Åmdals Verk gruver i Tokke diskar opp med eit bugnande jolesal kvart år, og eit høgdepunkt for dei minste er jakta på gruvenissen. Kjem han i år óg?
Jolemarknaden på gruvemuseet opnar kl. 13.00 sundag 19. november, dagen etter jolemessa i Eidsborg.
Her kan du få kjøpt både gåver, mat og kaker til jol. Arrangøren lokkar med sal av mellom anna småkaker og andre kaker, gjærbakst, kransekaker, fisk og eplejuice, men også jolepynt og jolekort, og gåveartiklar som måleri, trearbeid, hekla og strikka produkt. Det blir jolekalender og loddsal, med meir.
Kring bålpanna skal Tokke skulemusikk sørgje for joletonar. Mellom kl. 13.30 og 14.30 er det duka gruvevandring for barn, og sjølvsagt vonar alle på eit møte med gruvenissen, før han trekk seg tilbake for å ete graut og ta seg ein velfortent lur. Det vesle samfunnet i Tokke har ein lang gruvetradisjon. Malmgangane blei funne i 1689, og drifta kom i gang i 1691. Etter freden i 1945 blei gruvedrifta lagt ned for godt. Temperaturen i gruva er jamt over 6 grader, så det er nødvendig med litt varme klede under nissejakta.
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Nøsteriet AS er en koselig garnbutikk med et bredt utvalg kvalitetsgarn fra kjente…
I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…
Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Sist viste
Andre arrangement
Adventskonsert med Rauland musikkorps.
Arr. Rauland musikkorps og Rauland sokneråd.
Konsert
Kviteseid Hornmusikk inviterar born og vaksne til Disney-konsert denne sundagen. Vi spelar kjente…
Fest
Velkommen til oktoberfest på Hallbjønn.
Andre arrangement
Museumsarrangement
Gjermund Nordskog og Helge Bitustøyl har lang erfaring med å forme og dekorere tre. Dei er to av…
Foredrag
Dalen Hotel
Torsdag 7. juni kl. 18.30 – 21.00 Pris:135.- p.p Victoriasalen på Dalen Hotel.…