Utforsk Telemark

EN

NO

Dyre Vaa-samlingane i Rauland

TypeSkulpturer

Midtre Såtehov 3, 3864, Rauland

Legg Dyre Vaa-samlingane i Rauland til i reiseruten din.

Fra NOK 45,00
Dyre Vaa-samlingane, Rauland, Vest-Telemark museum.
  • Dyre Vaa-samlingane, Rauland, Vest-Telemark museum.
  • Dyre Vaa-samlingane i Rauland, Vest-Telemark museum.
  • Anne Joronn Sætre, Dyre Vaa-samlingane i Rauland, Vest-Telemark museum.
  • Dyre Vaa-samlingane i Rauland, Vest-Telemark Museum.
  • Dyre Vaa-samlingane i Rauland, Vest-Telemark museum.
  • Dyre Vaa-samlingane i Rauland, Vest-Telemark Museum.
  • Dyre Vaa-samlingane i Rauland, Vest-Telemark museum.
  • Dyre Vaa-samlingane i Rauland, Vest-Telemark museum.
  • Dyre Vaa-samlingane i Rauland, Vest-Telemark museum.
  • Dyre Vaa-samlingane i Rauland, Vest-Telemark museum.
  • Skulptur ute, mor med born. Dyre Vaa-samlingane i Rauland.
Vanskelighetsgrad:
Distanse:
Tid
Terreng
Sesong:
Passer For:

Om

Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av bilethoggaren Dyre Vaa.
Også Tor Vaa, son av Dyre, er representert med ei eiga avdeling i tillegg til biletkunstnaren Svallaug Svalastoga.


Dyre Vaa (1903-1980)
Ved sida av Gustav Vigeland er Dyre Vaa den bilethoggaren som i sterkast grad har prega norsk skulpturmiljø. Ingen annan bilethoggar har vunne så mange tevlingar som han.

Dyre Vaa vaks opp i Kviteseid, men flytte til Rauland tidleg i 1930-åra.
Det var mange kunstnarar i Vaa-slekta, lyrikaren Aslaug Vaa var den eldste systera, og forfattaren Tarjei Vesaas og komponisten Eivind Groven var tremenningar.

Dyre Vaa gifte seg med Thora Bojer, dotter av forfattaren Johan Bojer. Thora hadde bl.a. bakgrunn som kunsthistorikar, og ho vart nytta som kritikar, rådgjevar og modell. Familien budde og i periodar i Asker.

Dyre Vaa debuterte på Haustutstillinga allereie som 20-åring, og vart då kjøpt inn til Nasjonalgalleriet.

«Mennesket» møter naturen er tittelen på fire store figurar på Ankerbrua i Oslo. Det var medan han arbeidde med desse på 1930-talet at han flytte til Rauland, og der vart han buande resten av livet.

Andre kjende arbeid er «Ulvane» på Alexander Kiellands plass i Oslo, Sjømannsmonumentet i Bergen, Holberg-monumentet ved Nationaltheatret og «Svanene» ved Oslo rådhus.

Det er usikkert kor mange kunstverk Dyre Vaa har produsert. Noko er øydelagt og noko forkasta han sjølv. Truleg er det 250 skulpturar og byster, kanskje 1000 måleri og 31 litografiar.

Podkast om Dyre Vaa: Anne Joronn Sætre: - Far var ein glad mann 

Vinje kommune fekk dei fleste gipsfigurane av Dyre Vaa på 1970-talet. I museet kan du sjå mykje av hans arbeid, både skulpturar, måleri og teikningar.

Tor Vaa (1928-2008)
Tor Vaa vart fødd i Oslo i 1928 og vaks opp på Rauland i Vinje saman med foreldra Thora og Dyre Vaa og fem sysken.

Då Tor var 18 år gammal starta han som elev hjå far sin. Seinare studerte han ved kunstakademiet i Oslo og kunstakademiet i København. I tillegg hadde han mange studiereiser i Europa, også saman med faren Dyre Vaa.

Tor Vaa arbeidde mykje med tolking av naturen, gjennom skulptur, relieff, teikningar og maleri. I 1949 og 1961 fekk han Statens kunstnarstipend og i 1951 stipend frå Fondet for dansk-norsk samarbeid. Frå 1979 hadde han Statens garantiinntekt og frå 1990 kunstnarløn frå Vinje kommune.

Tor Vaa var berre 19 år gamal då han debuterte på Haustutstillinga, med eit portrett i kleberstein av systra Anne Joronn, kalla «Gunga». Han nytta gjerne syskena sine som modellar.

Andre høgt akta verk av Tor Vaa er mellom anna skulpturen «7 år», omtalt som ein av dei finaste barneskulpturane i landet, og ein skulptur av Henrik Wergeland laga for Katedralskulen i Oslo i samband med skulen sitt 800-årsjubileum.

 

Svallaug Svalastoga (1920- 1978)

Svallaug Svalastoga er best kjend som grafikar, og fann tidleg fram til tresnittet. Bileta hennar tek utgangspunkt i naturen, og motiva er ofte blomar og dyr som er basert på grundige studiar.

I seinare år budde ho i Lofoten, og motiva her skildrar fjellformasjonar, holmelandskap med fuglar og steinar. 

Svallaug blei utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo (1945 - 1948, 1956 - 1957), og på Statens kunstakademi i Oslo under Aage Storstein (1948–1951).

Ho har hatt separatutstillingar og deltatt i gruppeutstillingar i India, Sør-Amerika, USA og Italia, og mange stader i heimlandet. Ho er innkjøpt av m.a. Nasjonalgalleriet, Bergen billedgalleri, Lårdal bygdemuseum (VTM), Statens museum for kunst, København og The Dittman Coll. og Oregon State University Coll., USA

I 1960 mottok ho Grafikerprisen.

Familien gav delar av samlinga etter henne til Vinje kommune.

Ta kontakt med oss for gruppeomvising utanom sommarsesong.


E-post: booking@vtm.no

​​​​​​Tlf: 35069090

Fasiliteter

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • omvisning i åpningstiden

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Born 6-15 årNOK 45,00 pr. person
FamiliebillettNOK 230,00 per dag
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr 800,-NOK 70,00 pr. person
Honnør/studentNOK 70,00 pr. person
VaksenNOK 90,00 pr. person

Med forbehold om prisendringer.

Kart

Kontakt

+47 35 06 90 90

Åpningstider

Sesong (25 Jun 2023 - 15 Aug 2023)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Søndag11:00 - 17:00

* Omvising for grupper kan tingast heile året, så sant vér og føre tillet det.

Også i nærheten

  1. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    123 m Unna
  2. Telemarkstunet ved Raulandsakademiet

    Handverksutstilling, handverkarverkstadar, sommarkafè, steinomnsbakeri, konsertar og…

    546 m Unna
  3. Raulandsakademiet

    Raulandsakademiet er eit kurssenter, ein vandrarheim og og eit levande bygdetun.

    541 m Unna
  1. Badstuer på Vierli

    Hva med en avslappende start på dagen eller et herlig avbrekk etter skidagen? En av…

    8.68 km Unna
  2. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    15.45 km Unna
  3. Kikkeskåp, Skuldalsbruri

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    15.70 km Unna
  4. Eva Bull Holtes Museum

    Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…

    18.01 km Unna
  5. Hardangervidda Nasjonalparksenter

    Hardangervidda Nasjonalparksenter har en prisbelønnet interaktiv utstilling om natur og…

    19.65 km Unna
  6. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    22.15 km Unna
  7. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    24.87 km Unna
  8. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    25.54 km Unna
  9. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    25.72 km Unna
  10. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    27.55 km Unna
  11. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling - det kjem ny utstilling i 2022, følg med for nærmare info!

    27.89 km Unna
  12. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    28.07 km Unna
  13. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    29.47 km Unna
Previous Next

Se også

Knut Skinnarland Sculptural Art Collection - Rauland Kunstmuseum, Vest-Telemark Museum.Skinnarlandsamlinga på Rauland, VinjeSkinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av skulpturar, teikningar og grafikk. Museet syner og ein kopi av atelieret hans i Rauland. I tillegg er det kvart år nye sær- og salsutstillingar.

Ikke gå glipp av