Utforsk Telemark

EN

NO

Kulturlandskap og tradisjonshåndverk

TypeUtstilling

Brøløsvegen 4, 3840, Seljord

Legg Kulturlandskap og tradisjonshåndverk til i reiseruten din.

Fra NOK 0,00
Product Image

Om

Seljord Kunstforening inviterar til ein spennande utstilling i Kunstlåven med arbeid frå Kulturlandskapssenteret og Håkon Telnes Fjågesund.

OPNINGSTIDER
Fredag 13. sep: 12:00 - 18:00
Laurdag 14. sep: 12:00 - 18:00
Sundag 15. sep: 12:00 - 15:00

Fredag 20. sep: 10:00 - 15:00
Laurdag 21. sep: 10:00 - 15:00
Sundag 22. sep: 12:00 - 15:00

Gratis inngang

KULTURLANDSKAPSSENTRET
Uti mark og eng! Ei lita utstilling om kulturlandskap.

Bilete og korte forteljingar om landskapet vårt før og no. Utstillinga passar for deg som er ung no, deg som var ung for lenge sidan og alle i mellom. Gjerne besteforeldre i fylgje med barnebarn!

Mykje har endra seg på få generasjonar, noko til det betre, noko til det verre. Kanskje gamal kunnskap kan koma til nytte att? Utstillinga er utarbeidd av Kulturlandskapssenteret med stønad frå Miljødirektoratet.

HÅKON TELNES FJÅGESUND
Kva kan ei dør fortelje?
- Ei utstilling basert på arbeidet med å rekonstruere arbeidsgang og verktøybruk bak 1700-tals dørene frå Kultan i Åmotsdal

Tematikken i denne utstillinga er å syne kva ei dør kan fortelje oss om korleis ho vart snikra, og korleis gjenstandar kan fungere som kjeldemateriale for handverksforsking. Utstillinga er eit resultat av arbeidet med avsluttande bacheloroppgåve i Tradisjonelt Bygghandverk, ved NTNU i Trondheim.

Utstillinga syner eit utval av verktøy som vart produsert for å rekonstruere arbeidsgangen og verktøybruken bak dørene frå Kultan. Eg har freista å hente fram att noko av kunnskapen kring verktøyet og framstillingsprosessane gjennom gransking av originalmateriale og praktiske arbeidsforsøk. Denne tilnærminga har avdekt mykje ny kunnskap og interessante nyansar ved den lokale snikkartradisjonen.

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
GratisGratis

Med forbehold om prisendringer.

Kart

Kontakt

97488513

Også i nærheten

  1. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    554 m Unna
  2. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    1.13 km Unna
  3. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    1.53 km Unna
  1. Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…

    2.00 km Unna
  2. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    2.21 km Unna
  3. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    2.40 km Unna
  4. Kikkeskåp, Gonil Dale

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    7.53 km Unna
  5. Flatdal Kyrkje

    Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…

    8.97 km Unna
  6. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    9.12 km Unna
  7. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    9.32 km Unna
  8. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    9.54 km Unna
  9. Utsiktspunktet i Flatdal

    Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…

    10.06 km Unna
  10. Galleri Nutheim

    Nutheim Galleri
    I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…

    10.61 km Unna
  11. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    11.45 km Unna
  12. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    12.46 km Unna
  13. Bruredynnan

    Bruredynnan uti enden av Seljordsvatnet ved Rondebergsåsane. På desse glatte fjellveggane…

    12.57 km Unna
Previous Next

Sist viste

  1. Sparebankstifinga 10 år

    Type

    Marked/Martna

    VELKOMEN TIL
    JUBILEUMSFEIRING
    Tysdag 14.november kl.18.00
    Kinosalen, Granvin kulturhus
    Gratis…

  2. Vårmarknad 10.-11. mai 2024

    Type

    Marked/Martna

    Vårmarknaden på Dyrskuplassen i Seljord er staden å gå om du vil sjå flotte, amerikanske bilar og…

  3. Musikkbingo: Outlaw Country

    Musikkbingo: Outlaw Country

    Type

    Andre arrangement

    Musikkbingo med "outlaw country", folk, litte rock og bittelitt bluegrass!

    Denna gongen er det…

  4. Geologi og metallurgi ved Åmdals Verk Gruver

    Type

    Museumsarrangement

    I dag er det sesongopning på Åmdals Verk gruver. Museet opnar kl. 11.00, og kl. 17.00 blir det…

  5. Norsk Skieventyr 30 år – med gjesteføredrag av Thor Gotaas

    Type

    Museumsarrangement

    Me markerar Norsk Skieventyrs 30-årsjubileum, og er så heldige å få besøk av sjølvaste Thor Gotaas…

  6. Opning av fotoutstilling i Brårjordet

    Type

    Museumsarrangement

    «Stordomstida» for Åmdal koparverk byrja då engelske mining companies overtok drifta midt på…

Ikke gå glipp av