Utforsk Telemark

EN

NO

Prosesjonsvandring med Nikuls

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo
Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Vest-Telemark Museum innviterar deg med på ei levande formidling av den eldgamle «Nikuls-vandringa» kring Eidsborgtjønni.

Dette er ein seremoni knyt til Eidsborg stavkyrkje og midtsommar som har eksistert sidan 1300-talet. I ei blanding av heidensk og katolsk tradisjon, blei helgenstatuen av St. Nikolaus (lokalt kalla «Nikuls») tatt ut av stavkyrkja og bore kring Eisborgtjønni på Sankthanseftan.

Vatnet hadde magisk kraft midtsommarnatta, og både statuen og dei som fylgde prosesjonen skulle kome i kontakt med det. Då blei syndene forlate og sjukdom lækt.

Sjølv om kyrkja etter reformasjonen prøvde å stanse ritualet, heldt bygdefolket i Eidsborg fram med det heilt til slutten av 1700-talet.

Tidleg på 2000-talet starta museet opp eit historisk spel for å formidle den gamle tradisjonen til publikum. Etter fleire års stopp blir spelet no vist fram att – i samarbeid med kyrkja.

Programmet for Nikulsvandringa 23. juni 2022

17.00                   Føredrag om Nikulskultusen ved kulturhistorikar Herleik Baklid, USN (Inngang: Vanleg museumsbillett)

                             Kostyme til dei av publikum som ynskjer dette.

18.00                   Messe i stavkyrkja. Prest er Tor Eivind Erikstein, organist er Tore Sognefest

Ca.18.45             Vandringa tek til

19.30                   Vandringa vert avslutta nede ved grendehuset

Det er flott om du stiller i mellomalderklede. Museet har og ein del klede til utlåns. Dei vert lagt fram etter føredraget.

Me gjer merksam på at prosesjonsvandringa er eit historisk spel, ikkje ei religiøs handling.

Les meir om Nikuls-tradisjonen her.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Ikke gå glipp av