I poesikonserten «Tuntreet» vil ordet og tonen stå i sentrum. Konserten vekslar mellom solo hardingfelespel og diktlesing – krydra med kortfatta refleksjonar om livet og poesien, der både alvoret og det mindre alvorlege får rom. Ordet tun har med det heimlege å gjere. Tunet er staden der husa rammar inn og skaper rom, og midt på tunet står treet. Ord og spel vil krinse rundt dette biletet – i vid forstand. Konserten vart framført som ein del av programmet under fjorårets utgåve av Telemarkfestivalen til stor begeistring for publikum som var til stades.
Per Anders Buen Garnås er spelemann, utdanna ved Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss, og vart under Folkelarm i 2022 kåra til «Årets folkemusikar»! Han har vunne Landskappleiken på hardingfele fire gonger, han har vunne FolkeLarm-prisen to gonger, og han har vore nominert til Spellemann-prisen tre gonger.
Stein Versto frå Vinje i Telemark er forfattar og lyrikar, omsetjar og spelemann. Han debuterte som forfattar med novellesamlinga «Ho blei borte i trappene» i 1990, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Seinare har han gjeve ut tre diktsamlingar, roman og ei prosabok om folkemusikk og utvandring, skrive essay og ei rekkje songtekstar tonesette av norske artistar, blant dei særleg Odd Nordstoga.
Inngang kr 200,- (halv pris med årskort)
Velkomen!
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Nøsteriet AS er en koselig garnbutikk med et bredt utvalg kvalitetsgarn fra kjente…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…
På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…