For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

English

Norsk

Skulpturvandring Vidsyn - Oksatjønn

TypeVandring

Rjukanvegen 1066, 3864, Rauland

Legg Skulpturvandring Vidsyn - Oksatjønn til i reiseruten din.

Skulpturvandring Vidsyn - Oksatjønn
Vanskelighetsgrad
middels 
Lengde
lengde i km4.5 km
Tid
2 timer 
Passer for
Voksen 
Terreng
fjell 
utsikt 
Sesong

Om

Turen til Vidsyn og vidare rundt Oksatjønn er ei 4 km lang rundløype. Turen startar ved Vierli Kaféteria ved undergangen under fylkesvegen. Følg merka tursti til toppen av Vierlinuten (1100 m.o.h.). Her finn du skulpturen Vidsyn. Følg stien vidare over åskammen mot Oksatjønn. Løypa er delvis opparbeida med grus og går over i tørr sti. Det er nokre myrområder undervegs med klopper. Stien er godt merka og kan forlengast med å gå rundløypa Silkeldalen (4 km).

Dette er ei skulpturvandring som byr på både utsyn og innsikt! På toppen av Vierlinuten tronar skulpturen Vidsyn. Skulpturen, som er laga av kunstnaren Hilde Mæhlum, er meint å vera til glede og forundring for fastbuande og farande folk. Den polerte framsida av skulpturen er nemleg omvendt! Nasen går innover! Frå vårt fyrste år har hjernen lært seg at nasen på folk går utover og at augo ligg innafor. Men går du ein stubb unna, slappar av og myser med augo, så tek hjernen over og rettar opp det range. Nasen kjem utover og hjernen din har laga den fornuftige versjon av skulpturen - inni deg! Og kanskje endå rarare: går du sakte forbi og ser på skulpturen heile tida, så fylgjer han deg med augo. Står du austafor skulpturen ser han austover, står du vestafor ser han vestover! Han heiter såleis "Vidsyn" med rette.

Frå skulpturen ser du utover vasspegelen Møsvatn, eit område som no er på UNESCOS verdsarvliste. Her har det vore drive banebrytande verksemd basert på vasskraft i over 100 år. Oppdemminga av Møsvatn er opphavet til industrieventyret Rjukan-Notodden og framveksten av velferdsstaten Noreg. Eit Vidsyn med rette! Men visste du at oppdemminga av Møsvatn fekk store konsekvensar for innbyggjarane? Frå å bu i ei naturskjønn fjellbygd vart dei plutseleg øybuarar. Den no veglause bygda har vatnet som veg, både sommar og vinter. Når du nyt utsynet kan du sjå for deg gardar, staular og beitelandskap som ligg gøymd under vasspegelen.

Fasiliteter

Sesong

  • august
  • juli
  • juni
  • september

TripAdvisor

Kart

Avstander

Kontakt

35 06 26 30

Også i nærheten

  1. Ravnejuv

    350m høgt stup med oppdrift!

    28.72 km Unna
  2. Øverbø

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    30.83 km Unna
  3. Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    34.25 km Unna