Utforsk Telemark

EN

NO

Bli med og stift lokallag i Vest-Telemark!

TypeAndre arrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Bli med og stift lokallag i Vest-Telemark! til i reiseruten din.

Gamle hus på Uppistog Vindlaus, Vest-Telemark museum.

Om

Hei, alle gode eldsjeler som interesserar seg for gamle hus, tun og tradisjonar.

Ein liten flokk her i Vest-Telemark har sett trongen for og har lyst til å starte opp eit lokallag med eit positivt fokus som engasjerar og inspirerar. Me ynskjer å vera synlege i alle kommunane i Vest-Telemark med til dømes medlemsmøte med foredrag, ymse temadager, bygdedagar, samarbeid med andre lag og me vil skipa til turar til interessante og inspirerande tun og menneske. Me ynskjer eit lokallag lagt til rette for barnefamiliar, so alle kan vera med. Dette skal også vera moro for born.

Me ynskjer at medlemene skal kunne koma med sine gode idear og engasjere seg, sjølv om dei ikkje sit i styret. I dette høvet bed me deg til ope stiftingsmøte. Medlemer av Fortidsminneforeininga har røysterett på denne samlinga. Er du ikkje medlem og ynskjer å bli det, kan du skrivast inn og vera med og røyste på det nye styret.

Tid: Søndag 11. februar kl. 13:00

Stad: Vest-Telemark museum Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Me ynskjer fleire som kan stille til val som styremedlemer og valnemd, meld gjerne di interesse til Thomas på thomas_san_jak@hotmail.com eller på telefon 986 41 431.

Program:

1300: Me startar med litt mat i museumskafeen. Eigenandel 100 kr pr. pers. Innskriving av røysteføre,

nye medlemer og innskriving for dykk som ynskjer å stå på valglista som styremedlem.

1330: Informasjon om bygningsverntjenesten, Trond Arild Pedersen.

1345: Kvifor mitt engasjement, Ellen Nordstoga.

1400: Informasjon om «Lys i gamle hus i Vinje» ved Silje Hagen.

1415: Kva er eit lokallag og kvifor vil me ha det? Thomas Sandvik Jakobsen.

1430: Innspel og dialog om vidare arbeid, kaffe og kakur.

1500: Val og stiftingsprotokoll med gjennomgang av vedtekter.

Dette ynskjer me å dekke: Styreleiar, nestleiar, kasserar, skrivar, og valnemnd.

Valet gjeld inntil fyrste ordinære årsmøte, 2025

1600: Avslutning

 

Velkomen skal du vera.

Me gler oss til å sjå deg og treng dine gode idear og innspel!

Helsing arbeidsgruppa

TripAdvisor

Kart

Kontakt

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    29 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    62 m Unna
  3. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    119 m Unna
  1. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    207 m Unna
  2. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    909 m Unna
  3. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    2.03 km Unna
  4. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    2.38 km Unna
  5. Nøsteriet

    Nøsteriet AS er en koselig garnbutikk med et bredt utvalg kvalitetsgarn fra kjente…

    2.50 km Unna
  6. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    2.53 km Unna
  7. Soria Moria Sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    2.58 km Unna
  8. Mariannes Galleri & Atelier

    I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…

    3.66 km Unna
  9. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    3.86 km Unna
  10. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.56 km Unna
  11. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  12. Thor Fine Art Gallery

    Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…

    10.67 km Unna
  13. Galleri Karen

    Galleri Karen er eit galleri som ligg på Høydalsmo i Tokke Kommune. Det er Galleri,…

    10.71 km Unna
Previous Next

Sist viste

  1. Lårdal Upp

    Type

    Sport

    Høydalsmo IL og Lårdal Vel arrangerar motbakkeløpet Lårdal Upp for femte gong. Dette er eit…

  2. Mexikansk aften

    Type

    Mat

    Tokke Bygdekvinnelag arrangerer Mexicansk aften. Møt mexicansk mat, kultur og stemning på Dalen…

  3. Haustmarknad på Dalen

    Type

    Marked/Martna

    Det blir baklukesal og salsbodar der lokale aktørar sel kortreise varer. Lag og foreiningar får…

  4. Gamle bilete frå Lårdal

    Type

    Kulturarrangement

    Magne Ljosdal og Tarjei Førstøyl syner gamle bilete av gardar, hus og husmannsplassar frå Lårdal.…

  5. Konsert i Sølvsynken, Åmdals Verk Gruver

    Type

    Museumsarrangement

    Kosert i Sølvsynken med KNOT, Nils -Ole Lien og Knut Tore Bratland
    Inngang vaksne kr. 100,-, Born…

  6. Vandringsmannen av Olaf Willums

    Type

    Utstilling

    Olaf Willums (1886-1967) var ein kjent norsk grafikar, fødd i Porsgrunn, med stor produksjon innan…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av