Sundag 5. januar presenterer VTM Eidsborg si nye og permanente utstilling om Draumkvedet, mellomalder-balladen som blei funne og skrive opp i øvre Telemark etter 1840. Songarane var for det meste kvinner, bosett i Kviteseid, Tokke og Vinje.
I samband med dette blir det konsert i Eidsborg stavkyrkje, der folkesongar Ellen Nordstoga og lydkunstnar Natasha Barrett framfører Draumkvedet i ein ny, til no uhøyrt versjon med song og live-elektronikk. Etter konserten blir det presentasjon av utstillinga.
Utstillinga består mellom anna av ein lydinstallasjon laga av Natasha Barrett, basert på opptak av Draumkvedet etter Maren Ramskeid, sunge i Eidsborg stavkyrkje av Ellen Nordstoga og Halvor Håkanes.
Natasha Barrett er ein engelsk-norsk komponist som har arbeidet mykje med lydkunst og lydlege installasjonar. Ho er også professor ved Noregs Musikkhøgskule. Ellen Nordstoga er folkesongar og kulturarbeidar frå Vinje. Ho har sunge Draumkvedet i fleire tiår i inn- og utland. Halvor Håkanes er sylvsmed og songar og har m.a. turnert med «Draumkvedet» i USA.
Draumkvedet-utstillinga i Eidsborg kan opplevast i "rørleg" fleirkanals lyd gjennom 17 høgtalarar i eit spesialdesigna lytterom ved museet. Der kan ein også sjå utsnitt av Torvald Moseid sitt 55 m lange Draumkvedet-teppe frå 1993.
Her kan du lese meir om Draumkvedet, og høyre lyd frå den nye utstillinga.
Lytterommet og Draumkvedet blir ein fast del av folkekunstutstillinga ved museet i Eidsborg som er tilgjengeleg for publikum frå 1. mai til midten av september kvart år.
Men lanseringa er altså dagen før 13. dag jol, 5. januar - for 6. januar er dagen då Olav Åsteson/Åknesson vakna frå sin "sterke svevn".
Vanleg museumsbillett kr 100,-
Tilbod: Dei som kjøper årskort for 2020 får gratis inngang.
Velkomen!
Inngang: vanleg museumsbillett (kr. 100/80/50). Årskort 2020 kjem inn gratis.
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…
Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…
Galleri Karen er eit galleri som ligg på Høydalsmo i Tokke Kommune. Det er Galleri,…