Småbruket Moen i Lårdal byr på bakarvarer, iskrem, konservar, urtesalt, te og andre matvarer baserte på honning frå eigne bier, egg frå eigne høner og grønsaker, bær, blomar og urter frå eigen kjøkenhage. Elles brukar me lokale og norske råvarer der me kan!
Stuttreist, rein og real mat utan jåleri, fiksfakseri, juks og fanteri er vår greie!
Me brukar ikkje kunstgjødsel, sprøytemiddel eller e-stoff, og hønene får økologisk kraftfôr. Det er eit poeng for oss å bruke minst mogleg emballasje generelt, og eingongsplast spesielt. Og me legg vekt på å byte ut sukker med honning eller tørka frukt, kvitt sukker med brunt sukker og fint mjøl med grovt mjøl i baksten. Me lagar også ein god del bakarvarer utan kveitemjøl/gluten.
Me har diverre ikkje utsal eller kundemottak på småbruket. Ynskjer du å handle varer frå oss, sjå punktet om utsalsstader, eller kontakt oss på Messenger eller e-post for nærare informasjon. Tusen takk!
Produkt:
Iskrem utan kunstige tilsetjingar, laga av lokal kumjølk og geitemjølk, med eggeplomme frå eigne høner. Mange forskjellige smakar, mellom anna med heimedyrka eller lokalt plukka bær og frukt, i tillegg til sjokolade, cappuccino, mintsjokolade, vanilje, peanøttkaramell, krokan osb.
Proteinrike bakarvarer baserte på frø, nøtter og eggekvite frå eigne høner: Brød, kjeks, snacks og energibarar. Marengs, kokosmakronar, kokosbollar og diverse jolebakst.
Ingefærkjeks, havrekjeks og mandelkjeks med egg frå eigne høner.
Nøtte- og mandelbotnar med eggekvite frå eigne høner.
Granola med honning frå eigne bier.
Teblandingar med sjølvdyrka blomar.
Urtesalt med sjølvdyrka blomar.
Diverse syltetøy, sausar og chutney av sjølvdyrka rabarbra og jordbær og honning frå eigne bier.
Gjærbakst med heimelaga vaniljekrem og makronfyll med egg frå eigne høner.
Sesong:
Me produserer heile året, med naturlege sesongvariasjonar. Iskrem kjem i porsjonsbeger berre om sommaren, men i 490 ml beger året rundt.
Utsalgssted:
Heile året: REKO-ringen Vest-Telemark og garnbutikken Nøsteriet på Dalen.
I hausthalvåret og førsjolssesongen: utvalde marknader i Vest-Telemark.
Om sommaren: Lokalbui på Dalen, Vest-Telemark museum Eidsborg, Sjøbui i Lårdal.
Sommaren 2026 vil det truleg kome fleire utsalsstader for porsjonsiskrem. Buøy camping på Dalen og Mjonøy i Vinje er blant dei aktuelle me har fått ynske frå. Me tek gjerne mot ynske frå fleire, innanfor ein køyreradius på maks 1,5 timar.
Me er også på utkikk etter salskanalar for turvenleg bakst som energibarar, proteinpinnar, kjeks, frøsnacks osb., samt hyllevare som teblandingar, urtesalt, syltetøy og chutney.
Kontaktinformasjon:
Messenger (Småbruket Moen eller Gunn Evensen Lilley), eller e-post: gunn.evensen@randogrose.no.
Sjå etter annonsen vår i REKO-ringen Vest-Telemark!
Daglig leder:
Gunn Evensen Lilley