
Telemarkfestivalen 2026 | FredagsFOLK
Opplev Arven etter Agnes, AySay og Reolô på Telemarkfestivalen! Ein kveld med legendarisk folkemusikk, anatolsk pop og rå dystopi. Sikre deg plass nå!
Om
FredagsFOLK: Rosensfole 2026, AySay, Reolô
Fredag 7. august 2026
Kroa i Bø, kl. 20:00
435,- inkl. bill.avg. (Ein billett for heile kvelden)
Velkommen til det som garantert vert ein fantastisek konsetkveld på Kroa i Bø fredag 7. august:
Kl 20:00 – Dørene opnar
Kl 21:00 – Rosensfole 2026
Ca kl 22:30 – AySay
Ca kl 00:00 – Reolô
Obs! 18 års aldersgrense med vergeordning.
————————————————
Kl. 21:00 – Rosensfole 2026
Legendarisk plate i ny tapning
I november 2025 presenterte Riksscenen i Oslo konserten, «Arven etter Agnes». Som ein del av denne konserten framførte barnebarnet Magnhild Garnås Haugen og eit flott band leia av bøhering Audun Rørmark eit knippe låtar frå den legendariske plata, «Rosensfole», som Agnes Buen Garnås og Jan Garbarek gav ut i 1989. Dette gav meirsmak og bandet har heldt fram med å vidareutvikle repertoaret, så vel som å skape ny musikk i lag.
I denne konserten vil ein av landets mest framstormande, unge kvedarar og eit stjernelag av unge jazz- og folkemusikarar blese nytt liv i den velkjende og folkekjære plata med eigne tolkingar. Dei vil òg presentere heilt ny musikk, skrive av Magnhild Garnås Haugen, for alle første gong.
Det er mykje snakk om folkemusikkbølga som herjar for tida, og me er ganske sikre på at denne konserten vil syte for at denne bølga tek til i styrke!
Medverkande:
Magnhild Garnås Haugen – vokal
Audun Rørmark – fele, vokal
Jon Espelid – trommer
Gard Kronborg – bass
Benjamin Gisli – piano
Ola Erlien – gitar
Ca. kl 22:30 – AySay
Dansbare danskar
AySay er eit band som foreinar anatolske folketradisjonar og nordisk elektronika gjennom røtene til vokalist Luna Ersahin. På tyrkisk, kurdisk og dansk skaper dei eit psykedelisk rom der grensene blir viska ut, og berre den rå, menneskelege opplevinga står att – ein stad mellom håp og håpløyse. Musikken til AySay hyllar mangfaldet og byggjer bru mellom kulturar, noko som gjer dei til ei markant røyst på den globale musikkscena.
Med Luna Ersahin sin dragande og kraftfulle vokal i front, og dei virtuose musikarane Aske Døssing Bendixen og Carl West Hosbond ved si side, skaper AySay eit musikalsk univers som tek lyttaren frå nordiske landskap til hjartet av Anatolia. Ved å kombinere tradisjonelle instrument som saz med moderne pop og elektroniske element, formar AySay eit nyskapande lydbilete som bryt med sjangrar og samlar verder.
Me har prøvd i fleire år, og no klaffa det endeleg med å få AySay på Telemarkfestivalen!
Medverkande:
Luna Ersahin – vokal, saz, synth
Aske Døssing Bendixen – perkusjon, elektronikk
Carl West Hosbond – gitar
Ca. kl 00:00 – Reolô
Dystopi har aldri vore tøffare
Reolô er ein kvartett beståande av sprelske multi-instrumentalistar med utgangspunkt i norsk folkemusikk og den noko vage nemninga «open klasse». I mars 2025 sleppte dei plata «Dystopi Delete» til storslåtte meldingar.
Musikalsk rører bandet seg frå norsk slåttemusikk, via rocka groover med inspirasjon frå både Vest-Afrika og Amerika, til reine energiutblåsingar. Eller som Arvid Skancke-Knutsen skreiv i Klassekampen: «som om Velvet Underground i all hemmelegheit hadde øvd i årevis i eit stabbur». Reolô viser ein musikalsk heilskap i all sin variasjon, sitt alvor og si leikenheit.
Med tekstar om prepping, saueflokken i full fart mot stupet og ein hard vår prøver bandet å treffe samtida presist, medan fokuset på groove, tett samspel og gammaldags tonalitet gjev musikken eit smått tidlaust preg. Reolô har vorte eit slags «superband» – både innan norsk folkemusikk og rock.
Medverkande:
Anders Røine – vokal, gitar, langeleik, munnharpe
Hans Kjorstad – vokal, fele, synth
Rasmus Kjorstad – fele, oktavfele
Hans Hulbækmo – trommer, perkusjon, munnharpe, vokal
Magnus Skavhaug Nergaard – bass
Velkomen!
Sted
Åpningstider
Kroa i Bø
7. aug. 2026 - 8. aug. 2026
fredag: 20:00 - 01:30
Praktisk informasjon
- Festival
Gullbringvegen 34, Kroa i Bø, 3800 Bø i Telemark
59.58188095567466, 8.535365846655854
Arrangementer i nærheten

Nye Sjodar | Alf Tveit, Per Anders Buen Garnås, Lars-Ingar Meyer Fjeld
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Tattoo med Hans Majestet Kongens Gardes musikkorps
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Telemarkfestivalen 2026 | Tingingsverk: «Hornblend»
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Telemarkfestivalen 2026 | Tingingsverk: «Viser frå før»
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Telemarkfestivalen 2026 | Sam Amidon
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Telemarkfestivalen 2026 | LaurdagsFOLK
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Telemarkfestivalen 2026 | Bråten Berg, Solberg, Solberg, Flottorp
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Telemarkfestivalen 2026 | Jonas Alaska med Johanne Flottorp
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Tom Jackie Haugen: Oppvekst og Forfall
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Creedence StoryNight - med Fortunate Sons
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Lyttelaug #7: Waage/Ring/Nyberg + Uniah
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Bøker i Bø 2026
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Bøker i Bø: Dag Solstad - foredrag
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Bøker i Bø: Kjell Aukrust - foredrag
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Bøker i Bø: Forfattarstudentanes antologilansering
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Bøker i Bø: Samtaler om bøker og bygda
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Bøker i Bø: Attrå - Erotiske fantasiar - Førlansering
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Bøker i Bø: Festivalopning
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark
Aktiviteter i nærheten

Bø Hotell
Gullbringvegen 32, 3800 Bø i Telemark

Restaurant Bø Hotell
Gullbringvegen 32, 3800 Bø i Telemark

Bø Hotell
Gullbringvegen 32, 3800 Bø i Telemark

Turistkontoret i Bø
Bøgata 52, 3800 Bø i Telemark

Fiskemuligheter i Midt-Telemark
Bøgata 52, 3800 Bø i Telemark

Solsida
Sluseveien 24, 3825 Lunde

Dattebayo Bø
Folkestadvegen 1, 3800 Bø i Telemark

Beverøya Camping
Gvarvvegen 80, 3801 Bø

First Camp Bø - Telemark
Lifjellvegen 51, 3800 Bø i Telemark

Høyt & Lavt Klatrepark Bø i Telemark
Lifjellvegen 51, 3804 Bø i Telemark

Bø Sommarland - Skandinavias største badeland!
Steintjønnvegen 2, 3800 Bø i Telemark

Folkestadåsene

Lifjell Skisenter og Vinterland
Lifjellvegen 833, 3804 Bø i Telemark

Øysteinnatten Lifjell
3800 Bø i Telemark

Svenseid Alpakka
Haugenvegen 3, 3825 Lunde

Lifjell toppturområde
Lifjellvegen, 3804 Bø i Telemark

Lifjelltunet
Lifjelltunet, Krintovegen 70, 3804 Bø i Telemark




