Skorve er eit av dei høgaste fjella i Seljord, med to toppar, Gøysen (1370 moh.) og Nordnibba (1365 moh.). Under andre verdskrig styrta to fly på Skorve.
I Bjørgefjell kan du velje ulike turstiar i kulturlandskapet. Nedre del av løypa er lett til middels gradert, medan turen opp til toppen på Bjørgefjell er meir utfordrande og bratt. Undervegs er det flotte utkikkspunkt med sitjebenkar fleire stader.