Velkomen til kurs i frøberedskap med Andrew McMillion frå KVANN (Kunnskap om og vern av nytteplanter i Norge).
Rett plante på rett stad er ein føresetnad for å lukkast med ei god avling. Andrew McMillion har tatt dette arbeidet eit skritt vidare. Han jobbar iherdig med avlingar av eigne frø frå lokalt tilpassa sortar på Hurdal gjestegård. McMillion er lidenskapeleg opptatt av samspelet i naturen og av økologisk dyrking på ein berekraftig måte. Her kan vi lære mykje om kortreist dyrking og vegen til å bli ein del av eit nettverk som tar vare på eit stort mangfald av lokalt tilpassa frø.
Kurset skal gje deg nok kunnskap til å etablere ditt eige frøberedskapslager av lokalt tilpassa frø. Målet med kurset er å sikre at du får nok kunnskap til å avle fram sortsekte frø av kultiverte sortar, åpenpollinerte planter, men også av stauder og urter!
Del 1: Inspirasjon om berekraftige dyrkingssystem og visjonen for eit nordisk matsystem som er regenerativt og bryt ned barriera mellom menneske og natur. Det inkluderer også litt historikk om bruksgenbanker (Community Seed Banks), KVANN og Schubelers hager.
Del 2: Her går vi djupare inn i basiskunnskap om seleksjon, klassifisering, pollinering og det som trengs av kunnskap for å ta vare på frø. Målet er å bli ein frøvoktar (seed steward) som held nordiske kultivarar sortsekte og genetisk robuste. Vi treng mange fleire frøvoktarar og håpar at du óg blir med på dette viktige arbeidet som startar med denne basiskunnskapen!
Andrew tar også med seg frø slik at du sjølv kan prøve deg på kortreist dyrking i eigen hage.
Andrew McMillion er småbrukar med bakgrunn frå IT-bransjen. Han er plantefagleg koordinator og tidlegare styremedlem i KVANN og kallar seg sjølv for ein ekte frøfanatikar. Andrew held kurs i frøreproduksjon, jordhelse, dyrking av grønnsaker under ekstreme omstende, drivhusdesign/bruk og økologi. Han forvaltar frø frå over 100 forskjellige planter. Filosofien som ligg til grunn er at frø bør tilpassast lokale forhold og ikkje komme frå store selskap i utlandet. Andrew tek vare på sorter som han meiner er spesielt eigna for dyrking i området her vi bur. PS: Kurset er på norsk.
Frøberedskapskursa er støtta av Sparebankstiftelsen som ein del av KVANN sitt prosjekt Urtearv: planter i levende minne.
Vest-Telemark museum er ein samarbeidsaktør i Urtearv-prosjektet, og har mellom anna laga ein ny urtehage i Eidsborg i samband med prosjektet.
Inngang medlemmar i KVANN kr. 50,-
Inngang ikkje-medlemmar kr. 100,-
Inngangsbillett kan kjøpast på staden, men det er óg mogleg å førehandskjøpe billettar på nett her: Checkin — påmeldingssystemet som er regnskapets bestevenn
Nysgjerrig på KVANN? Sjekk ut heimesida: K V A N N – Norwegian Seed Savers
Foto: Daniel Zonneveldt
Kurs i frøberedskap på Vest-Telemark museum Eidsborg (3 Nov 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag | 18:30 | - 21:00 |
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Nøsteriet AS er en koselig garnbutikk med et bredt utvalg kvalitetsgarn fra kjente…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…
Galleri Karen er eit galleri som ligg på Høydalsmo i Tokke Kommune. Det er Galleri,…