I 2020 fekk Borghild Telnes Telemark fylke sitt Stipend for husflid og handverk og arbeida som vert viste her har i hovudsak blitt til i stipendperioden der ho arbeidde med telemarksbinding i kombinasjon med andre kunstuttrykk. Knutar, samanbindingar, bundne former, tekstar og
teikn lagar ulike biletrom eller landskap der små repetitive element blir til ein heilskap. Repitisjonar og det meditative som ligg i det langsame
handverket spinn trådar attende i tid ved å ta vare på ein gamal teknikk og bruke strofer frå gamle folkeviser og skaper framtidstrådar med teikning, trykk, skrift og ny poesi. Kontrasta mellom kvite trådarbeid og svarte teikningar lagar ei slags spegelvending av uttrykket. Bindingsteknikken er i hovudsak bruka på kvite tekstilar som vart brukte ved dei store høgtidene i livet. Skaut, tørklede og forklede er plagg som vart pryda med telemarksbinding. Desse tekstilane fortel om det reine og uskuldige samstundes er dei ei slags maske som skjuler eller vernar oss.
Dei eldre tekstane som er nytta, er henta frå folkevisene Jomfruga Ingebjørg, Herr Byrting, Liti Kjersti med fleire der tematikken er å verta
innkvervd i elva, skogen og berget. Kristine Søgnen sine tekstar spinn kring tema som treet, greina, lauvet, dammen, elva, blomen, rota, knuten og kledet. Tekstane tek for seg eit landskap der ein vert både innfalda og utfalda og knyter seg slik til dei gamle folkevisene.
Eg veit meg eino ædeli skógi sunna og vesta fer fjór
der vexe så mange dei ædeli tré dei venaste på jordi som grór
(tekst: frå Jomfruga Ingebjørg)
eg har knytt eit kvitt klede kring mitt eige liv
ikkje ei skrukke har det
kven skal løyse den stramme knuten kring livet mitt kven skal leggje
kledet på ein stol eller
kaste det på golvet her eg står
kan eg sjølv løyse det
springe inn mellom bjørkene
(tekst: Kristine Søgnen)
Borghild Telnes har fått lov å bruke sylvarbeid laga av filigransylvsmed og kunsthandverkar Gry Marie Grindbakken som del av installasjonen.
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…
Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og…