - Bjårvatn rundt

    LETT TUR for heile familien gjennom flott natur, full av kultur

    og historie.

    31.47 km Unna
  6. Lårdalstigen

    Lårdalstigen er ein fantastisk turveg mellom Lårdal og Dalen i Telemark. Mykje av turen...

    34.21 km Unna
  7. Brynesteinsvandring

    Spennande turveg frå Vest-Telemark Museum i Eidsborg til det historiske Brynesteinsbrotet...

    34.54 km Unna
  8. Bufjordstigen på Dalen

    Sjarmerande tur langs Telemarkskanalen, forbi historiske Dalen Hotel og gjennom "jungel"...

    34.54 km Unna
  9. I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg

    Fottur spekka med kultur og historie.

    35.23 km Unna
  10. Helveteshylen

    Rundtur ut frå Dalen der du kryssar Tokkeåi via hengebrua over Helveteshylen.

    36.48 km Unna
  11. Kvennavegen

    Ta båten til Noregs høgastliggande kyrkjesokn og vandre langs Kvennavassdraget på...

    37.32 km Unna
  12. Skulpturvandring Vidsyn - Oksatjønn

    Turen til Vidsyn og vidare rundt Oksatjønn er ei 4 km lang rundløype. Turen startar ved...

    38.88 km Unna
  13. Gaustatoppen fra Stavsro

    Ønsker du å ta deg til toppen av Gaustatoppen til fots, er beste løype fra Stavsro. Den...

    39.24 km Unna
Previous Next