For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Ti-toppers er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire lag og foreiningar i kommunen. Der kan du velje ut ti av nitten toppar som du må besøke i perioden mellom 17.mai og 17.november. For å delta må du kjøpe eit klippekort som du tar med på toppane og klipper i med klippetengane på toppen. I klippekortet står det ein kort rutebeskrivelse og kvar du kan parkere. For born under 12 år, er det ein eigen " 5 toppars" der dei vel ut 5 av 15 toppar. Alle som gjennomfører får ein premie. Toppane er i alle kategoriar, slik at det finns enkle toppar for nybyrjarar og litt lengre og meir utfordrande for dei som har vore mykje på tur tidlegare. Klippekortet kjøpes på turistinformasjonen på Dalen, bui på Åmdals Verk og Shell i Høydalsmo.
Ti-toppers er et samarbeidsprosjekt mellom 8 lag og foreninger: Byrte IL, Mo grendelag, Skafså grendelag, Åmdal IL, Eidsborg ungdomslag, IL Tokke, Lårdal Vel, Høydalsmo IL og Austheii grendelag.
For å delta på Titoppersen kan ein kjøpe klippekort med turskildring, 100 for vaksen og 50 for born. Kvar topp er utrusta med postkasse og klippetong. Hugs å klippe på angitt plass for dei ulike toppane! Toppane er avmerkt både med skilting og raudmerking.
Gradering av turane:
Blå: lett tur
Raud: litt krevjande
Svart: svært krevjande
Titoppers ønskjer dykk ein riktig god tursommar og håpar de får mange fine turopplevingar, både store og små!
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.
Dalen Bryggjeutstilling "Nærare naturen" med foto av Jostein Hellevik, og ei utstilling…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege (ikkje-kyrkjelege)…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…
På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…