
Kviteseid bygdetun
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av dei finaste stabbura i heile Telemark! Her er også ei skulpturutstilling etter Gunnar Utsond.
Om
Kviteseid bygdetun er eit av dei eldste friluftsmusea her i landet, og vart etablert attende i 1907. Samlinga formidlar 12 ulike bygningar som er flytta hit frå ulike gardar. Her finn du blant anna Tveitloftet frå før svartedauden og Flekstveitstoga.
I Utsondhalli vert bilethoggaren Gunnar Utsond presentert, i tillegg til skiftande utstillingar.
Bygdetunet ligg rett ved Kviteseid gamle kyrkje og Kviteseid gard. Den gamle steinkyrkja vart bygd rundt 1172 og er ei av to steinkyrkjer frå mellomalderen i Vest-Telemark. Staden var lenge eit økonomisk, politisk, religiøst og kulturelt sentrum i Vest-Telemark, strategisk plassert der landevegen og vassvegen kryssar.
Kviteseid bygdetun skal gje eit inntrykk av korleis ein velståande gard såg ut for omlag 200 år sidan. Hovudhuset er Flekstveitstoga, der fyrste høgda er frå 1600-talet, medan andre høgda vart bygd på i 1738.
Stoga nede er rosemåla av «den fyrste rosemålaren i Telemark» Talleiv Halvorson Espetveit (ofte berre kalla «Talleiv Målar»).
Av andre hus kan ein nemne Tveitloftet frå 1300-talet, Flekstveitloftet frå 1700-talet og vesleburet frå 1500-talet.
Utsondhalli
Bilethoggaren Gunnar Karelius Utsond vart født i Kviteseid i 1864 og vaks opp på plassen Utsond. Han vart elev på Teikneskulen i Oslo under Julius Middelthun allereie som 17-åring. Gunnar Utsond utdanna seg til tannlege, men det var arbeidet kunsten og skulpturane som tok mesteparten av tida hans.
Gunnar Utsond debuterte på haustutstillinga med skulpturen «Gut som spikkar».
Utsond er best kjend for skulpturen «Helferd» som vann gullmedalje ved verdsutstillinga i Paris i år 1900. Anna arbeid er bl.a. «Havet gav sine døde tilbake» og monumentet over Johan Sebastian Welhaven. Kunstakademiet vart stifta i 1909, og fram til 1921 hadde Gunnar Utsond den fyste professorstilling ved akademiet.
Det blir sagt at i sine fyrste arbeid var Utsond nyromantikar med sterk sans for naturalismen. Seinare vart det ein friare haldning til motiv og komposisjon. I hans siste år blir uttrykket meir omtalt som grotesk symbolisme.
Gunnar Utsond gav skulpturane sine til Kviteseid kommune før han døydde og desse er i dag samla i Utsondhalli på Kviteseid bygdetun.
Les også: Dei fire store – Bilethoggarar frå Vest-Telemark
Kviteseid gamle kyrkje
Kviteseid gamle kyrkje er ei steinkyrkje bygd i romantisk stil – frå 1100-talet og er vigd til St. Olav. I mellomalderen vart det bygd flest trekyrkjer (stavkyrkjer). Steinkyrkjer vart særskild reist i maktsentra.
Kviteseid gamle kyrkje var hovudkyrkje i prestegjeldet, og ligg der vassvegen og landevegen aust-vest kryssar. Rett nedom kyrkja var også ein viktig handelsplass Kauphamar også kalla Hollendarodden.
Les kva Kviteseid historielag skriv om den gamle kyrkja.
Museet er ope i sommarsesongen.
Sted
Åpningstider
Sommarsesong med faste omvisingar tun og kyrkje kl. 12, 14 og 16
25. juni 2026 - 15. aug. 2026
tirsdag: 11:00 - 17:00
onsdag: 11:00 - 17:00
torsdag: 11:00 - 17:00
fredag: 11:00 - 17:00
lørdag: 11:00 - 17:00
søndag: 11:00 - 17:00
Praktisk informasjon
- Skulpturer
- Utstillinger
- Museum
- Kunst
- Bygdemuseum
Arrangementer i nærheten

Yoga - klassisk hatha
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal

17 mai feiring på Straand Hotel
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal

Slusecruise på Nisser og Vråvatn
Kviteseidvegen 1698 Vrådal, 3853 Vrådal

Vrådalmila
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal

Slusecruise på Nisser og Vråvatn
Kviteseidvegen 1698 Vrådal, 3853 Vrådal

St. Hans feiring på Sommerland
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Midtsommercruise med bål
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Kulturhistorisk seilas til Nissedal
Kviteseidvegen 1698 Vrådal, 3853 Vrådal

Vikingdag med Osebergskipet Åsa!
Kviteseid bygdetun, Fjågesundvegen 12, 3850 Kviteseid

Kulturhistorisk seilas til Vråliosen
Kviteseidvegen 1698 Vrådal, 3853 Vrådal

Straand-Treffet 2026 - The motorcycle event of the year
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Straand Bilfinale 2026 - The Car event of the year
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Straandfestivalen
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Julebord med E-76
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal
Julaften
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Nyttårsaften
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal
Aktiviteter i nærheten
Kviteseid gamle kyrkje
Kviteseid Bygdetun, 3850 Kviteseid

Sundenuten klatrefelt
Kvennesvegen 120, 3836 Kviteseid

Austre Roholtsfjell
Kviteseidvegen 1470, 3853 Vrådal

Sykkelutleie på Straand Hotel
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal

Vrådal Booking
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal

Straand Hotel - Restaurant og bar
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal

Vrådal Ferieleiligheter
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal

Forest Barista Vinteropplevelse i Vrådal
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal

Kveldstur med truger under stjernehimmelen i Vrådal
Kviteseidvegen 1698, Kviteseidvegen 1698, 3853 Strond

Fonduekveld på Straand Hotel – Vinteropplevelse i Vrådal
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal

Middag i Trapper’s Cabin i Vrådal – en vinteropplevelse
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal (oppmøte i resepsjonen på hotellet)

Forest Barista
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Stargazing med truger i Vrådal
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Forest Barista

Forest Barista

Nyttårsaften

Stargazing

Valentins-middag på Straand Hotel
Straand Hotel AS, Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal































