
Soveboks i Fjågesund
Overnatting i soveboks for syklistar og padlarar som ferdast på Telemarkskanalen
Om
Velkomen til Fjågesund
Soveboksen er tilgjengeleg for booking i frå 13. april og ut kanalsesongen.
Soveboksen i Fjågesund er eit overnattingstilbod for syklistar og padlarar langs Telemarkskanalen. Soveboksen har plass til 4 personar, køysenger med madrass. Her er ein enkel kjøkkenbenk for matlaging, samt stolar og bord. Det er også toalett tilgjengeleg. Det er straumuttak inne i soveboksen til lading av telefon m.m. Det er ikkje tilgang på drikkevatn, så det må ein ha med. Ta også med sovepose til å ligge i.
Overnatting i soveboksen kostar kr. 300 per person per natt. Når du bookar soveboksen, er det din private booking i tidsrommet du har booka.
Opphaldet du bookar gjeld for ei natt av gangen. Soveboksen er tilgjengeleg frå kl. 15.00 ankomstdagen til kl. 12.00 neste dag. Om du ynskjer å booke fleire netter er dette sjølvsagt mogleg å gjere i bookingkalenderen. Opphaldet ditt refunderast ved avbestilling 7 dagar før ankomst.
Nøkkelen finn de i kodeboks ved døra. Koden får du når du har booka. Nøkkelen er ditt ansvar å passe på medan du brukar soveboksen. Ved avreise, lås soveboksen og legg nøkkel tilbake i kodeboksen og lukk den.
Bruk møblar og utstyr, men heng det tilbake på veggen innan de reiser vidare.
Etterlat pakkbua i den stand de sjølve ynskjer å finne den! Rydd, og hugs å ta med søpla di.
Vi håpar de får eit fint opphald!
Arkitektur
Det er Feste Landskap/Arkitektur som har teikna soveboksen, på oppdrag for Telmarkskanalen Regionalpark og i samarbeid med Kviteseid kommune. Les meir om prosjektet.
Telemarkshistorier – Friluftsliv på første klasse
Historia
Fjågesund ligg om lag midtvegs mellom Skien og Dalen på Telemarkskanalen. På begge sider av sundet er det bratte fjell med nær loddrette fjellsider.
Akkurat rundt sjølve sundet er landskapet venleg, og namnet Fjågesund betyr det venlege, blide sundet. Det har truleg vore busetnader i Fjågesund i minst 5000 år.
Det eldste oldtidsfunnet i bygda er datert til mellom 3500 f.Kr. og 2800 f.Kr. Også Fjågesund gard er særs gamal. Ut frå plasseringa til garden, storleiken og dateringa av andre gardar i heradet, har ein anslått at garden må ha blitt rydda ein gong i perioden 1 – 550 e.Kr. eller endå tidlegare.
Soveboks i Bandaksli
Det er ein tilsvarande soveboks i Bandaksli, den kan du også booke i kanalsesongen.
Sted
Praktisk informasjon
- Unike overnattingssteder
- Annen overnatting
Fjågesund brygge, Hassvikvegen, 3850 Kviteseid
59.58188095567466, 8.535365846655854
Arrangementer i nærheten

Førjulsmarked på HegnaLand
Manheimstrondi 1543, 3805 Bø i Telemark

Mens vi venter -en hjemmesnekret julekonsert
Låven, Vreimsida 225, Bø, 3803 Bø i Telemark

Mens vi venter - en hjemmesnekret julekonsert
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Førjulsfest på Gautefall
Gautefallveien 1126, 3750 Drangedal

Julebord på Nutheim Gjestgiveri – en opplevelse utenom det vanlige
Flatdalsvegen 1283, Seljord, 3841 Flatdal

Nerbø & Aabø kommer til Hjartdal
Hjartdalsvegen 709, 3690 Hjartdal

Julemarked på Bygdetunet
Heriksvei 4, 3750 Drangedal

Skredkveld i Bø i Telemark
Gullbringvegen 36, 3800 Bø i Telemark

Røskva spiller Wolfgang von Schweinitz
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Julebord med E-76 på Straand Hotel
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal
Julaften
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Nyttårsaften
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Bø Jazzklubb og Telemarkfestivalen | Ingvild Flottorp med band
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Teater Ibsen: Britt-Marie var her
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Vitenshitshow 2.0 - Dennis og Stians Vitenskapsshow
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Frivilligsamling 2027
Vatnelianvegen 201, 3850 Kviteseid

Ingvard Wilhelmsen - sjef i eget liv
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Jolemarknad
Straumsnesvegen 29, 3853 Vrådal

Vinsmaking med Sigurd Sollien og lansering av Vinstua
Gautefallveien 126, 3750 Drangedal
Aktiviteter i nærheten

Kilen Camping
Kilenvegen 585, 3840 Seljord

Telnessanden strand og badeplass
Garvikstrondi 920, 3840 Seljord

Telnessanden camping og friluftssenter
Telnes, Garvikstrondi, 3840 Seljord

Sundenuten klatrefelt
Kvennesvegen 120, 3836 Kviteseid

Vedfyrt sauna ved Seljordsvatnet
Fv156 1000, 3840 Seljord

Vrådal Hyttegrend
Granittvegen 29, Granittvegen 29, 3853 Vrådal
Kviteseid gamle kyrkje
Kviteseid Bygdetun, 3850 Kviteseid

Seljordsvatnet rundt
3840 Seljord

Kviteseid bygdetun
Fjågesundvegen 12, 3850 Kviteseid

Sjøormtårnet
Bjørgeøyane, 3840 Seljord

Sjøormen Kro
Ingrid Slettens veg 20, 3840 Seljord

Topptur Venelifjell i Vrådal
Lønnegravsvegen 1, 3853 Vrådal

Ballongfararsteinen
3840 Seljord

Eventyrøy Sauna
Brøløsvegen 97, 3840 Seljord, 3840 Seljord

Bjørgefjell
Brøløsvegen 28, 3840 Seljord

Dyrskuplassen
Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord

Kikkeskåp, Guro Lomodden
Seljord kommune, 3840 Seljord

Seljord Hotell
Brøløsvegen 18, 3840 Seljord

Siloen gårdsbutikk
Bygdaråvegen 550B, 3840 Seljord
Vrådal Ferieleiligheter
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal



















