Høydalsmo ved E134 er innfallsporten til Tokke. Bygda har eit entusiastisk skimiljø og kan skilte med ein topp moderne langrennsarena og Telemark hoppanlegg Huka. Høydalsmo IL har eit moderne løypenett på 2,5 km, 3 km, 5 km og 10 km. Løypenettet vart modernisert til NM i 2002 og Høydalsmo IL har seinare stått for både World Cup-renn og andre storarrangement. Startområdet for løypenettet er ved skistadion ved Høydalsmo skule. Det flotte og populære skiområdet Skinan på Grønliheia mellom Høydalsmo og Åmot er ein del av løypenettet i Høydalsmo
For løyepestatus sjå https://loyper.net/#hoydalsmo/13,8.14877,59.50802
Skianlegget på Oftejordet er eit gratis tilbod til alle som ynskjer å drive med skileik. Hopp, railar, skogsløype og moro byr området på, her blir det også arrangert Oftejordet Challenge kvart år.
Telemark Hoppanlegg Huka (http://hoydalsmo.no/huka/huka.htm), ein snøsikker 90-meters bakke. Anlegget har 4 bakkar med K10 - K18 - K28 og storbakken med hill size 94 meter. Huka vart ferdig i 1993 og modernisert til NM i 2002. Bakkerekord er 98 meter sett av Anders Bardal.
På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…
Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet på…
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Dalen Bryggjeutstilling "Nærare naturen" med foto av "Fotobonden" Jostein Hellevik, og ei…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
M/S Victoria er kjent som kanaldronningen og er å anse som Telemarks flaggskip. M/S…