Skifertekkingskurs for handverkarar
Bygningsvernstenesta inviterer i samarbeid med handverkar Thomas Sandvik Jakobsen til skifertekkingskurs i Kviteseid 12., 13. og 14 mai.
Kurshaldar er Odd Arne Rudi frå Øystre Slidre i Valdres. Odd Arne har lang erfaring med skifertekking, og han har halde mange kurs både i sitt eige område og rundt omkring i landet. Det var skiferbrudd fleire stader i Noreg, også i Vestfold, men i Telemark var det ingen skiferbrudd som leverte takskifer. Her blei skiferen importert mellom anna frå Valdres. Skifertekking på den tradisjonelle måten er ein kunnskap og ein kompetanse som me etter kvart ikkje har mykje att av i fylket. Det er eit behov i Vestfold og Telemark for fleire handverkarar som har slik kunnskap og som både kan reparere og tekke skifertak. Skifertekking er ein svært varig tekkingstype og den høyrer heime på mange tak i vårt fylke.
I samband med kurset vil det bli arrangert ein kveldsvandring i Kviteseidbyen og eit kveldsforedrag med Odd Arne Rudi.
På kurset vil Odd Arne gå igjennom skadeårsakar, utmåling, reparasjonsmåter og nytekking med skifer. I tillegg vil det på kurset og føredraget tas opp tema som:
Verktøy, festemidlar, material og materialkvalitet
Skifertyper og kvalitetar
Undertakstyper
Historikk. Gamle og nye teknikkar
Reparasjonsmetoder og det å skifte delar av tak. Kvifor ikkje byte heile taket?
Snøfangarar
Takrenner og blikk
Kurset er retta mot handverkarar. Det er plass til åtte deltakarar. Kursdeltakarar må sjølv halde seg med ordinært verneutstyr, som hjelm, vernesko, hanskar og briller. Sikkerhet og sikkerhetstiltak blir gjennomgått før oppstart av arbeid på stillas. Odd Arne har med seg skifertekkingsverktøy for sal.
Kurset blir halde på taket til Fru Ruud i Kviteseidgata 29 og er gratis. Deltakarar tar sjølv med seg niste eller avtalar seg imellom om lunsj på ein lokal kafé.
Fredag 12. mai kl. 0800-1600
Lørdag 13. mai kl. 0800-1600
Søndag 14. mai kl. 0900-1400
Påmelding innan 2. mai til Trond Arild Pedersen, Bygningsverntenesta i Telemark.
E-post: tap@vtm.no, mobil 468 86 138.
Andre førespurnader, t.d. om overnatting, rettast til Thomas Sandvik Jakobsen.
E-post: thomas_san_jak@hotmail.com, mobil 986 41 431.
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Bruredynnan uti enden av Seljordsvatnet ved Rondebergsåsane. På desse glatte fjellveggane…
Sist viste
Familie/barn
Den årlege jolemessa til håndarbeidsdamene på Frivilligsentralen. Her er det gåveidear av alle slag…
Kurs
Har du lyst til å fordjupe deg i kunstens verden? 5 dagar med kunst i fokus. Kvar enkelt skal…
Livssyn
Høgmesse i Seljord kyrkje sundag 7. august kl 11,00.
Andre arrangement
Gode foredragshaldarar: Hege Sundet, Hanne Eliassen, Anders Nordstad og Yngve Rekdal snakkar om…
Andre arrangement
Opning av kunstinnstallasjonen «Dei tri gygrin» Danseforestilling «Gygrene i bevegelse» og eit møte…
Andre arrangement
Sogevandringa denne torsdagen går til garden Glosimot.
Ragnar Haugstøl er med som forteljar…