Utforsk Telemark

EN

NO

Norsk Skieventyr i Morgedal

TypeOpplevelsessenter

Morgedalvegen 159, 3848, Morgedal

Legg Norsk Skieventyr i Morgedal til i reiseruten din.

Fra NOK 50,00
Norsk Skieventyr Morgedal, Vest-Telemark museum.
  • Norsk Skieventyr Morgedal, Vest-Telemark museum.
  • Norsk skieventyr i Morgedal, Olav Bjaaland, skimuseum.
  • gammeldags ski og binding fra Norsk skieventyr
  • Gamle ski, Norsk Skieventyr, Vest-Telemark museum.
  • Modell av fløtningsparken utanfor Norsk Skieventyr i Morgedal.
  • Norsk skieventyr i Morgedal om vinteren
  • samling av ski på Norsk Skieeventyr i Morgedal
  • Fra utstillinga på Norsk Skieventyr i Morgedal.
  • museumsbygg, skimuseum, Norsk skieventyr i Morgedal.
  • museumsbutikk hos Norsk Skieventyr i Morgedal
  • Museumsbutikken ved Norsk Skieventyr i Morgedal, Vest-Telemark museum.
  • Fra kinosalen, fartsfylt film på tre store lerrett
  • Noregs lengste ski henger på veggen til Norsk Skieventyr
  • 2. etasje i New School, film om snowboard og twintipski
  • Statuen av Sondre Norheim hos Norsk Skieventyr i Morgedal
  • Frå utstillinga på Norsk Skieventyr i Morgedal. Skimuseum, Vest-Telemark museum.
  • hunder foran en telt
  • skimaker verksted
  • fra skifabrikken hos Norsk Skieventyr i Morgedal
  • utstilling hos Norsk Skieventyr i Morgedal

Om

Norsk Skieventyr er skimuseet i Morgedal
Den beste staden for å oppleve skikulturen og Morgedal si betyding for denne er på Norsk Skieventyr. Du kan lære om norsk ski- og polarhistorie gjennom ei multimediareise som startar 4000 år tilbake, og endar med dagens snobrett og twintip.

Museet gjev innsikt i skileiken som føregjekk i bakkane i Morgedal i 1850-åra og som var starten på den moderne skiidretten, generell skihistorie og sjølvsagt historia om pioneren Sondre Norheim. Vidare fortel utstillingane om kappløpet mot Sørpolen der Olav Bjaaland deltok, om Noregs første skivoksfabrikk og soga om den olympiske elden. Interaktiv utstilling om snowboard og twintip.

Til slutt, i stort format og på tre skjermar blir du med på telemarksløyping på eit nivå som vil friste deg til straks å spenne skiene på og berre kaste deg ut i skieventyret!

Les meir om utstillingane her

Meir enn berre eit skimuseum

Utanfor skimuseet opnar det sommaren 2022 ein 45 meter lang kopi av Morgedalsvassdraget. Her kan du leike deg inn i historia.

Morgedalvassdraget har vore rekna som ei livsnerve for bygda. I tidlegare tider ga vassdraget matauke, det var transportåre for tømmer som ga inntekter og dei små fossefalla ga drivkraft til kverner og sagbruk. I dag er vassdraget ein del av Sundsbarmreguleringa som produserar store mengder el-kraft. Ein kopi av Morgedal-vassdraget på uteområdet framfor Norsk Skieventyr utgjer ein ny og spanande attraksjon. Den vil formidle ein del av bygdas historie gjennom fysiske installasjonar og digitale formidlingsflater. Ein vil legge til rette for formidling via app, skilting og fysiske gjenstandar. Vi ynskjer å formidle den tidlege bruken av vatn, og kva det betydde for busettinga. I dag er bruken endra og vasskrafta gje store inntekter gjennom kraftproduksjon. 

Nytt i år er også ein utandørs sjakkbenk. Sjakkbrikker kan du låne av museet. 

Inne i sjølve skimuseet finn du også ein kafé med ein spanande meny. 

I kafeen er det leikekrok der ein kan bygge med Lego/Duplo og ha hopprenn i ein liten hoppbakke. Sjå film frå leikekroken her.

Museumsbutikken har eit breitt utval av varer, og her kan du også få informasjon om kva Morgedal og Vest-Telemark elles har å by på. Her møter du hjelpsame omvisarar som gjerne viser deg turen vidare.
Det er gratis internett-tilgang.

Den fyrste vinterolympiske fakkelstafetten
Utanfor Skieventyret, ute i vatnet, lyser den olympiske elden. Elden blei tent fyrste gongen her i Morgedal til Vinter-OL i Oslo i 1952. Seinare har Morgedal sendt den olympiske elden til Squaw Valley-leikane i 1960 og til OL på Lillehammer i 1994.

​​​​Flott gåtur til Øverbø, staden Sondre Norheim vaks opp
Frå Skieventyret kan ein spasere opp til Øverbø – til Sondre Norheims fødestad. Fredelege vegar og stigar fører ein opp til denne vakre plassen høgt over Morgedal. Herifrå kan du nyte utsynet og trekkje inn stemninga frå den tidlege skiløypingas magiske landskap. Her står Sondre-stoga open. Hit har tusenvis av skientusiastar funne vegen på pilegrimsferda til den moderne skisportens vogge.

Velkommen til Norsk Skieventyr!

Sjå Stine Hartmanns rapport frå bl.a. Norsk Skieventyr i Den Moderne Askeladdens Dag 1 (16. mai 2017)!

Ta kontakt med Vest-Telemark Museum for gruppeomvising utanom sesong.

E-post: booking@vtm.no 

Tlf: 35069090

Fasiliteter

Aktiviteter

  • bading
  • barneaktiviteter
  • fiske i vann
  • fotturer
  • sykkeltur

Mat og drikke

  • grill
  • lunch
  • middag
  • smørbrød
  • tradisjonsmat
  • uteservering

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • museumsbutikk
  • omvisning etter avtale

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Årskort familie. Gjeld inngang på alle våre museumNOK 700,00 entre
Årskort pr.pers. Gjeld inngang på alle våre mNOK 400,00 entre
Born 6 - 15 årNOK 50,00 entre
Familiebillett 4+NOK 250,00 entre
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr. 700,-NOK 80,00 entre
Honnør / studentNOK 80,00 entre
Vaksne (frå 16 år)NOK 100,00 entre

NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.

Kart

Kontakt

+47 35 06 90 90

Åpningstider

Sesong (1 Mai 2021 - 15 Sept 2022)
DagTider
Mandag - Søndag10:00 - 17:00

Også i nærheten

  1. Galleri Karen

    På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…

    12.74 km Unna
  2. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    14.80 km Unna
  3. Bandaksli Bryggje

    Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…

    15.15 km Unna
  1. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…

    16.55 km Unna
  2. Brynesteinsbrotet i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…

    21.93 km Unna
  3. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    22.47 km Unna
  4. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet på…

    22.56 km Unna
  5. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    22.57 km Unna
  6. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    22.60 km Unna
  7. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling - det kjem ny utstilling i 2022, følg med for nærmare info!

    22.60 km Unna
  8. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    22.62 km Unna
  9. Soria Moria Sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    23.00 km Unna
  10. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet frå 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehovud, tårn…

    23.33 km Unna
  11. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    23.37 km Unna
  12. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    24.09 km Unna
  13. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    24.78 km Unna
Previous Next

Se også

Vest-Telemark Museum Eidsborg, TokkeEit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong. For opningstider i kanalparken klikk her.

Ikke gå glipp av