Utforsk Telemark

EN

NO

Eidsborgseminaret 2022 - Eidsborgbryne i vikingtid og mellomalder

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Eidsborgseminaret 2022 - Eidsborgbryne i vikingtid og mellomalder til i reiseruten din.

Brynesteinbrotet

Om

Eidsborgbryne er ei svært viktig arkeologisk kjelde, og vitnar om handelskontakt og samkvem gjennom svært lang tid. Ein reknar produksjon av bryne frå rundt år 700 og siste lasta gjekk ned Telemarkskanalen i 1952. Transporten og handelen batt Telemark og Vestfold saman, og det var eit viktig grunnlag for framveksten av Skien som by og Kaupang som handelsstad. Brynesteinen set også den vesle bygda Eidsborg i Tokke, Telemarksvassdraget og dei tidlege handelsstadene i ein omfattande internasjonal kontekst.

Program
Fredag 21. oktober:

09.30: Velkommen og innleiing ved Dag Rorgemoen, direktør Vest-Telemark Museum. Lansering av boka «Eidsborgbryne – Utmarksressurs og handelsvare i vikingtid og mellomalder».
09.55: Opning ved nestleiar i hovudutvalet for kultur, Sigvald Oppebøen Hansen.
10.00 – 10.45: Professor emeritus Olav Solberg (USN) om brynestein og språk.
11.00 – 11.45: Arkeolog Terje Gansum (Vestfold og Telemark fylkeskommune) om framveksten av Skien som handsstad og by og eidsborgbryna si rolle
LUNSJ
12.30 – 13.15: Arkeolog Jens Rytter (Riksantikvaren) om bruken av gevir i kamproduksjon i mellomalderen, men med linjer til vikingtid og jarnalder.
13.30 – 14.15: Arkeolog Ragnar Orten Lie (Vestfold og Telemark fylkeskommune): Falkefangst på Hardangervidda. Fangst, transport og kongelege nettverk.
14.30 – 15.15: Treskjerar Boni Wiik om praktiske eigenskapar ved ulike typar eidsborgbryne
15.30 – 15.45: Feltansvarleg Brynhildur Bardursdottir (Vestfold og Telemark fylkeskommune) om registrering av brynesteinsbrota og feltsesongen 2022.

Lunsj i kafeen: Varmrett og kaldmatbuffé (350,-). Forfriskingar undervegs i seminaret.
Sliping av brynestein/praktisk demonstrasjon. Øksebryning, ljåbryne, andre bitande jarn.
Seminarmiddag i kafeen kl. 17.30: Trerettars meny med lokale råvarer (kr. 520,- Påmelding).

Laurdag 22. oktober:
09.00 - 09.45 Jan Brendalsmo: Sentrale kyrkjer i Vest-Telemark som nodar i handelsnettverk i mellomalderen
10.00 - 10.45 Fyrsteamanuensis Kjetil Loftsgarden (Kulturhistorisk museum) om transport, ferdsel og handel frå Vest-Telemark i vikingtid og mellomalder
11.00 - 11.45 Professor emeritus Øystein Rian (UiO): «Eidsborgs Bynesteens Berg ved Scheen»: Utvinning, frakt og handel i langdistansen Eidsborg - Skien ifølge dokument fra 1658-1728
11.45 – 12.00 Oppsummering/samandrag ved Kjetil Loftsgarden og Terje Gansum..

Pris: Gratis seminar. Pris på mat i programmet over.
Påmeldingsfrist: 10. oktober.
Påmelding til: post@vtm.no / tlf. 35069090

For tilreisande som ynskjer overnatting har me ei god avtale med Morgedal Hotel:
Enkeltrom: Kr. 995,-
Dobbeltrom: Kr. 1.295,-
Pris pr. døgn pr. rom inkl. overnatting med frokost og fri bruk av fasilitetar som t.d. sømjebasseng.
Rabattkode: Eidsborg
Rombestilling: post@morgedal.no med referanse til rabattkode.

Seminaret vert streama på vår Facebook-side.

Velkomen!

For spørsmål ta kontakt med Vest-Telemark museum ved Dag Rorgemoen:

dr@vtm.no / 97 086 084

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    29 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    62 m Unna
  3. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    119 m Unna
  1. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    207 m Unna
  2. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    909 m Unna
  3. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    2.03 km Unna
  4. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    2.38 km Unna
  5. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    2.53 km Unna
  6. Soria Moria Sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    2.58 km Unna
  7. Mariannes Galleri & Atelier

    I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…

    3.66 km Unna
  8. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    3.86 km Unna
  9. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.56 km Unna
  10. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  11. Thor Fine Art Gallery

    Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…

    10.67 km Unna
  12. Galleri Karen

    Galleri Karen er eit galleri som ligg på Høydalsmo i Tokke Kommune. Det er Galleri,…

    10.71 km Unna
  13. Galleri Karen

    På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…

    10.71 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av