Mattis Kleppen frå Bø har patentert og perfeksjonert slåttespel på akustisk bass. Etter tingingsverket «El Bokko» på Telemarkfestivalen i 2015 har Mattis Kleppen og hans Resjemheia spelt land og strand rundt med sin proggete folkrock – til stor begeistring for eit stadig større publikum. Kleppen vender likevel stadig tilbake til utgangspunktet – slåttar framført av han og den akustiske bassen. Thov Wetterhus frå Nore i Numedal har vunne landskappleiken på munnharpe ikkje mindre enn seks gonger! Det energiske og eggande spelet til numedølen har blitt ein favoritt blant både publikum, dansarar og dommarar dei seinaste åra, og debutplata hans “Stålslått” (2021) vart nominert til Spellemann-pris. Kvar for seg er dei heilt eineståande utøvarar på kvart sitt respektive instrument.
Ideen om eit møte mellom Mattis Kleppen og Thov Wetterhus blei realisert i samband med Telemarkfestivalen 2022, der dei heldt ein dobbeltkonsert i lag. Her framførte dei eiget materiale i kvar deira solo-del, men i midten av konserten møttast dei til det som blei ein steintøff «session»-del med munnharpe og akustisk bass med drivande godt spel, trampeklamp og stor stemning. Utøvarane er tru mot tradisjonen, men dei er ikkje framand for å eksperimentere med sine instrument – som til dømes når Thov Wetterhus sendar lyden frå munnharpa via forskjellige effektboksar. Konserten blei svært godt motteke og vart ståande som eit av høgdepunkta frå festivalen. Sidan har Kleppen og Wetterhus utvikla eit nytt konsertprogram som vil veksle mellom repertoar for både solo- og duo-format med slåttemusikk frå Setesdal, Telemark og Numedal som eit utgangspunkt. Ei slik besetning med akustisk bass og munnharpe har så vidt me veit aldri vore gjort før!
Mattis Kleppen og Thov Wetterhus på Spotify.
Høve til å kjøpe middag frå kl 15:00 - 16:30.
Inngang kr 200,-
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Nøsteriet AS er en koselig garnbutikk med et bredt utvalg kvalitetsgarn fra kjente…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…
Galleri Karen er eit galleri som ligg på Høydalsmo i Tokke Kommune. Det er Galleri,…
Sist viste
Konsert
Denne konserten spring ut i frå boka “Å vera ingenting” der Benedicte Maurset har skrive om sin…
Museumsarrangement
Vest-Telemark Museum og Fagskolen Telemark arrangerar kurs i høvelmaking.
Innstruktør: Jarle…
Quiz
Fredagsquiz på Kroa - Dalen Storstue kl. 20.00
Dørene opnar kl. 20.00 Quiz startar ca 21.30…
Andre arrangement
Gubbar, gamle og unge, velkommen til ein triveleg time på Frivilligsentralen
Andre arrangement
Kurs: Klassisk Hatha Yoga
Nivå: Enkle rolige øvelser som passer for alle
Tid: Onsdager; 13.november…
Kultur
Arkivdagen på Vest-Telemark Museum i Eidsborg vert via til folkeminnegranskaren Rikard Berge…