Utforsk Telemark

EN

NO

Seminar «Draumkvedet i vår tid»

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Seminar «Draumkvedet i vår tid» til i reiseruten din.

Draumkvedet, tekstilkunst, Borgny Svalastog.
  • Draumkvedet, tekstilkunst, Borgny Svalastog.
  • Ingvill Buen Garnås, konsert Draumkvedet, Vest-Telemark museum.
  • Borgny Svalastog, Draumkvedet, Vest-Telemark museum.
  • Natasha Barrett, Draumkvedet.
  • Stein Versto og Astri Hognestad, Draumkvedet-seminar Vest-Telemark museum.

Om

Draumkvedet er ein mellomalderballade som blei skriven opp i Vest-Telemark på 1800-talet. Balladen er Noreg sitt «bidrag» til eit felleseuropeisk tilfang av visjonsdikt med både katolske og førkristne element. Det har vore mykje forsking kring alderen og opphavet, utan at svaret er gjeve. Draumkvedet har inspirert kunstnarar av alle slag gjennom 150 år.

Seminaret ved Vest-Telemark museum Eidsborg undersøkjer korleis Draumkvedet har noko å seie for oss i dag. Nye innfallsvinklar frå ulike fagfelt set den tradisjonelle Draumkvedet-forskinga i perspektiv. Seminaret set òg fokus på Draumkvedet som sanseleg oppleving i fleire kunstformer. Ei framføring av Draumkvedet i Eidsborg stavkyrkje vil vere fast del av seminaret.

Tema for 2022: DRAUMKVEDET – DET VISUELLE MINNET

I samband med seminaret vil VTM på nytt opne ei unik utstilling som ikkje har vore tilgjengeleg under pandemien. "Olav sin draum" er ei audiovisuell oppleving der eit akustisk verk i fleirkanal surround av Natasha Barrett, og 11 fotografi av Draumkvedet-broderia til Borgny Svalastog inngår. Båe kunstnarar vil vere til stades under seminaret og fortelje om det kunstnariske arbeidet sitt fredag. Utstillinga vil vere tilgjengeleg under heile seminaret.

Program fredag 25. mars:
17.00 Mingling
17.15 Velkomen v/museet
17.30 Biletkunstnar Borgny Svalastog om sitt arbeide med Draumkvedet
18.00 Komponist Natasha Barrett om sitt arbeide med Draumkvedet
18.30 Høve til å oppleve utstillinga i lytterommet
19.30 Framføring av Draumkvedet i stavkyrkja, ved Ingvill Buen Garnås

Laurdag 26. mars:
9.00 Oppstart og kaffe, med høve til å oppleve utstillinga i lytterommet
10.00 Innleiing til seminaret v/museet. Tema: Det visuelle minnet
10.30 Føredrag: Stein Versto: Draumkvedet og hugsekunsten.
Spørsmål og samtale
12.00 Lunsj og pause (utstillinga er open)
13.00 Astri Hognestad: «…fortælje vil æg Draumo mi…» - En psykologisk innfallsvinkel til Draumkvedet
Spørsmål og samtale
14.30 Oppsummering, avslutting og farvel v/museet
15.00 Tilbod om omvising i folkekunstutstillinga.

Litt om føredragshaldarane:
Stein Versto er forfattar, lyrikar, forlagsredaktør og folkemusikar frå Vinje. Med utgangspunkt i den engelske idéhistorikaren Frances A. Yates sine tankar i boka "The Art of memory" (1966) vil han undersøkje korleis hugseteknikkar frå førskriftleg tid kan ha påvirka biletbruken i Draumkvedet.

Astrid Hognestad er forfattar og psykoanalytikar med utdanning frå C.G.Jung-instituttet i Zürich. Ut frå Carl Gustav Jung si forsking i myter, eventyr og draumar vil ho freiste å analysere sentrale symbol og bilete i Draumkvedet.

Litt om kunstnarane:
Borgny Svalastog er biletkunstnar og internasjonalt anerkjent for m.a. sine kyrkjeutsmykkingar. Til utstillinga i Eidsborg har ho bidrege med fotografi av ein serie med broderi kring Draumkvedet.

Natasha Barrett er engelsk-norsk komponist og lydkunstnar. Til utstillinga i Eidsborg har ho laga eit lydverk i 16.1 fleirkanal der ho brukar materiale frå to opptak av Draumkvedet, gjort i Eidsborg stavkyrkje ved Ellen Nordstoga og Håvard Håkanes.

Litt om konserten fredag:
Ingvill Buen Garnås kved Draumkvedet med utgangspunkt i Magnus Brostrup Landstad sin versjon. Han nytta Maren Ramskeid sin variant som rettesnor. I motsetjing til Moltke Moe, såg Landstad det som mest meiningsfullt når bodskapet om nåde avrundar forteljinga, slik det gjer i Ramskeid sin variant. I norske Folkeviser frå 1853 tok han med både ei nedskrift direkte etter henne, og ein eigen meir utbygd versjon, der han fletta inn fleire vers frå ulike kjelder. Ludvig Lindeman skreiv ned ei rekke ulike tonar som blei nytta til Draumkvedet, og laga med utgangspunkt i nokre av desse eit verk som seinare har blitt ein slags tonemal for Draumkvedet. Ingvill Buen Garnås brukar nokre av Lindemans utvalde tonar, men også meir ukjende gamlestevtonar i si framføring. Dei fleste melodiane har ho lært av mor si, Agnes. 

 

Pris: 700,- for båe dagar, inkl. lunsj laurdag. (Evt. 200,- for berre fredagskveld, 500,- for berre laurdag m/lunsj.) Påmelding til post@vtm.no innan tysdag 22. mars.

Museet har prisavtale med Morgedal Hotell, ca. 30 min med bil frå Eidsborg.
Enkeltrom:  995,-, Dobbeltrom:  Kr 1.295,- inkl. frokost. Tinging med rabattkode «Eidsborg» sendast til post@morgedal.no .

Bileta over visar eit broderi av Borgny Svalastog ("Og månen skine") og portrett av Ingvill Buen Garnås, Borgny Svalastog, Natasha Barrett, Astri Hognestad og Stein Versto.

NB. På grunn av stor etterspurnad vil føredraga til Stein Versto og Astri Hognestad bli overført i sanntid på museet si facebookside og på youtube. Der vil det og vere høve til å sende inn spørsmål. 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    29 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    62 m Unna
  3. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    119 m Unna
  1. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    207 m Unna
  2. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    909 m Unna
  3. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    2.03 km Unna
  4. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    2.38 km Unna
  5. Nøsteriet

    Nøsteriet AS er en koselig garnbutikk med et bredt utvalg kvalitetsgarn fra kjente…

    2.50 km Unna
  6. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    2.53 km Unna
  7. Soria Moria Sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    2.58 km Unna
  8. Mariannes Galleri & Atelier

    I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…

    3.66 km Unna
  9. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    3.86 km Unna
  10. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.56 km Unna
  11. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  12. Thor Fine Art Gallery

    Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…

    10.67 km Unna
  13. Galleri Karen

    Galleri Karen er eit galleri som ligg på Høydalsmo i Tokke Kommune. Det er Galleri,…

    10.71 km Unna
Previous Next

Sist viste

  1. Julemarknad på Søndre Vik

    Type

    Marked/Martna

    Vi inviterer til julemarknad i Raustoga på Søndre Vik med salg av bl.a saueskinn, høstens honning,…

  2. Vrådalsdagen

    Type

    Marked/Martna

    Bygdedag med salsbodar, aktivitetar for store og små og underhaldning.

  3. Vil du prøve å hesje?

    Type

    Museumsarrangement

    I to dagar vert det slåttonn på gamalt vis i Eidsborg. Her kan dei som har lyst vere med å setje…

  4. Høydalsmo Bobilcamp

    Type

    Bobilområde

    Høydalsmo Bobilcamping ligger i Knut K. Hovdens veg 18. I hjertet av Telemark finner du en særdeles…

  5. Gudsteneste i Nesland kyrkje

    Gudsteneste i Nesland kyrkje

    Type

    Andre arrangement

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av