Utforsk Telemark

EN

NO

Konsert med trioen Hitterdal

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Konsert med trioen Hitterdal til i reiseruten din.

Hitterdal, konsert Vest-Telemark museum, Foto: Andre Nesheim.

Om

Sundag 12. september blir det konsert med trioen Hitterdal på Vest-Telemark museum i Eidsborg.


Hardingfelespelarane Anne Hytta, Johanne Flottorp og Tuva Færden er tre musikarar som både søker seg innover i tradisjonen og utover mot ny musikk og nye samarbeid. Dei er erfarne solistar med det tradisjonelle hardingfelespelet som fundament, men dei er alle søkande musikarar i ulike konstellasjonar, innanfor eit breitt spekter av sjangrar.

Utgangspunktet for trioen er gamle slåttar fra Telemarksbygda Heddal, og i stor grad noteoppskrifter frå Hardingfeleverket (Universitetsforlaget 1958 / 1981), skrive ned i perioden 1920-1944 av Arne Bjørndal og Eivind Groven etter hardingfelespelarane Anund Haugan (1883–1962), Olav Fyrileiv (1875–1975), Torkil Kolbjørnsrud og faren hans, Jon Kolbjørnsrud (1858–1954). I lag speler dei gamle slåttar i ny drakt, og saman håpar dei å få slåttane til å skinne som dei perlene de er. Slåttematerialet dei hadde går i stor grad tilbake til kilden Ole O. Kolsrud (1821–1902), spelemann, husmann og skreddar frå Heddal.
I 2021 er det 200-årsjubileum for hans fødsel, og då passar det ekstra godt å løfte fram dei egenarta, fine og til dels heilt ukjente slåttane etter han.

I samband med konsertar i 2021 vert det også spelt inn plate med materialet, som vil bli gitt ut på plateselskapet Ta:lik i april 2021.

Hitterdal er det gamle namnet på bygda Heddal. Namnet kjem av norrøne Heitrdal, som antakeleg betyr «den heite dalen».

Inngangsprisar: 200,-
Honnør/student: 150,-
Dei med årskort frå museet får billetten til halv pris.

TripAdvisor

Pris fra

Inngangspris: 200,-
Honnør/student: 150,-
Dei med årskort frå museet får billetten til halv pris.

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    29 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    62 m Unna
  3. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    119 m Unna
  1. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    207 m Unna
  2. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    909 m Unna
  3. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    2.03 km Unna
  4. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    2.38 km Unna
  5. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    2.53 km Unna
  6. Soria Moria Sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    2.58 km Unna
  7. Mariannes Galleri & Atelier

    I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…

    3.66 km Unna
  8. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    3.86 km Unna
  9. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.56 km Unna
  10. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  11. Thor Fine Art Gallery

    Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…

    10.67 km Unna
  12. Galleri Karen

    På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…

    10.71 km Unna
  13. Galleri Karen

    Galleri Karen er eit galleri som ligg på Høydalsmo i Tokke Kommune. Det er Galleri,…

    10.71 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av